Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
5,2 prosent meir i kontantlønn
Samla utbetalingar av kontantlønn for heile landet var på 595 milliardar kroner i 2002, ein auke på 29 milliardar kroner eller 5,2 prosent samanlikna med året før. Utbetaling av dagpengar auka med 24 prosent i same periode.
Kontantlønn er definert som alle kontante ytingar ein person mottek i arbeidsforhold. Det var i overkant av 2 653 000 personar som mottok kontantlønn i 2002 eller 10 000 fleire enn året før. Gjennomsnittleg kontantlønn utgjorde 224 000 kroner eller 4,8 prosent meir enn året før.
Naturalytinga fri bil auka med 13,7 prosent
Naturalytingar omfattar ytingar som fri bil, fri telefon, skattepliktig del av forsikringar, rentevinning ved rimelege lån, trekkpliktig bilgodtgjersle og trekkpliktig godtgjersle til reise, kost og losji med vidare.
Av naturalytingane utgjorde fri bil størst skattepliktig beløp med til saman vel 4 milliardar kroner, eller 13,7 prosent meir enn tilsvarande beløp året før. Skattepliktig del av ulykkes- og yrkesskadeforsikring utgjorde vel 2,8 milliardar kroner, ein auke på 0,4 milliardar kroner meir enn året før. Rentevinning ved rimelege lån utgjorde vel 150 millionar kroner, ein svak auke frå året før. I 2002 hadde 38 000 personar slike rimelege lån, dette var heile 14 000 færre enn året før.
Utbetaling av dagpengar auka med 24 prosent
Samla utbetalingar av dagpengar auka frå 6,6 milliardar kroner i 2001 til 8,2 milliardar i 2002, eller med 24 prosent. Talet på personar som fekk utbetalt dagpengar har auka med nesten 13 000 personar, frå 181 900 i 2001 til 194 500 i 2002. Auken i tal på personar som mottok dagpengar var størst i Akershus og Oslo. For personar busette i Oslo og Akershus auka slike utbetalingar med heile 55 prosent samanlikna med 2001. For personar busette i Nord-Trøndelag blei samla utbetalingar av dagpengar reduserte med nesten 5 prosent.
Auke i grunnlag for arbeidsgjevaravgift
Grunnlag for utrekning av arbeidsgjevaravgift omfattar ytingar som lønn, honorar, fri bil og opsjonsytingar. Dette grunnlaget utgjorde til saman 605 milliardar kroner, ein auke på 31 milliardar eller 5,3 prosent samanlikna med året før. Frå og med 1. juli 2002 blei arbeidsgjevaravgifta redusert for arbeidstakarar som er 62 år og eldre. Samla grunnlag for arbeidstakarar i denne aldersgruppa var 22,5 milliardar kroner, eller 3,9 prosent av samla grunnlag i 2002.
Forskjell på auke i leiarlønn
Gjennomsnittlege utbetalingar av lønn og honorar for leiarar i aksjeselskap og allmenne børsnoterte selskap synte store forskjellar etter storleiken på selskapa. For leiarar i selskap med 25-49 lønnsforhold var auken i gjennomsnittleg beløp på 4,8 prosent frå 2001 til 2002, og i selskap med 50-99 lønnsforhold var den tilsvarande auken på 4,9 prosent. Til samanlikning var auken i selskap med 100-249 lønnsforhold på 4,4 prosent og i selskap med 250 eller fleire lønnsforhold heile 8,2 prosent i same periode.
Leiar er definert som den personen i det enkelte selskap med høgast lønnsutbetaling to år etter kvarandre. Talet på lønnsforhold er summen av lønnsoppgåver frå same selskap, noko som ikkje er likt talet på tilsette i selskapet.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på tal frå Lønns- og trekkoppgåveregisteret i Skattedirektoratet for inntektsåret 2002, og omfattar alle personar som mottok lønns- og trekkoppgåve for dette året.
Tabeller:
- Tabell 1 Talet på personar, sum og gjennomsnittleg beløp for utvalde hovudpostar. Heile landet. 2001 og 2002
- Tabell 2 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter institusjonell sektor. 2001 og 2002. Sum beløp. Millionar kroner. Endring i prosent
- Tabell 3 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter næringshovudområder. 2001 og 2002. Sum beløp. Millionar kroner. Endring i prosent
- Tabell 4 Naturalytingar. Talet på personar og sum beløp. 2001 og 2002. Millionar kroner
- Tabell 5 Kontantlønn, etter kjønn og aldersgruppar. 2001 og 2002. Sum og gjennomsnittleg beløp
- Tabell 6 Dagpengar ved arbeidsløyse, etter aldersgruppar. 2001 og 2002. Sum og gjennomsnittleg beløp
- Tabell 7 Dagpengar ved arbeidsløyse, etter fylke. 2001 og 2002. Sum og gjennomsnittleg beløp
- Tabell 8 Personar med tillegg i arbeidsgjevaravgift ('kakseskatt'). 1993-2002. Millionar kroner
- Tabell 9 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter arbeidsgjevaravgiftssone og fylke. 2002. Millionar kroner
- Tabell 10 Grunnlag for arbeidsgjevaravgift, etter arbeidsgjevaravgiftssone og fylke. 62 år og over. 2002. Millionar kroner
- Tabell 11 Gjennomsnittleg lønn for leiarar i aksjeselskap. Selskap med 25 lønnsforhold og over. Identiske menn og kvinner. 2001 og 2002
- Tabell 12 Gjennomsnitleg lønn, etter kvartil for leiarar i aksjeselskap. Selskap med 25 lønnsforhold og over. Identiske menn og kvinner. 2001 og 2002
Statistikken publiseres nå sammen med Skatt for personer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42