Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterk auke i utferding av obligasjonar
I 2. halvår har det vore ein moderat auke i opptak av verdipapirlån. Dette kjem av ein sterk auke i utferding av obligasjonar i Noreg, men norske føretak tek opp fleire og større verdipapirlån utanlands enn innanlands.
Frå og med 2007 blir statistikken "Obligasjonar og sertifikat" kunngjort etter eit nytt oppsett med månadlege oversikter. Den årlege statistikken for obligasjonslån blir som tidlegare, men med opplysningar om talet på emisjonar og beløp kvart halvår i tillegg, som følgje av at statistikken har blitt samordna med Noregs Bank sin statistikk for verdipapirlån: ”Verdipapir, emisjonsstatistikk for obligasjonar og sertifikat”. Samstundes vil ikkje lenger Noregs Bank kunngjera sin statistikk for verdipapirlån. Data har blitt kvalitetskontrollerte, og datagrunnlaget har blitt endra. Les meir i "Om statistikken". |
I desember 2006 vart det registrert 99 utferdingar av obligasjonar og 79 utferdingar av sertifikat innanlands for høvesvis 31,1 milliardar kroner og 22,2 milliardar kroner. I den same månaden vart det registrert 198 utferdingar av verdipapirlån i utlandet for til saman 46,3 milliardar kroner.
I 2. halvår 2006 vart det samla registrert 834 opptak og utvidingar av verdipapirlån i Noreg for
237,1 milliardar kroner. Samanlikna med 2. halvår 2005 gjekk talet på registrerte uferdingar ned med 9 prosent, medan emittert beløp auka med 7 prosent. Det var flest utferdingar av sertifikatlån (425) i 2. halvår 2006, men lånebeløpet var jamvel størst for obligasjonslån (127 milliardar kroner). Dette er ei endring samanlikna med 2. halvår 2005, då berre 35 prosent av lånebeløpet gjaldt obligasjonslån.
Fordelinga av låneopptaka innanlands på sektorar har vore stabil over tid. Bankane tok opp dei fleste låna (331) og det største lånebeløpet (61,5 milliardar kroner) i 2. halvår 2006. Stats- og trygdeforvaltninga tok opp få verdipapirlån (17), men det nest største beløpet (53,1 milliardar kroner).
Innlendingar tek opp fleire og større verdipapirlån i utlandet enn tidlegare, og opptak av lån utanlands er større enn innanlands. 1 2. halvår 2006 vart det registrert at innlendingar tok opp 1 048 verdipapirlån for 385,0 milliardar kroner utanfor Noreg. Dette gjev ein vekst i talet på utferdingar og beløp på høvesvis 9 prosent og 30 prosent samanlikna med 2005. Dei fleste låna og det største lånebeløpet blir tatt opp av bankar og andre finansielle føretak.
I 2006 vart det totalt registrert 1 803 utferdingar av obligasjonar og sertifikat innanlands for 472,9 milliardar kroner. Den 31. desember 2006 var den innanlandske obligasjons- og sertifikatgjelda høvesvis 732,9 milliardar kroner og 106,6 milliardar kroner. Gjennom 2006 tok innlendingar opp til saman 2 165 verdipapirlån utanlands for 815,3 milliardar kroner.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Antall emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innanlandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske lånetakarar. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Antall og pålydande verdi. Millionar kroner.
- Tabell 8 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Antall og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norsk lånetakarar. Antall emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42