19789_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
19789
Sterk auke i utferding av obligasjonar
statistikk
2006-08-17T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2006

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk auke i utferding av obligasjonar

I 2. kvartal 2006 vart det ferda ut obligasjonar innanlands for 66,2 milliardar kroner, dette er ein auke på 22,7 milliardar kroner eller 52,2 prosent samanlikna med 2. kvartal 2005. I same kvartal vart det ferda ut sertifikat innanlands for 53,7 milliardar kroner, medan det vart ferda ut obligasjonar og sertifikat i utlandet for 204,9 milliardar kroner i 2. kvartal 2006.