Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mindre utferding, men moderat gjeldsvekst
2. halvår 2010 var prega av store utskiftingar av statskassevekslar som igjen har vori bytta mot eksisterande obligasjonar med førerett. Samstundes var det mindre utferdingar av obligasjonar og sertifikat enn i 2. halvår året før. Likevel er gjelda på eit stabilt høgt nivå.
I Noreg vart det registrert 786 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 449,4 milliardar kroner i 2. halvår 2010. 433 av desse utferdingane, på til saman 241,3 milliardar kroner, vart registrerte i 4. kvartal 2010. Samanlikna med 2. halvår 2009 gjekk talet på utferdingar opp med 10 prosent, men beløpet vart redusert med 17 prosent. Det vart utferda flest sertifikat, med 412 stykk, mot 374 obligasjonar. Lånevolumet var òg størst for sertifikat, med 316,2 milliardar kroner.
Store rulleringar av statskassevekslar, men mindre opptak av lån elles i Noreg
Tidlegare var bankane den største gruppa låntakarar innalands, men sidan 2. halvår 2008 har statsforvaltninga og ”andre finansielle føretak” teke opp den dominerande delen av låna i Noreg. Desse låntakarane tek likevel opp mindre lån enn før. I 2. halvår 2010 hadde statsforvaltninga 258,2 milliardar kroner i lån, og andre finansielle føretak hadde lån på 51,1 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på høvesvis 13,6 og 42,0 prosent samanlikna med 2. halvår året før. Dei høge voluma gjeld framleis statskassevekslar og obligasjonar med førerett, som har vori bytta mot einannan, men i 2. halvår 2010 var det lite utferding av obligasjonar med førerett samanlikna med 2. halvår året før. Utferdingane av statskassevekslar vart i fyrste rekkje nytta til rulleringar/utskifting av statskassevekslar som forfell og som igjen har vori bytta mot eksisterande obligasjonar.
Bankane tok opp det tredje største lånebeløpet i 2. halvår 2010, 40,7 milliardar kroner. Dette er om lag det same beløpet som i 2. halvår året før. Ikkje-finansielle føretak og utlendingar tok opp lån på til saman 63,4 milliardar kroner, som er ein reduksjon på 17,3 prosent i same periode.
Reduksjon i utferdingar utafor Noreg
I 2. halvår 2010 ferda innlendingar ut i alt 962 obligasjonar og sertifikat for totalt 409,3 milliardar kroner utafor Noreg. 450 av utferdingane, på til saman 171,1 milliardar kroner, vart registrerte i 4. kvartal 2010. Samanlikna med 2. halvår året før vart talet utferdingar redusert med 28 prosent og beløpet vart redusert med 12 prosent. I 2. halvår 2010 ferda andre finansielle føretak enn bankar ut det største beløpet, 195,4 milliardar kroner, medan bankar ferda ut det nest største beløpet, 158,7 milliardar kroner.
Moderat vekst i obligasjons- og sertifikatgjelda
Ved utgangen av 2010 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på 1 630 milliardar kroner. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med utgangen av 2009. Utafor Noreg var obligasjons- og sertifikatgjelda til norske einingar på snaue 1 197 milliardar kronar. Meir enn 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg forfell anten i 2011 eller 2012.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innanlandsk obligasjonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innalandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Innalandsk obligasjons og sertifikatgjeld ved utgangen av desember 2010 etter forfall. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Norske låntakarar sin obligasjons og sertifikatgjeld i utlandet den 31. desember 2010 etter forfall. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Obligasjonar ferda ut i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 10 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Tal og pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 11 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42