Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor utskifting av statskassevekslar
I 1. halvår 2010 vart det ferda ut store beløp av sertifikat i Noreg på grunn av utskiftingar av statskassevekslar. Utanom desse utskiftingane vart det her i landet ferda ut moderate volum av obligasjonar og sertifikat. Samstundes ferda norske einingar ut store volum utafor Noreg.
I Noreg vart det registrert 782 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 451,6 milliardar kroner i 1. halvår 2010. 195 av utferdingane på til saman 181,1 milliardar kroner vart registrerte i juni 2010. Samanlikna med 1. halvår 2009 gjekk talet på og beløpet til utferdingar ned med høvesvis 10 prosent og 20 prosent. Det vart utferda nokre fleire sertifikat enn obligasjonar, respektive 397 og 385 i denne perioden. Beløpet var størst for sertifikat med til saman 324,5 milliardar kroner.
Store volum til rulleringar av statskassevekslar, men moderate mengder nye lån
Statsforvaltninga tok opp ein dominerande del av låna i 1. halvår 2010, 286,1 milliardar kroner. Dette er 21 prosent meir enn i løpet av dei fyrste seks månadene året før. Beløpet vart i fyrste rekkje nytta til rulleringar/utskifting av statskassevekslar som forfell og som igjen har vore bytta mot eksisterande obligasjonar med førerett. Bankar tok opp det nest største beløpet, 48,5 milliardar kroner, som er eit betydeleg lågare beløp enn i same perioden i 2009. Andre finansielle føretak tok opp det tredje største beløpet, 28,8 milliardar kroner. Dette er 78 prosent mindre enn i 1. halvår 2009 då denne gruppa låntakarar ferda ut det største volumet av obligasjonar og sertifikat. Det vart òg registrert mindre volum av utferdingar i andre sektorar samanlikna med voluma i 1. halvår førre året.
Store utferdingar utafor Noreg
Frå januar til juni 2010 ferda innlendingar ut i alt 1 164 obligasjonar og sertifikat for totalt 499,5 milliardar kroner utafor Noreg. 214 av desse utferdingane på til saman 102,4 milliardar kroner vart registrerte i juni 2010. Samanlikna med 1. halvår 2009 gjekk talet ned med 13 prosent, medan beløpet på utferdingane gjekk opp med 7 prosent. Bankane og andre finansielle føretak ferda ut om lag like store beløp, høvesvis 228,9 milliardar og 221,0 milliardar kroner.
Obligasjons- og sertifikatgjelda er framleis høg
Ved utgangen av juni 2010 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på 1 606 milliardar kroner. Dette er ein auke på 16 prosent samanlikna med utgangen av juni 2009. Utafor Noreg var obligasjons- og sertifikatgjelda til norske einingar på 1 205 milliardar kronar. Om lag 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg forfell anten i 2010 eller 2011.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasjonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innalandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Innalandsk obligasjons og sertifikatgjeld ved utgangen av juni 2010, etter forfall . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Norske låntakarar sin obligasjons og sertifikatgjeld i utlandet den 30. juni 2010, etter forfall. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar ferda ut i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 10 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 11 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42