Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i utferding av verdipapirlån
1. halvår 2007 var det ein nedgang i utferdingar av verdipapirlån i Noreg, samanlikna med 1. halvår 2006. Det har vori ein tilsvarande nedgang for lån skaffa av innlendingar utanfor landet.
I 1. halvår 2007 vart det samla registrert 930 utferdingar av obligasjonar og sertifikat i Noreg for 230,9 milliardar kroner. Samanlikna med 1. halvår 2006 gjekk talet på registrerte utferdingar ned med 3,9 prosent, medan utferda beløp gjekk ned med to prosent. Det vart tatt opp flest sertifikatlån, i alt 479, noko som tilsvarar 51,5 prosent av utferdingane i Noreg 1. halvår 2007. Men lånebeløpet var jamvel størst for obligasjonslån, 52,3 prosent av utferda beløp (i alt 120,9 milliardar kroner). Til samanlikning gjaldt 51 prosent av talet utferdingar og 54 prosent av lånebeløpet obligasjonslån i 1. halvår 2006.
Bankane utferda flest obligasjonar og sertifikat (330) og tok òg opp det største lånebeløpet (55,7 milliardar kroner) i 1. halvår 2007. Den nest største gruppa låntakarar var private føretak med 185 utferdingar for i alt 51,5 milliardar kroner. Også i 1. halvår 2006 var det bankane som tok opp flest lån (358) og det største lånebeløpet (62,1 milliardar kroner), medan Stats- og trygdeforvaltninga tok opp det nest største beløpet (50,8 milliardar kroner).
Fleire verdipapirlån i utlandet enn i Noreg
I juni 2007 vart det registrert 92 utferdingar av obligasjonar og like mange utferdingar av sertifikat innanlands, høvesvis for 21,6 milliardar kroner og 21,5 milliardar kroner. Den innanlandske obligasjons- og sertifikatgjelda var høvesvis 729,5 og 106,3 milliardar kroner ved utgangen av juni 2007, medan den var 657,9 og 120,9 milliardar ved utgangen av juni i fjor. I juni i år ferda innlendingar ut til saman 188 obligasjonar og sertifikat for 66,7 milliardar utanfor Noreg.
Innlendingar tek framleis opp fleire og større verdipapirlån utanfor Noreg enn innanlands. I 1. halvår 2007 vart det registrert i alt 1 147 utferdingar av verdipapirlån for totalt 343,0 milliardar kroner utanfor Noreg. Talet låneopptak var om lag uendra, medan lånebeløpet var 20,5 prosent mindre enn i 1. halvår 2006. Dei fleste låna og det største lånebeløpet vert teke opp av bankar og andre finansielle føretak.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasjonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innanlandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske lånetakarar. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Antall og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske lånetakarar. Tal emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42