19761_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
19761
Rekordhøg utferding i Noreg
statistikk
2009-08-03T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2009

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøg utferding i Noreg

I 1. halvår 2009 vart det i Noreg ferda ut meir enn dobbelt så store volum av obligasjonar og sertifikat som i 1. halvår 2008. Statsforvaltninga og andre finansielle føretak (kredittføretak) tok opp dei største låna, medan bankane og private føretak tok opp mindre lån enn tidlegare.

Utferdingar i pålydande verdi. Millionar kroner

Sektorfordeling av låneopptak innalands i 1. halvår 2008 og 2009. Prosent

I Noreg vart det registrert 865 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 563,4 milliardar kroner i 1. halvår 2009. 165 av utferdingane, på til saman 154,9 milliardar kroner, vart registrerte i juni 2009. Samanlikna med 1. halvår 2008 gikk talet på utferdingar ned med 9,3 prosent, men beløpet gikk opp med heile 129,4 prosent. Det vart utferda fleire sertifikat (462) enn obligasjonar (403), men beløpet var nokså jamt fordelt på korte og lange lån.

Flest obligasjonar med førerett og statskassevekslar

Tidlegare har bankane tatt opp store lån innalands, men i 1. halvår 2009 tok statsforvaltninga og andre finansielle føretak opp dei største låna (høvesvis 236,9 milliardar kroner og 177,9 milliardar koner). Dei høge emisjonsvoluma kjem i fyrste rekkje av at kredittføretak har ferda ut obligasjonar med førerett som har kunne byttast mot statskassevekslar etter ei fullmakt som vart gitt av Stortinget til slikt bytte frå og med november 2008. Kommunar og offentlege føretak tok òg opp meir lån medan bankar, private føretak og utlendingar tok opp mindre lån samanlikna med 1. halvår 2008.

Utferdingar av verdipapirlån, talet på utferdingar og pålydande verdi av utferdingane

Marginale endringar i emisjonsvolum utafor Noreg

I 1. halvår 2009 ferda innlendingar ut i alt 1 354 obligasjonar og sertifikat for totalt 492,4 milliardar kroner utafor Noreg. 235 av utferdingane, på til saman 59,6 milliardar kroner, vart registrerte i juni 2009. Samanlikna med 1. halvår 2008 vart talet på utferdingar redusert med om lag 9 prosent, men beløpet var om lag uendra. Som tidlegare ferda bankane ut flest obligasjonar og sertifikat. Men medan andre finansielle føretak ferda ut det nest største beløpet i 1. halvår 2008, var det ikkje-finansielle føretak som ferda ut det nest største beløpet i 1. halvår 2009.

Obligasjons- og sertifikatgjelda veks

Ved utgangen av juni 2009 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på nær 1 376 milliardar kroner. Dette er ein auke på meir enn 40 prosent samanlikna med gjelda ved utgangen av juni 2008.

Utafor Noreg var obligasjons- og sertifikatgjelda til norske einingar på snaue 1 163 milliardar kronar. 35 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg forfell anten i 2009 eller 2010.

Tabeller: