Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i utferding av verdipapirlån
Innlendingar ferda ut relativt høge volum av obligasjonar og sertifikat i 1. halvår i år samanlikna med den same perioden i fjor, særleg utanlands. Volumet som innlendingar ferda ut utanfor Noreg, var meir enn dobbelt så stort som volumet innanlands.
I 1. halvår 2008 ferda innlendingar ut i alt 1 292 obligasjonar og sertifikat for totalt 492,8 milliardar kroner utanfor Noreg. Samanlikna med 1. halvår 2007 gjekk talet på utferdingar og beløpet opp med høvesvis 10,2 prosent og 43,7 prosent. Dei fleste låna vart teke opp av bankar og andre finansielle føretak.
I Noreg vart det samla registrert 954 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 245,5 milliardar kroner i 1. halvår 2008. Samanlikna med same perioden året før gikk talet og beløpet på registrerte utferdingar opp med høvesvis 2,6 prosent og 6,3 prosent. Det vart tatt opp flest sertifikatlån, i alt 500, noko som svarer til 52 prosent av utferdingane i perioden. Lånebeløpet var jamvel størst for obligasjonslån, 51 prosent av utferda beløp (i alt 126,0 milliardar kroner). Til samanlikning gjaldt 48 prosent av talet utferdingar og 52 prosent av lånebeløpet obligasjonslån i 1. halvår 2007.
Som tidlegare tok bankane opp flest lån (424) og det største lånebeløpet (82,3 milliardar kroner). Stats- og trygdeforvaltninga tok opp få verdipapirlån (10), men det nest største beløpet (46,7 milliardar kroner). Utlendingane, som òg er ei stor gruppe låntakarar, tok opp 11 prosent av lånevolumet innanlands. Tilsvarande tal for 1. halvår i fjor var 15 prosent.
Ved utgangen av 1. halvår 2008 var den innanlandske obligasjons- og sertifikatgjelda på 971,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på meir enn 16 prosent samanlikna med 1. halvår 2007.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasjonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innanlandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42