Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
6,1 prosent meir i lønn og honorar
Samla utbetalingar av lønn og honorar utgjorde 557 milliardar kroner i 2001, dette var 32 milliardar kroner eller 6,1 prosent meir enn året før. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 1999 til 2000 på 24,6 milliardar kroner, eller 4,9 prosent.
Det var i underkant av 2 618 000 personar som mottok lønn og honorar i 2001, ein auke på 14 200 personar samanlikna med 2000. Dei fleste som mottok lønn og honorar var tilsette i industri og varehandel. I industrien auka samla utbetalingar av lønn og honorar med 2,9 milliardar kroner eller 3,5 prosent frå 2000, mens den tilsvarande auken i varehandel var på 3,4 milliardar eller 4,9 prosent.
Gjennomsnittleg lønn og honorar
Gjennomsnittlege utbetalingar av lønn og honorar for alle som mottok slike utbetalingar utgjorde 213 000 kroner i 2001. Dette var ein auke på 11 000 kroner eller 5,5 prosent frå 2000. For menn auka gjennomsnittlege utbetalingar med 14 000 kroner eller 5,5 prosent, frå 239 000 kroner i 2000 til 253 000 kroner i 2001. Til samanlikning utgjorde gjennomsnittlege utbetalingar for kvinner 161 000 kroner i 2000 og 170 000 kroner i 2001, ein auke på 9 000 kroner eller 5,7 prosent.
Gjennomsnittlege utbetalingar av lønn og honorar for leiarar i aksjeselskap og allmenne børsnoterte selskap syner store forskjellar etter storleiken på selskapa. For leiarar i selskap med 25-49 lønnsforhold var auken i gjennomsnittleg beløp på 5,8 prosent frå 2000 til 2001, og i selskap med 50-99 lønnsforhold var den tilsvarande auken på 4,3 prosent. Til samanlikning var auken i selskap med 100-249 lønnsforhold på 11,3 prosent og i selskap med 250 eller fleire lønnsforhold var auken på 14,2 prosent frå 2000 til 2001.
Leiar er definert som den personen i det enkelte selskap med høgast lønnsutbetaling av lønn og honorar to år etter kvarandre. Talet på lønnsforhold fortel kor mange personer som har fått lønns- og trekkoppgåve frå same selskap gjeldande år. Dette talet vil ofte være høgre enn talet på tilsette i selskapet.
12,4 milliardar i sjuke- og fødselspengar
Samla utbetalingar av sjuke- og fødselspengar var på 12,4 milliardar kroner. Dette var om lag 748 millionar kroner eller 6,4 prosent meir enn i 2000. Til samanlikning var auken i slike utbetalingar frå 1999 til 2000 på 1,2 milliardar kroner eller 11,4 prosent.
Vel 316 900 personar mottok sjuke- eller fødselspengar, det var 11 300 fleire personar enn i 2000. Dette omfattar berre utbetalingar frå trygdeetaten og ikkje sjukepengar til tilsette i staten, sjukepengar dekte av arbeidsgjevar eller sjukepengar utbetalte til sjølvstendig næringsdrivande. Utbetaling av sjukepengar til tilsette i staten og sjukepengar dekte av arbeidsgjevar inngår i lønn og honorar.
Litt færre fekk dagpengar
Utbetalingar av dagpengar auka frå 6,1 milliardar kroner i 2000 til 6,6 milliardar i 2001, eller med 7,5 prosent. Talet på personar som fekk utbetalt dagpengar, har gått ned frå 182 600 i 2000 til 181 900 i 2001. Gjennomsnittlege utbetalingar per mottakar har auka frå 33 500 kroner i 2000 til 36 100 kroner i 2001.
150 milliardar i pensjonar og liknande
Det blei totalt utbetalt 150 milliardar kroner i pensjonar og liknande i 2001, ein auke på 6,7 prosent frå 2000. Beløpet omfattar utbetalingar frå folketrygda, som til dømes alders- og uførepensjon, og ulike utbetalingar av pensjonar utanom folketrygda. Totalt var det vel 1 433 900 personar som tok imot pensjonar og liknande, eller 16 100 fleire enn i 2000.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på tal frå Lønns- og trekkoppgåveregisteret i Skattedirektoratet for inntektsåret 2001. Dette omfattar alle verksemder som har plikt til å rapportere lønn og trekkpliktige ytingar.
Tabeller:
- Tabell 1 Talet på personar, sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp. Heile landet. 2000 og 2001
- Tabell 2 Lønn, honorar med meir, etter institusjonell sektor. 2000 og 2001. Samla beløp i millionar kroner. Endring i prosent
- Tabell 3 Grunnlag for arbeidsgjeveravgift, etter institusjonell sektor. 2000 og 2001. Samla beløp i millionar kroner. Endring i prosent
- Tabell 4 Lønn, honorar med meir etter næringshovudområde. 2000 og 2001. Samla beløp i millionar kroner. Endring i prosent
- Tabell 5 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter næringshovudområde. 2000 og 2001. Samla beløp i millionar kroner. Endring i prosent
- Tabell 6 Lønn, honorar med meir, etter kjønn og beløpsintervall. Heile landet. 2000 og 2001. Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp
- Tabell 7 Lønn, honorar med meir, etter kjønn og alder. Heile landet. 2000 og 2001. Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp
- Tabell 8 Dagpengar ved arbeidsløyse, etter alder. Heile landet. 2000 og 2001. Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp
- Tabell 9 Lønn, honorar med meir og dagpengar ved arbeidsløyse, etter region. 2000-2001. Sum og gjennomsnittleg innrapportert beløp
- Tabell 10 Talet på personar, sum arbeidsgjevaravgiftsgrunnlag, grunnlag for 'kakseskatt' og 'kakseskatt' for personar med 'kakseskatt'. 1993-2001. Mill. kr
- Tabell 11 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter arbeidsgjevaravgiftssone og fylke. 2000. Mill. kroner
- Tabell 12 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter arbeidsgjevaravgiftssone og fylke. 2001. Mill. kroner
- Tabell 13 Lønnsutviklinga for leiarar i aksjeselskap og allmenne børsnoterte selskap. 1995 - 2001. Føretak med 25 lønnsforhold og over. Identiske leiarar
- Tabell 14 Lønnsutviklinga, inkludert føredel ved aksjekjøp til underkurs for leiarar i aksjeselskap og allmenne børsnoterte selskap. 1996-2001. Føretak med 25 lønnsforhold og over. Identiske leiarar
- Tabell 15 Gjennomsnittleg lønn, etter kvartil blant leiarar i føretak med 250 lønnsforhold og over. 2000 og 2001
- Tabell 16 Lønnsutviklinga for leiarar i aksjeselskap og allmenne børsnoterte selskap. 2000-2001. Føretak med 25 lønnsforhold og over. Identiske menn og kvinner
Statistikken publiseres nå sammen med Skatt for personer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42