Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
24,6 milliardar meir i lønn og honorar
Samla utbetalt lønn, honorar med vidare var på 525,4 milliardar kroner i 2000. Dette var ein auke på 24,6 milliardar kroner eller 4,9 prosent samanlikna med 1999. Auken frå 1998 til 1999 var på 30,1 milliardar eller 6,4 prosent.
Til saman 2 603 400 personar tok imot lønn, honorar med vidare. I gjennomsnitt tok desse personane imot 201 800 kroner i lønn og honorar. Dette er i gjennomsnitt 4,1 prosent meir enn det dei 2 584 300 personane tok imot i lønn og honorar året før. Kvinnene tok i gjennomsnitt imot 160 700 kroner medan mennene i gjennomsnitt tok imot 239 500 kroner. Dette svarar til ein auke frå året før på 4,8 og 3,9 prosent. Nesten 14 000 fleire kvinner tok imot lønn og honorar i 2000 enn året før. Til samanlikning var det vel 5 000 fleire menn som tok imot lønn og honorar. I Oslo/Akershus-området var det heile 9 000 fleire personar som tok imot lønn, honorar med vidare i 2000 enn året før, medan det i Nord-Noreg knapt er nokon skilnad.
Svak nedgang i personar som tok imot dagpengar
182 600 personar tok imot dagpengar i 2000, mot 184 100 personar i 1999. I to regionar auka talet på personar som tok imot dagpengar: I Agder/Rogaland auka talet med vel 17 prosent medan det var 4 prosent fleire som tok imot dagpengar på Vestlandet. Austlandet utanom Oslo/Akershus hadde den største reduksjonen med knapt 7 prosent. Totale utbetalingar av dagpengar var på vel 6,1 milliardar kroner i 2000, noko som var ein auke på dryge 13 prosent frå 1999. Det var ein auke på i overkant av 14 prosent i gjennomsnittleg utbetaling per person blant dei som tok imot dagpengar.
Auke i utbetalingane av pensjonar og liknande
Det blei totalt utbetalt 140,6 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 2000, ein auke på 6,7 prosent frå 1999. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 417 798 som tok imot pensjonar og liknande, ein auke på 22 800 personar frå 1999.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på Skattedirektoratet sitt Lønns- og trekkoppgåveregister og omfattar til saman 3 211 542 personar. I denne utgåva av statistikken er det ikkje med tabellar som syner lønnssum etter institusjonell sektor og næringsområder.
Talet på personar med lønn, honorar med vidare og dagpengar. Samla beløp i millionar kroner. Prosentvis endring |
Talet på personar | Sum beløp i millionar kroner | Gjennomsnittleg beløp i kroner | Gjennomsnittleg endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1999 | 2000 | 1999 | 2000 | 1999 | 2000 | 1999-2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Lønn, honorar med vidare | 2 584 258 | 2 603 408 | 500 796 | 525 363 | 193 787 | 201 798 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Dagpengar | 184 073 | 182 642 | 5 394 | 6 114 | 29 303 | 33 477 | 14,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
62 88 51 72
Tabeller:
- Tabell 1 Talet på personar, sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp. Heile landet. 1999 og 2000
- Tabell 2 Lønn, honorar med vidare, etter kjønn og beløpsintervall. Heile landet. 1999 og 2000
- Tabell 3 Lønn, honorar med vidare, etter alder og kjønn . Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp. Heile landet. 1999 og 2000
- Tabell 4 Dagpengar ved arbeidsløyse, etter kjønn og beløpsintervall. Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp. Heile landet. 1999 og 2000
- Tabell 5 Dagpengar ved arbeidsløyse, etter alder. Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp. Heile landet. 1997 og 1998
- Tabell 6 Lønn, honorar med vidare og dagpengar ved arbeidsløyse, etter region. Talet på personar, sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp. 1999-2000
Statistikken publiseres nå sammen med Skatt for personer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42