Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre nye lån, men framleis høg gjeld
I 3. kvartal 2011 vart beløpet på utferdingar av obligasjonar og sertifikat i Noreg redusert med meir enn 30 prosent samanlikna med førre kvartal. Gjelda innalands held seg likevel på eit stabilt høgt nivå.
Det vart registrert 365 utferdingar av obligasjonar og sertifikat for totalt 168,9 milliardar kroner i Noreg i 3. kvartal 2011. 155 av utferdingane, med ein verdi på til saman 119,2 milliardar kroner, vart registrerte i september. Talet og beløpet på utferdingar gjekk ned med høvesvis 23 og 32 prosent, samanlikna med det føregåande kvartalet. Sett i høve til 3. kvartal i 2010 gjekk talet på utferdingar opp med 3 prosent, men beløpet vart redusert med 19 prosent.
Norske bankar ferder ut mest utafor Noreg
Utafor Noreg ferda norske einingar ut i alt 633 obligasjonar og sertifikat for totalt 282,6 milliardar kroner i 3. kvartal 2011. Samanlikna med det føregåande kvartalet vart talet og beløpet på slike utferdingar redusert med høvesvis 4 og 20 prosent.. Samanlikna med 3. kvartal 2010 gjekk talet og beløpet opp med høvesvis 24 prosent og 19 prosent. 87 prosent av beløpet vart utferda som sertifikat med ei løpetid på mindre enn eitt år. Bankane ferda ut det største beløpet på 215,2 milliardar kroner.
Framleis stor utskifting av statskassevekslar
Marknaden for obligasjonar og sertifikat i Noreg er framleis dominert av at statsforvaltninga ferder ut store volum kvart kvartal (i mars, juni, september og desember). Som tidlegare ferda statsforvaltninga ut det største volumet med i alt 85,5 milliardar kroner i 3. kvartal 2011. Beløpet var likevel 26 prosent mindre enn i 3. kvartal året før. Nesten heile beløpet gjaldt rulleringar av statskassevekslar som forfell, og som igjen har vore bytta mot eksisterande obligasjonar med førerett.
Andre finansielle føretak ferda ut det nest største beløpet på 28,9 milliardar kroner, som er 2 prosent mindre enn beløpet som vart utferda av denne låntakargruppa i 3. kvartal 2010.
Private føretak og utlandet ferda ut 8,2 og 4,8 milliardar kroner i 3. kvartal 2011. Det er høvesvis 42 og 33 prosent mindre enn i same kvartal året før. Utferdingsvoluma vart òg redusert i den same perioden i andre låntakargrupper.
Uendra innalandsk obligasjons- og sertifikatgjeld
Den innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda var på totalt 1 602 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2011. Dette er om lag på same nivå som gjelda innalands både ved utgangen av førre kvartal og 3. kvartal i fjor. Obligasjons- og sertifikatgjelda som norske einingar hadde utafor Noreg, var på nær 1 275 milliardar kroner. Dette er ein vekst i slik gjeld på 6 prosent samanlikna med førre kvartal, og 9 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor. Om lag 30 prosent av gjelda forfell før utgangen av 2012, anten ho er teken opp i eller utafor Noreg.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat per månad. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 3 Innalandsk obligasjonsgjeld . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 4 Emisjonar av sertifikat i Noreg. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 5 Innalandsk sertifikatgjeld. Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 6 Innalandsk obligasjons og sertifikatgjeld ved utgangen av september 2011 etter forfall . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 7 Obligasjonar og sertifikat ferda ut i utlandet av norske låntakarar . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 8 Norske låntakarar sin obligasjons og sertifikatgjeld i utlandet den 30. september 2011 etter forfall. Pålydande verdi. Millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42