1342_om_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
1342_om
statistikk
2007-11-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2007

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Lønn for tilsette i finanstenester
Emne: Arbeid og lønn

Ansvarleg seksjon

Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Omgrepet lønn i lønnsstatistikken er avgrensa til å omfatte kontante godtgjersler frå arbeidsgivar til arbeidstakar for utført arbeid. Statistikken omfattar derfor ikkje naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjersler og liknande.

Månadslønn

Brutto månadslønn. Omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje inkludert.

Avtalt månadslønn

Omfattar den faste lønna som vert utbetalt ved teljetidspunktet anten den er definert som time-, månads-, 14 dagars- eller vekelønn, og blir ofte kalla regulativlønn eller fast grunnlønn. Kvalifikasjonstillegg/kompetansetillegg og andre faste personlege tillegg er inkludert.

Uregelmessige tillegg

Dette er tillegg som vanlegvis gjeld arbeidsoppgåver knytte til ymse yrke, og blir gitt som eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar til teljetidspunktet. Omfattar mellom anna skiftillegg, turnustillegg, tillegg for ulageleg arbeidstid, søn- og helgedagstillegg og andre tillegg som kjem ujamt.

Bonus

Dette er tillegg i lønn som ikkje er knytt til bestemte arbeidsoppgåver, og der utbetalingane kjem ujamt med omsyn til perioden dei er opptente i eller gjeld for. Omfattar til dømes provisjon, overskotsdeling, produksjonstillegg, gratiale og tantieme, og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden f.o.m. 4. kvartal året før til teljetidspunktet.

Overtidsgodtgjersle

Omfattar summen av kontante godtgjersler for arbeid som er utført utover den avtalte arbeidstida,og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar og til teljetidspunktet.

Årslønn

Årslønna er eit estimat for 12 månadar i kalenderåret og tek utgangspunkt i månadslønn på teljetidspunktet. Årslønna omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, men inkluderer ikkje feriepengetillegg og overtidsgodtgjersle.

Heltid og deltid

Alle ansatte med en avtalt arbeidstid på 33 timer eller mer per uke regnes som heltidsansatte. For ansatte i stat, skoleverk og kommune er heltid definert som alle med dellønnsprosent/stillingsandel på 100 prosent. Deltidsansatte er definert som alle ansatte som har avtalt arbeidstid på mindre enn 33 timer per uke eller en stillingsandel på mindre enn 100.

Avtalt arbeidstid

Avtalt arbeidstid defineres som avtalt arbeidstid per uke, eksklusive spisepauser. Det gjøres ingen fradrag for fravær grunnet ferie, sykdom, permisjon e.l. For arbeidstakere som har en varierende arbeidstid fra uke til uke blir det innrapportert gjennomsnittlig arbeidstid per uke for året eller for siste måned.


Heltidsekvivalenter

I statistikken blir ansatte med en arbeidstid på mindre enn 33 timer per uke eller med stillingsandel på mindre enn 100 prosent definert som deltidsansatte. For å kunne sammenligne lønn mellom hel- og deltidsansatte omregnes lønna til de deltidsansatte til hva den ville vært hvis de jobbet heltid. Dette gjøres ved å benytte forholdet mellom arbeidstiden til hver enkelt deltidsansatt og den gjennomsnittlige arbeidstiden for heltidsansatte i næringen som omregningsfaktor. Månedslønn per heltidsekvivalent for de deltidsansatte kan da slås sammen med månedslønn med de heltidsansatte slik at man kan beregne en gjennomsnittlig månedsfortjeneste for alle ansatte.

Standard klassifikasjonar

Næringsgruppering

Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næring i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN2007) , som er den norske versjonen av EU sin nye standard NACE Rev.2.

Yrkesgruppering  

I lønnsstatistikken bruker ein Standard for yrkesklassifisering (C521) . Yrkeskodene er etablert gjennom heile lønnsstatistikken anten ved direkte innhenting eller ved omkoding frå andre stillings- eller yrkeskodar.

Utdanningsgruppering  

Utdanningsnivå er henta frå registeret for Befolkninga si høgast utdanning. Det vert gruppert etter lengda på utdanninga i samsvar med  Standard for utdanningsgruppering (NOS 676) .

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå

Kor ofte og aktualitet

Frekvens: Årleg per 1. september.

Aktualitet: Statistikken vert frigitt i november.

Internasjonal rapportering

Eurostat og ILO.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådatafiler med lønnsdata som har gått igjennom koplings- og estimeringsprogram vert lagra etter kryptering.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje eit oversyn over lønnsnivået og endringa i lønn for tilsette i finanstenester. Lønnsstatistikk for tilsette i finanstenester vart etablert i dagens form i 1997, men det har blitt laga lønnsstatistikk for tilsette i bank- og forsikringsverksemd årleg frå og med 1975. Frå og med 1997 er Noregs Bank med i statistikken. Frå 1987 er det ikkje utarbeidd særskilt statistikk for livsforsikringsselskap og skadeforsikringsselskap. Frå 2002 er tilsette i bank og tilsette i forsikring slått saman til tilsette i bank- og forsikringsverksemder.

Frå 2009 tar ein i bruk ein ny norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) . Tal for 2008 vert rekna om etter den nye standaren. Tal for tidlegare år vert liggjande i avslutta serier i Statistikkbanken .

Brukarar og bruksområde

Sentrale brukarar er Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera, forskingsinstitusjonar, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, Eurostat og media. Statistikken blir brukt i SSB sin arbeidskraftsrekneskap.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Det ble i 1997 etablert ny årlig lønnsstatistikk for de fleste næringshovedområder. Statistikken skal være enhetlig og sammenlignbar mellom næringshovedområdene. Fra og med 1. kvartal 1998 ble det også etablert en kvartalsvis lønnsindeks .

Lovheimel

Statistikkloven, paragraf 2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Rådsforordning (EF) nr. 530/1999 av 9. mars 1999 om strukturstatistikk for lønn og arbeidskraftskostnadar.

Kommisjonsforordningane (EF) nr. 1738/2005 av 21. oktober 2005

og nr. 698/2006 av 5. mai 2006.

Produksjon

Omfang

Frå frigjevinga i 2009 tar Statistisk sentralbyrå i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN 2007) som samsvarar med EU sin nye standard NACE Rev.2.

Populasjonen omfattar alle føretak i Virksomhets- og føretaksregisteret i næringsområde K i følgje Standard for næringsgruppering . Kvart føretak har ei eller fleire verksemder som er grupperte etter næring. Opplysningane til lønnsstatistikken vert henta inn på personnivå per virksomhet.

Datakjelder og utval

Data blir henta inn via skjema eller via elektroniske media for einingane i utvalet. Det blir innhenta informasjon om blant anna utbetalt lønn, bonus og provisjon, variable tillegg, overtidsgodtgjering, yrke og arbeidstid for kvar av dei tilsette i verksemda. 

Innkomne data vert kopla med informasjon frå Verksemd- og føretaksregisteret og med informasjon frå registeret over Befolkninga si utdanning .

Bank- og forsikringsverksemd omfattar all bank- og forsikringsverksemd inkludert Noregs Bank. For tilsette i anna finansiell tenesteyting byggjer statistikken på opplysningar frå verksemder i kredittverksemd, forvaltning av verdipapir, administrasjon av finansmarknader, fonds- og aksjemekling. Pensjonsfond og pensjonskassar blir ikkje dekka i undersøkinga. 

Statistikken er basert på ei totalteljing av alle aktive føretak i bank- og forsikringsverksemd. I anna finansiell tenesteyting er statistikken basert på utvalstrekking blant alle aktive føretak i Verksemd- og føretaksregisteret som har meir enn 4 sysselsette. Samla sett er om lag 90 prosent av alle føretaka i populasjonen for finanstenester med i bruttoutvalet.

Målsetjinga med utvalstrekking er å få eit utval som er eit representativt grunnlag for statistikken. Utvalstrekking gjer samtidig at ikkje alle føretaka i næringa treng fylla ut skjema og at dei minste føretaka får relativt sett minst arbeid med skjemautfylling.

Datainnsamling, editering og beregninger

Teljetidspunktet for lønnsstatistikken for tilsette i finanstenester er per 1. september kvart år.

Oppgåvegivaren kan levera oppgåva på elektronisk form, gjennom Altinn-skjema RA-0500 . Det kan også rapporta etter Kravspesifikasjon for elektronisk innberetning, kjennemerker og filbeskrivelse for lønnsstatistikken .

Kontroll og revisjon av lønnsstatistikken skjer i fleire steg, der dei fleste kontrollar og korrigering er automatiserte.

Ved mottak av fil (skjema) vert det kontrollert at sentrale variablar er utfylte. Dette gjeld fødselsnummer, yrke, avtalt månadslønn og avtalt arbeidstid per veke. I den vidare prosessen vert variablane nærare kontrollert i prioritert rekkefølgje. Høgast prioritet får variablane ovanfor, deretter følgjer kontroll av mellom anna bonus, provisjon, variable tillegg og overtidsgodtgjering. Kontrollen vert gjort både mot fjorårstalla, og også mot nokre sette absolutte verdiar for til dømes lønnsnivå for yrke.

Talmaterialet som blir samla inn skal representera lønnsnivået i næringa, og materialet frå næringane som blir utvalstrekte må difor blåsast opp (vektast). I næringane som blir totaltalde er det ikkje naudsynt med vekting.

Vektinga i lønnsstatistikken er basert på inverse trekkesannsyn med etterstratifisering på teljetidspunktet med omsyn til næring og sysselsetjing. Målet med vektinga er å gje ei oppblåsing av utvalet som er slik at einingane som er med i utvalet får ei vekt som avspeglar heile næringa.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

 Frå og med publiseringa i 2009 er det brudd i tidsserien på grunn av ny Standard for næringsstandard (SN2007) . Tal for 2008 er rekna tilbake til den nye næringsstandarden.For eldre tal vert det eit brudd i statstikken. Statistikken for heile næringsområdet finanstenester vart første gang produsert for 1997 og kan samanliknast etter den gamle næringsstandarden frå 2008 tilbake til dette året. Oversikt over tidligare års statistikkar fins i Tidligere publisert . Statistikk for bank- og forsikringsverksemd går tilbake til 1975.

Frå 2005 er det brot i tala for utdanning. Tala for lønn etter utdanning er derfor ikkje samanliknbare med tala for 2004 og tidligare. Mer informasjon på emne Befolkninga si utdanning .

Frå og med 2011 er det i BHU inkludert resultater frå spørjeundersøkinga om utdanning fullført i utlandet. Denne spørjeundersøkinga førte til at andelen uoppgitt i BHU vert redusert frå om lag 43 prosent til 20 prosent. Dette får utslag i lønnsstatistikken frå og med 2012. Meir informasjon om spørjeundersøkinga:

Undersøkelse om utdanning i utlandet

Befolkningens utdanningsnivå, etter spørreundersøkelsen om utdanning fullført i utlandet

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil  

Målefeil oppstår i hovudsak ved at oppgåvegivar misforstår kva som skal innrapporterast i kvar enkelt kolonne på skjemaet, eller at opplysningane som det blir spurt etter er særs vanskelege å finna for oppgåvegivaren. Alle variablar som blir samla inn og som anten direkte eller indirekte skal inngå i statistikken blir kontrollerte. Kontrollane er anten logiske eller dei innrapporterte verdiane til variablane blir samanlikna med absolutte grenser for kva som blir sett på som gyldige verdiar. Der det manglar opplysningar blir oppgåva sendt tilbake, oppgåvegivar blir kontakta over telefon eller det blir brukt imputering for å erstatta dei manglande opplysningane. 

Handsamingsfeil  

Innkomne data vert registrert anten gjennom Altinn, ved innlesing av filer som er bygd opp etter den elektroniske kravspesifikasjonen, optisk lesing, eller ved manuell registrering . Innhaldet på filer levert over nett, på diskettar eller CD-ROM vert sjekka med automatiske kontrollar. Opplysningar som er optisk og manuelt registrererte vert kontrollert visuelt ved innlesing til SSB sine serverar.

Einingsfråfall  

I lønnsstatistikken er det generelt eit fråfall på mellom 2,5 og 5 prosent. Hovudårsaka til fråfallet er føretak som ikkje lenger har tilsette som følgje av at føretaket er opphøyrt, selt eller overdratt til ny eigar, har gått konkurs eller er fusjonert i tida mellom trekking av utval og teljetidspunktet. Vidare er det ei lita gruppe som rapporterer så seint at dei ikkje kjem med i statistikken. Fråfall som ikkje er tilfeldig fordelt kan gjera at utvalet vert skeivt. For å justera for eventuelle skeivskapar som måtte oppstå på grunn av fråfallet, vert det difor etterstratifisert etter storleiken (tal tilsette) på føretaka . Bakgrunnen for å velja talet på tilsette som stratifiseringsvariablar, er at det typisk er skilnad i lønnsnivå mellom store og små føretak og mellom føretak i ulike næringar. 

Partielt fråfall  

Der det er fråfall berre for enkelte variablar på ei innlevert fil, kan ein vanlegvis logisk avleia dei manglande verdiane. Det vert eventuelt imputert for manglande opplysningar frå tidlegare årgangar.

Utvalsvarians  

I alle utvalsundersøkingar vil tala som vert presenterte ha feilmarginar. Generelt vert resultata meir usikre jo færre observasjonar dei baserer seg på. Storleiken på denne uvissa er og avhengig av lønnsspreiinga i datamaterialet og av dekningsgraden til ulike kjennemerke i populasjonen. Grupper som er baserte på relativt få observasjonar, vert lett påverka av såkalla ekstremobservasjonar eller observasjonar som avvik sterkt frå gjennomsnittet i gruppa. For slike ekstremobservasjonar vert det nøye vurdert frå tilfelle til tilfelle om det er korrekt å bruka dei i statistikkgrunnlaget.

Registerfeil  

Feil opplysningar om næringskode og/eller sysselsetjingsopplysningar i Verksemd- og føretaksregisteret vil ved utvalstrekkinga kunne resultera i at verksemder vert plasserte i feil næring eller feil trekkestratum. Register over Befolkningens høgaste utdanning kan innehalde feil i kodinga av utdanningsnivå. 

Modellfeil  

Dette er feil som skuldast moglege feil i føresetnadane som ligg bak modellane som vert brukt i lønnsstatistikken.

Revisjon

Ikkje relevant