Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd
Emne: Arbeid og lønn
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Omgrepet lønn i lønnsstatistikken er avgrensa til å omfatte kontante godtgjersler frå arbeidsgivar til arbeidstakar for utført arbeid. Statistikken omfattar derfor ikkje naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjersler og liknande.
Månadslønn
Brutto månadslønn. Omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje inkludert.
Avtalt månadslønn
Omfattar den faste lønna som vert utbetalt ved teljetidspunktet anten den er definert som time-, månads-, 14 dagars- eller vekelønn, og blir ofte kalla regulativlønn eller fast grunnlønn. Kvalifikasjonstillegg/kompetansetillegg og andre faste personlege tillegg er inkludert.
Uregelmessige tillegg
Dette er tillegg som vanlegvis gjeld arbeidsoppgåver knytte til ymse yrke, og blir gitt som eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar til teljetidspunktet. Omfattar mellom anna skiftillegg, turnustillegg, tillegg for ulageleg arbeidstid, søn- og helgedagstillegg og andre tillegg som kjem ujamt.
Bonus
Dette er tillegg i lønn som ikkje er knytt til bestemte arbeidsoppgåver, og der utbetalingane kjem ujamt med omsyn til perioden dei er opptente i eller gjeld for. Omfattar til dømes provisjon, overskotsdeling, produksjonstillegg, gratiale og tantieme, og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden f.o.m. 4. kvartal året før til teljetidspunktet.
Overtidsgodtgjersle
Omfattar summen av kontante godtgjersler for arbeid som er utført utover den avtalte arbeidstida,og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar og til teljetidspunktet.
Årslønn
Årslønna er eit estimat for 12 månadar i kalenderåret og tek utgangspunkt i månadslønn på teljetidspunktet. Årslønna omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, men inkluderer ikkje feriepengetillegg og overtidsgodtgjersle.
Heltid og deltid
Alle ansatte med en avtalt arbeidstid på 33 timer eller mer per uke regnes som heltidsansatte. For ansatte i stat, skoleverk og kommune er heltid definert som alle med dellønnsprosent/stillingsandel på 100 prosent. Deltidsansatte er definert som alle ansatte som har avtalt arbeidstid på mindre enn 33 timer per uke eller en stillingsandel på mindre enn 100.
Avtalt arbeidstid
Avtalt arbeidstid defineres som avtalt arbeidstid per uke, eksklusive spisepauser. Det gjøres ingen fradrag for fravær grunnet ferie, sykdom, permisjon e.l. For arbeidstakere som har en varierende arbeidstid fra uke til uke blir det innrapportert gjennomsnittlig arbeidstid per uke for året eller for siste måned.
Heltidsekvivalenter
I statistikken blir ansatte med en arbeidstid på mindre enn 33 timer per uke eller med stillingsandel på mindre enn 100 prosent definert som deltidsansatte. For å kunne sammenligne lønn mellom hel- og deltidsansatte omregnes lønna til de deltidsansatte til hva den ville vært hvis de jobbet heltid. Dette gjøres ved å benytte forholdet mellom arbeidstiden til hver enkelt deltidsansatt og den gjennomsnittlige arbeidstiden for heltidsansatte i næringen som omregningsfaktor. Månedslønn per heltidsekvivalent for de deltidsansatte kan da slås sammen med månedslønn med de heltidsansatte slik at man kan beregne en gjennomsnittlig månedsfortjeneste for alle ansatte.
-
Standard klassifikasjonar
-
Næringsgruppering
Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næring i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN 2007)
Yrkesgruppering
I lønnsstatistikken bruker ein Standard for yrkesklassifisering (C521) . Yrkeskodene er etablert gjennom heile lønnsstatistikken anten ved direkte innhenting eller ved omkoding frå andre stillings- eller yrkeskodar.
Utdanningsgruppering
Utdanningsnivå er henta frå registeret for Befolkninga si høgast utdanning. Det vert gruppert etter lengda på utdanninga i samsvar med Standard for utdanningsgruppering (NOS 676) .
Administrative opplysingar
-
Regionalt nivå
-
Nasjonalt nivå
-
Kor ofte og aktualitet
-
Frekvens: Årleg per 1. oktober.
Aktualitet: Statistikken vert frigitt i mars påfølgjande år.
-
Internasjonal rapportering
-
Eurostat, OECD og ILO.
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Rådatafiler med lønnsdata som har gått igjennom koplings- og estimeringsprogram vert lagra.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Målet med statistikken er å gje eit oversyn over lønnsnivået og endringa i lønn for tilsette i vatn, avlaup of renovasjon. Statistikken vart etablert i dagens form i 2009.
-
Brukarar og bruksområde
-
Sentrale brukarar er Teknisk berekningsutval for inntektsoppgjera, forskingsinstitusjonar, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, Eurostat, samt i nasjonalrekneskapen.
-
Samanheng med annan statistikk
-
Det ble i 1997 etablert ny årlig lønnsstatistikk for de fleste næringshovedområder. Statistikken skal være enhetlig og sammenlignbar mellom næringshovedområdene. Fra og med 1. kvartal 1998 ble det også etablert en kvartalsvis lønnsindeks .
-
Lovheimel
Produksjon
-
Omfang
-
Frå frigjevinga i 2009 tar Statistisk sentralbyrå i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN 2007) som samsvarar med EU sin nye standard NACE Rev.2.
Populasjonen omfattar alle føretak i Virksomhets- og føretaksregisteret i næringsområde E i følgje Standard for næringsgruppering . Kvart føretak har ei eller fleire verksemder som er grupperte etter næring. Opplysningane til lønnsstatistikken vert henta inn på personnivå per virksomhet.
-
Datakjelder og utval
-
Data vert henta inn på elektronisk form eller via skjema direkte frå føretaka. Medlemsføretak i KS vert henta frå Personal Administrativt Informasjonssystem (PAI). Det vert innhenta informasjon om avtalt månadslønn, bonus, variable tillegg, overtidsgodtgjering, yrke og arbeidstid for kvar av dei tilsette i føretaka.
Innkomne data vert kopla med informasjon frå Verksemd- og føretaksregisteret og med informasjon frå registeret over Befolkninga si utdanning .
Utvalet vert trekt frå Bedrifts- og føretaksregisteret, og utgjer ein totalteljingsdel og ein utvalsdel. I delen med totalteljing vert alle føretak med sysselsetting over ei viss grense telt. Utvalsdelen er eit stratifisert utval av små og mellomstore føretak. Det vert vidare tatt omsyn til behov partane i lønnsoppgjeret har til statistikkgrunnlaget. Medlemmer i KS vert totaltelt.
Målsettinga med utvalstrekking er først og fremst å finne utval som sikrar et representativt grunnlag for statistikken, samtidig som ein slepp å belaste alle føretaka i næringen med skjemautfylling. Ei anna målsetting er å sikre at føretak med få tilsette vert minst belasta med oppgåveplikt.
-
Datainnsamling, editering og beregninger
-
Teljingstidspunktet for lønnsstatistikken i kraftforsyning er 1. oktober kvart år, med unntak for medlemmer i KS, som vert telt 1. desember.
Oppgåvegivaren kan levera oppgåva på elektronisk form, gjennom Altinn-skjema RA-0500 . Det kan også rapporta etter Kravspesifikasjon for elektronisk innberetning, kjennemerker og filbeskrivelse for lønnsstatistikken .
Kontroll og revisjon av lønnsstatistikken skjer i fleire steg, der dei fleste kontrollar og korrigering er automatiserte.
Ved mottak av fil (skjema) vert det kontrollert at sentrale variablar er utfylte. Dette gjeld fødselsnummer, yrke, avtalt månadslønn og avtalt arbeidstid per veke. I den vidare prosessen vert variablane nærare kontrollert i prioritert rekkefølgje. Høgast prioritet får variablane ovanfor, deretter følgjer kontroll av mellom anna bonus, provisjon, variable tillegg og overtidsgodtgjering. Kontrollen vert gjort både mot fjorårstalla, og også mot nokre sette absolutte verdiar for til dømes for lønnsnivå for yrke.
Talmaterialet som vert samla inn skal representere lønnsnivået i næringa, og utvalet må difor blåsast opp (vektast).
Vektinga i lønnsstatistikken er basert på inverse trekkesannsyn med etterstratifisering på teljetidspunktet med omsyn til sysselsetjing. Målet med vektinga er å gje ei oppblåsing av utvalet som er slik at einingane som er med i utvalet får ei vekt som avspeglar heile næringa.
-
Konfidensialitet
-
Det er ikkje mogleg å identifisera bedriftssensitiv informasjon eller enkeltpersonar ut i frå statistikken.
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Statistikken for heile næringsområdet vatn, avlaup og renovasjon vart første gang produsert for 2009.
Frå og med 2011 er det i BHU inkludert resultater frå spørjeundersøkinga om utdanning fullført i utlandet. Denne spørjeundersøkinga førte til at andelen uoppgitt i BHU vert redusert frå om lag 43 prosent til 20 prosent. Dette får utslag i lønnsstatistikken frå og med 2012. Meir informasjon om spørjeundersøkinga:
Undersøkelse om utdanning i utlandet
Befolkningens utdanningsnivå, etter spørreundersøkelsen om utdanning fullført i utlandet
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Feilkjelder og uvisse
-
Målefeil
Målefeil oppstår i hovudsak ved at oppgåvegivar misforstår kva som skal innrapporterast i kvar enkelt kolonne, eller at opplysningane som det vert spurt etter er særs vanskelege å finna for oppgåvegivaren. Alle variablar som vert samla inn og som anten direkte eller indirekte skal inngå i statistikken vert kontrollerte. Kontrollane er anten logiske eller dei innrapporterte verdiane til variablane vert samanlikna med absolutte grenser for kva som vert sett på som gyldige verdiar. Der det manglar opplysningar vert oppgåva sendt tilbake, oppgåvegivar vert kontakta over telefon eller det vert brukt imputering for å erstatta dei manglande opplysningane.
Handsamingsfeil
Innkomne data vert registrert anten gjennom Altinn, ved innlesing av filer som er bygd opp etter den elektroniske kravspesifikasjonen, optisk lesing, eller ved manuell registrering . Innhaldet på filer levert over nett, på diskettar eller CD-ROM vert sjekka med automatiske kontrollar. Opplysningar som er optisk og manuelt registrererte vert kontrollert visuelt ved innlesing til SSB sine serverar.
Einingsfråfall
I lønnsstatistikken er det generelt eit fråfall på mellom 2,5 og 5 prosent. Hovudårsaka til fråfallet er føretak som ikkje lenger har tilsette som følgje av at føretaket er opphøyrt, selt eller overdratt til ny eigar, har gått konkurs eller er fusjonert i tida mellom trekking av utval og teljetidspunktet. Vidare er det ei lita gruppe som rapporterer så seint at dei ikkje kjem med i statistikken. Fråfall som ikkje er tilfeldig fordelt kan gjera at utvalet vert skeivt. For å justera for eventuelle skeivskapar som måtte oppstå på grunn av fråfallet, vert det difor etterstratifisert etter storleiken (tal tilsette) på føretaka . Bakgrunnen for å velja talet på tilsette som stratifiseringsvariablar, er at det typisk er skilnad i lønnsnivå mellom store og små føretak.
Partielt fråfall
Der det er fråfall berre for enkelte variablar på ei innlevert fil, kan ein vanlegvis logisk avleia dei manglande verdiane. Det vert eventuelt og imputert for manglande opplysningar frå tidlegare årgangar.
Utvalsvarians
I alle utvalsundersøkingar vil tala som vert presenterte ha feilmarginar. Generelt vert resultata meir usikre jo færre observasjonar dei baserer seg på. Storleiken på denne uvissa er og avhengig av lønnsspreiinga i datamaterialet og av dekningsgraden til ulike kjennemerke i populasjonen. Grupper som er baserte på relativt få observasjonar, vert lett påverka av såkalla ekstremobservasjonar eller observasjonar som avvik sterkt frå gjennomsnittet i gruppa. For slike ekstremobservasjonar vert det nøye vurdert frå tilfelle til tilfelle om det er korrekt å bruka dei i statistikkgrunnlaget.
Registerfeil
Feil opplysningar om næringskode og/eller sysselsetjingsopplysningar i Bedrifts- og føretaksregisteret vil ved utvalstrekkinga kunne resultera i at bedrifter vert plasserte i feil næring eller feil trekkestratum.
Modellfeil
Dette er feil som skuldast moglege feil i føresetnadane som ligg bak modellane som vert brukt i lønnsstatistikken.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke på lønnsendringane i statistikken.