54185_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
54185
Mange nye lån, men moderat gjeldsvekst
statistikk
2011-08-04T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2011

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mange nye lån, men moderat gjeldsvekst

1. halvår 2011 var prega av utskiftingar av statskassevekslar som tidlegare. I tillegg vart det teke opp mange nye lån både i og utafor Noreg. Likevel var det berre ein moderat vekst i gjelda.

Utferdingar i pålydande verdi. Millionar kroner

Sektorfordeling av låneopptak innalands i 1. halvår 2010 og 2011. Prosent

I Noreg vart det registrert 876 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 447,5 milliardar kroner i 1. halvår 2011. 476 av desse utferdingane, på til saman 249 milliardar kroner, vart registrerte i 2. kvartal 2011. Samanlikna med 1. halvår 2010 gjekk talet på utferdingar opp med 12 prosent, men beløpet vart redusert med om lag 1 prosent. Det vart utferda flest sertifikat, med 448 stykk, mot 428 obligasjonar. Lånevolumet var òg størst for sertifikat, med 276 milliardar kroner.

Mindre statskassevekslar og banklån enn før, men meir opptak av lån elles i Noreg

Sidan 2. halvår 2008 har statsforvaltninga og andre finansielle føretak tatt opp ein betydeleg del av låna i Noreg. I 1. halvår 2011 tok statsforvaltninga opp 216,3 milliardar kroner i lån. Sjølv om det var det største lånebeløpet, var det 24 prosent mindre enn i 1. halvår året før. Ein stor del av beløpet gjeld utskifting av statskassevekslar som forfell og som igjen har vore bytta mot eksisterande obligasjonar med førerett. Andre finansielle føretak tok opp det nest største lånebeløpet, 75,7 milliardar kroner, som er ein vekst på heile 163 prosent i same perioden.

Utferdingar av verdipapirlån, talet på utferdingar og pålydande verdi av utferdingane

Bankane tok opp det tredje største lånebeløpet i 1. halvår 2011, 35,9 milliardar kroner. Samanlikna med 1. kvartal året før vart beløpet redusert med 26 prosent. Ikkje-finansielle føretak og utlendingar tok opp lån på til saman 85 milliardar kroner, som er ein vekst på 33,1 prosent i same perioden.

Store utferdingar utafor Noreg

I 1. halvår 2011 ferda innlendingar ut i alt 1 270 obligasjonar og sertifikat for totalt 686,5 milliardar kroner utafor Noreg. 656 av utferdingane, på til saman 355,4 milliardar kroner, vart registrerte i 2. kvartal 2011. Samanlikna med 1. halvår året før gjekk talet og beløpet på slike utferdingar opp med høvesvis 7,0 og 47,6 prosent. Tidlegare tok andre finansielle føretak opp størst lån, men i 1. halvår 2011 tok bankane opp det største beløpet, 355,6 milliardar kroner. Dette er ein vekst på heile 55 prosent samanlikna med 1. halvår året før.

Moderat vekst i obligasjons- og sertifikatgjelda

Ved utgangen av juni 2011 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda på 1 587,6 milliardar kroner. Dette er ein vekst på 2 prosent samanlikna med utgangen av juni året før. Utafor Noreg var obligasjons- og sertifikatgjelda til norske einingar på 1 202 milliardar kroner, ein vekst på 5,6 prosent i same perioden. Om lag 30 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg forfell anten i 2011 eller 2012.

Tabeller: