Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Høgare gjeld til stabilt høgare marknadsverdi
I 2013 voks gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, med vel 8 prosent. I løpet av dei fem siste åra er verdien av gjelda nesten dobla. Etter fleire år med låge marknadsverdiar har marknadsverdiane vore om lag 2 prosent høgare enn dei pålydande verdiane dei siste to åra.
Emisjonar | Obligasjonsgjeld i pålydande verdi | Obligasjonsgjeld i marknadsverdi | |
---|---|---|---|
1Kilde: Verdipapirsentralen | |||
2013 | 407 424 | 1 637 902 | 1 665 173 |
2012 | 371 737 | 1 514 609 | 1 541 616 |
2011 | 294 671 | 1 357 220 | 1 365 429 |
2010 | 261 973 | 1 290 110 | 1 283 251 |
2009 | 492 186 | 1 220 447 | 1 211 973 |
2008 | 286 037 | 933 816 | 883 242 |
2007 | 225 691 | 775 403 | 779 124 |
2006 | 253 450 | 732 784 | 746 813 |
2005 | 151 880 | 594 369 | 624 208 |
2004 | 126 901 | 535 230 | 566 076 |
2003 | 124 407 | 520 294 | 544 583 |
I Noreg blei det emittert obligasjonar for i alt 407 milliardar kroner i 2013. Dette er ein vekst i emisjonsvolumet på 10 prosent samanlikna med 2012. I den same perioden blei det registrert innfriingar av obligasjonslån for totalt 290 milliardar kroner.
Kredittføretak låner framleis meir enn andre
Fordelinga av låneopptak har vore nokså stabil dei siste åra. Kredittføretaka tok som tidlegare opp mest obligasjonslån i Noreg, med eit lånebeløp på 85,2 milliardar kroner i 2013. Bankane tok opp det nest største lånebeløpet, 83,7 milliardar kroner. Det tredje største lånebeløpet, 81,0 milliardar kroner, blei tatt opp av stats- og trygdeforvaltninga. Som tidlegare tok óg utlendingar opp ein betydeleg del obligasjonslån i Noreg, 53,9 milliardar kroner.
Framleis vekst i obligasjonsgjeld som er sikra på ulike måtar
Ved utgangen av 2013 var samla pålydande verdi av den innanlandske obligasjonsgjelda på 1 637,9 milliardar kroner. Dette er vel 8 prosent meir enn ved utgangen av 2012.
Det er stor variasjon når det gjeld sikkerheit i gjelda frå obligasjonane som er emitterte i Noreg. 40 prosent av gjelda er ikkje sikra. 19 prosent av gjelda har ein garanti frå offentleg forvaltning - i hovudsak staten - mens 31 prosent av gjelda er obligasjonar med førerett. 2 prosent av gjelda er ansvarleg lånekapital. Resten av gjelda er sikra på ein annan måte.
Fleire utlendingar tar opp obligasjonslån i Noreg
Ved utgangen av 2013 hadde andre finansielle føretak og bankane stått for den største delen av obligasjonsgjelda, med høvesvis 32 og 19 prosent. Den samla delen deira av gjelda økte litt frå utgangen av 2012. Statsforvaltninga hadde den tredje største delen av obligasjonsgjelda ved utgangen av 2013, 18 prosent. Den delen av den innalandske obligasjonsgjelda som er tatt opp av utlandinger, har auka og var på meir enn 14 prosent ved utgangen av 2013, mot 12 prosent eit år tidlegare.
Stabilt høgare marknadsverdiar dei siste åra
Mens marknadsverdiane på obligasjonar som er emitterte i Noreg, i dei fleste høva var mindre enn dei pålydande verdiane i perioden 2008-2010, har det vore omvend sidan 2011. Marknadsverdien av samla innanlandsk obligasjonsgjeld var i snitt 102 prosent av pålydande verdi både i 2012 og 2013. Denne verdien gjeld både børsnoterte og ikkje børsnoterte obligasjonar som kan vere ulikt prisa. I 2013 var verdien for børsnoterte obligasjonar 102,7 prosent av pålydande verdi, mens verdien av ikkje børsnoterte obligasjonar utgjorde 98,4 prosent av pålydande verdi.
Marknadsverdiane låg gjennomgåande noko under dei pålydande verdiane på obligasjonar som har vore emitterte av private føretak, kredittføretak og investeringsselskap og aktive eigarfond / PE-fond, mens dei var høgare ein dei pålydande verdiane for andre obligasjonar.
Tabell: Obligasjonslån utstedt i Norge per 31. desember 2013. Sortert etter ISIN (xls-fil)
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42