Innhald
Publisert:
Månadslønna opp 1 100 kroner
Heiltidstilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtid på 39 000 kroner per 1. oktober 2014. Dette var ein auke på 1 100 kroner, tilsvarande 1,6 prosent, frå oktober 2013.
Månadslønn | Avtalt månadslønn | |||
---|---|---|---|---|
2014 | 2013 - 2014 | 2014 | 2013 - 2014 | |
Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd i alt | 39 000 | 1,6 | 37 800 | 3,0 |
Av dette | ||||
Leiaryrke | 58 700 | 1,6 | 57 100 | 3,4 |
Akademiske yrke | 49 100 | 1,9 | 48 400 | 3,0 |
Høgskuleyrke | 42 900 | -1,4 | 42 100 | 0,7 |
Kontoryrke | 34 800 | 0,9 | 33 900 | 1,2 |
Handverkarar | 36 100 | 3,4 | 33 900 | 5,0 |
Operatørar,sjåførar mv. | 34 200 | 0,9 | 32 900 | 2,2 |
Yrke utan krav til utdanning | 32 200 | 1,9 | 31 300 | 2,6 |
Talet på tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk
Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i både offentleg og privat sektor i næringshovudområdet vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd med til samen 9 658 heiltidtilsette og 1 704 deltidstilsette. Ifølge Verksemd- og føretaksregisteret utgjorde vektegrunnlaget til lønnsstatistikken for vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd 11 400 tilsette per oktober 2014.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke på lønnsendringane i statistikken.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42