Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i utferding av verdipapirlån
I 2. halvår 2007 har det vore ein moderat auke i opptak av verdipapirlån i Noreg. Dette kjem av ein sterk auke i utferding av sertifikat medan talet og beløpet for utferding av obligasjonar har gått ned. Innlendingar tar framleis opp flest og størst verdipapirlån utanfor Noreg.
I desember 2007 vart det registrert 50 utferdingar av obligasjonar og 114 utferdingar av sertifikat innanlands for høvesvis 11,1 milliardar kroner og 39,3 milliardar kroner. I same månad
ferda innlendingar ut til saman 188 obligasjonar og sertifikat for 48,9 milliardar kroner utanfor Noreg.
I 2. halvår 2007 vart det registrert 874 utferdingar av obligasjonar og sertifikat i Noreg for totalt 250,6 milliardar kroner. Samanlikna med 2. halvår 2006 gjekk talet og beløpet på utferdingar opp med høvesvis 4,7 prosent og 5,7 prosent. Det vart utferda flest sertifikat (529) i 2. halvår 2007, og lånebeløpet var og størst for slike lån (145,1 milliardar kroner).
Som tidlegare tok bankane opp flest lån (396) og det største lånebeløpet (92,5 milliarder kroner) i 2. halvår 2007. Stats- og trygdeforvaltninga tok opp få verdipapirlån (14), men det nest største beløpet (46,3 milliarder kroner). Utlendingar tar opp større og fleire verdipapirlån i Noreg enn tidlegare. I 2. halvår 2007 tok dei opp meir enn 12 prosent av samla lånevolum innanlands, mot berre 7 prosent i 2. halvår 2006.
Innlendingar tar framleis opp fleire og større verdipapirlån utanfor Noreg enn innanlands.
I 2. halvår 2007 vart det registrert i alt 1 307 utferdingar av verdipapirlån for totalt 461,7 milliardar kroner utanfor Noreg. Samanlikna med 2. halvår 2006 gjekk talet på utferdingar og beløpet opp med høvesvis 21,0 prosent og 19,4 prosent. Dei fleste låna vert teke opp av bankar og andre finansielle føretak.
I 2007 vart det totalt registrert 1 804 utferdingar av obligasjonar og sertifikat innanlands for 481,5 milliarder kroner. Den innanlandske obligasjons- og sertifikatgjelda var høvesvis 775,4 og 141,3 milliardar kroner ved utgangen av desember 2007, medan den var 732,8 og 106,6 milliardar kroner ved utgangen av desember i fjor. Gjennom 2007 tok innlendingar opp til saman 2 479 verdipapirlån utanlands for 804,7 milliardar kroner.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasjonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innanlandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske lånetakarar. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Antall og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norsk lånetakarar. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42