54187_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
54187
Innlendingar utferda mye utafor Noreg
statistikk
2011-05-09T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat1. kvartal 2011

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Innlendingar utferda mye utafor Noreg

1. kvartal 2011 var prega av moderate volum av utferdingar av obligasjonar og sertifikat innalands, men innlendingar utferda betydelige volum utafor Noreg.

Tall i tabell 03658, 03744 og 07206 i Statistikkbanken fra og med januar til og med mars 2011 ble ved en feiltakelse publisert i hele kroner i stedet for hele millioner kroner. Tallene ble korrigert 9. mai kl. 16.00.

Utferdingar i pålydande verdi

Det vart registrert 406 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 198,5 milliardar kroner i Noreg i 1. kvartal 2011. 164 av utferdingane, med ein verdi på til saman 131,4 milliardar kroner, vart registrerte i mars. Talet og beløpet på utferdingar gjekk ned med høvesvis 7 og 18 prosent samanlikna med det føregåande kvartalet. Sett i høve til 1. kvartal i 2010 gjekk talet på utferdingar opp med 5 prosent, men beløpet vart redusert med 4 prosent.

Norske bankar og finansielle føretak ferder ut mest utafor Noreg

Utafor Noreg ferda norske einingar ut i alt 614 obligasjonar og sertifikat for totalt 331,2 milliardar kroner i 1. kvartal 2011. Samanlikna med det føregåande kvartalet gjekk talet og beløpet på slike utferdingar opp med høvesvis 31 og 81 prosent. Samanlikna med 1. kvartal 2010 gjekk talet og beløpet opp med høvesvis 11 prosent og 27 prosent.

Framleis stor utskifting av statskassevekslar

Sektorfordeling av låneopptak innalands i 1. kvartal 2010 og 2011

Sidan utgangen av 2008 har marknaden for obligasjonar og sertifikat i Noreg vori dominert av at statsforvaltninga har ferda ut store volum kvart kvartal (i mars, juni, september og desember). Statsforvaltninga ferda som tidlegare ut det største volumet med i alt 97,1 milliardar kroner i 1. kvartal 2011. Beløpet var likevel 23 prosent mindre enn i 1. kvartal året før. Nesten heile beløpet gjaldt rulleringar av statskassevekslar som forfell, og som igjen har vore bytta mot eksisterande obligasjonar med førerett.

Andre finansielle føretak ferda ut det nest største beløpet på 35,2 milliardar kroner. Dette er fem gangar så mykje som beløpet som vart utferda av denne låntakargruppa i 1. kvartal 2010.

Kommunar og private føretak ferda ut større beløp i 1. kvartal 2011 enn i same kvartal året før, mens for bankar, offentlige føretak og særleg utlendingar er utferdingsvoluma redusert i løpet av den same perioden.

Stagnasjon i veksten i den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda

Den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda var på totalt 1 616 milliardar kroner ved utgangen av 1. kvartal 2011. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med utgangen av 1. kvartal i fjor og omtrent uendra samanlikna med kvartalet før. Den obligasjons- og sertifikatgjelda som norske einingar hadde utafor Noreg, var på nær 1 166 milliardar kroner. Om lag 35 prosent av gjelda forfell før utgangen av 2012, anten ho er teken opp i eller utafor Noreg.

Tabeller: