19775_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
19775
Moderat mengde nye lån
statistikk
2010-11-03T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat3. kvartal 2010

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat mengde nye lån

3. kvartal 2010 var prega av moderate volum av utferdingar av obligasjonar og sertifikat. Den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda veks framleis, men veksten er mindre enn tidlegare.

Det vart registrert 354 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 208,1 milliardar kroner i Noreg i 3. kvartal 2010. 196 av utferdingane, med ein verdi på til saman 158,8 milliardar kroner, vart registrerte i september 2010. Talet og beløpet på utferdingar gjekk ned med høvesvis 11 og 15 prosent samanlikna med det føregåande kvartalet. Sett i høve til 3. kvartal i 2009 gjekk talet på utferdingar opp med 11 prosent, men beløpet vart redusert med 66 prosent.

Utferdingar i pålydande verdi. Millionar kroner

Flest utskiftingar av lån innalands

Sidan utgangen av 2008 har marknaden for obligasjonar og sertifikat i Noreg vori dominert av at statsforvaltninga har ferda ut store volum kvart kvartal (i mars, juni, september og desember). Statsforvaltninga ferda som tidlegare ut det største volumet med i alt 115 milliardar kroner i 3. kvartal 2010. Beløpet var likevel 33 prosent mindre enn i 3. kvartal året før. Nesten heile beløpet gjaldt rulleringar av statskassevekslar som forfell og som igjen har vore bytta mot eksisterande obligasjonar med førerett.

Andre finansielle føretak ferda ut det nest største beløpet på 28,7 milliardar kroner. Dette er likevel 62 prosent mindre enn i 3. kvartal 2009.

Bankar og kommunar ferda ut obligasjonar og sertifikat for høvesvis 19,6 og 16,7 milliardar kroner. Dette er høvesvis 60 prosent og 15 prosent meir enn i 3. kvartal i fjor. I dei andre sektorane er utferdingsvoluma redusert i den same perioden.

Sektorfordeling av låneopptak innalands i 3. kvartal 2009 og 2010

Norske bankar og finansielle føretak ferdar ut mest utafor Noreg

Utafor Noreg ferda norske einingar ut i alt 512 obligasjonar og sertifikat for totalt 238,2 milliardar kroner i 3. kvartal 2010. Samanlikna med det føregåande kvartalet gjekk talet og beløpet på slike utferdingar ned med høvesvis 16 og 1 prosent. Samanlikna med 3. kvartal 2009 gjekk talet ned med 57 prosent, mens beløpet gjekk opp med 31 prosent.

Norske bankar og finansielle føretak ferda ut fleir obligasjonar og sertifikat utafor Noreg enn innalands. Bankane ferda ut det største volumet i 3. kvartal 2010, til saman 111,7 milliardar kroner.

Andre finansielle føretak ferda ut det nest største volumet, til saman 91,7 milliardar kroner.

Stagnasjon i veksten i obligasjons- og sertifikatgjelda

Ved utgangen av 3. kvartal 2010 var den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på totalt 1 616 milliardar kroner. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med utgangen av 3. kvartal i fjor og omtrent uendra samanlikna med kvartalet før. Den obligasjons- og sertifikatgjelda som norske einingar hadde utafor Noreg, var på nær 1 162 milliardar kroner. Om lag 35 prosent av gjelda forfell før utgangen av 2012, anten ho er teken opp i eller utafor Noreg.

Tabeller: