Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor utferding av staten og kredittføretak
I 2. halvår 2008 vart det ferda ut store volum av obligasjonar og sertifikat samanlikna med 2. halvår 2007. Statsforvaltninga og andre finansielle føretak (kredittføretak) tok opp ein dominerande del av låna medan private føretak tok opp mindre lån enn tidlegare.
I Noreg vart det registrert 863 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 319,8 milliardar kroner i 2. halvår 2008. 15,8 prosent av talet og 29,1 prosent av beløpet gjeld utferdingar som vart registrerte i desember 2008. Samanlikna med 2. halvår 2007 gjekk talet på utferdingar ned med 1,1 prosent medan beløpet gjekk opp med 27,6 prosent. Det vart utferda fleire sertifikat (461) enn obligasjonar (402), men beløpa var om lag like store.
Tidlegare har bankane tatt opp store lån innalands, men i 2. halvår 2008 tok statsforvaltninga og andre finansielle føretak opp dei største låna, høvesvis 94,0 milliardar kroner og 84,1 milliardar kroner. Dei høge emisjonsvoluma kjem i fyrste rekkje av at kredittføretak har ferda ut obligasjonar med prioritet i oktober, november og desember 2008, som har vori bytta mot statskassevekslar etter ei fullmakt som vart gitt av Stortinget til slikt bytte frå og med november 2008. Ikkje-finansielle føretak og utlendingar har utferda mindre lån enn tidlegare. Sjølv om dei offentlege føretaka sine lånebeløp gjekk opp med 6 prosent samanlikna med 2. halvår 2007, vart private føretak og utlandet sine låneopptak reduserte med høvesvis 63 prosent og 47 prosent.
I 2. halvår 2008 ferda innlendingar ut i alt 1 108 obligasjonar og sertifikat for totalt 421,0 milliardar kroner utanfor Noreg. 18,4 prosent av talet og 28,3 prosent av beløpet gjeld utferdingar som vart registrerte i desember. Samanlikna med 2. halvår 2007 vart talet på utferdingar og beløpet redusert med høvesvis 15,2 prosent og 8,8 prosent. Dei fleste av desse låna vert framleis teke opp av bankar og andre finansielle føretak, og bankane har særleg tatt opp store lån i november og desember 2008.
I 2008 vart det totalt registrert 1 818 utferdingar av obligasjonar og sertifikat innalands for totalt 566,1 milliardar kronar. Ved utgangen av 2008 var den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på 1 122,8 milliardar kroner. Dette er ein auke på meir enn 22 prosent samanlikna med utgangen av 2007. Kredittføretaka og statsforvaltninga si gjeld auka med høvesvis 86,3 prosent og 33,7 prosent. Gjelda til statleg åtte føretak var om lag uendra medan gjelda til kommuneføretak og private føretak vart redusert med høvesvis 4,1 og 3,1 prosent i 2008. Utlandet si gjeld i Noreg auka derimot med 27,6 prosent
Gjennom 2008 tok innlendingar til saman opp 2 400 obligasjons- og sertifikatlån utalands for 913,7 milliardar kroner.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasjonsgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innanlandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42