66075_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
66075
Moderate lånevolum, men stabilt høg gjeld
statistikk
2012-02-09T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat4. kvartal 2011

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderate lånevolum, men stabilt høg gjeld

Det var relativt moderate låneopptak innalands i 2. halvår 2011, men obligasjons- og sertifikatgjelda er framleis høg. I tillegg tek innlendingar opp betydelege lån utafor Noreg.

Sektorfordeling av låneopptak innalands for 2. halvår 2010 og 2011. Prosent

Utferdingar i pålydande verdi. Millionar kroner

Det vart registrert 836 emisjonar av obligasjonar og sertifikat for totalt 390,3 milliardar kroner i 2. halvår 2011 i Noreg. Dei fleste av emisjonane, 471, vart registrerte i 4. kvartal 2011, og hadde ein verdi på til saman 221,4 milliardar kroner. Samanlikna med 2. halvår 2010 gjekk talet på emisjonar opp med 6 prosent, mens beløpet vart redusert med 13 prosent. Det vart registrert 497 emisjonar av sertifikat, mot 329 emisjonar av obligasjonar. Lånevolumet var òg størst for sertifikat, 266,5 milliardar kroner.

Framleis store rulleringar av statskassevekslar

Statsforvaltninga og ”andre finansielle føretak” har sidan 2. halvår 2008 teke opp ein dominerande del av låna i Noreg. Statsforvaltninga stod for 49 prosent av emisjonsvolumet i 2. halvår 2011, noko som svarar til 192,2 milliardar kroner. ”Andre finansielle føretak” stod for 17 prosent av volumet, eller 65,9 milliardar kroner. Sett i høve til 2. halvår året før gjekk statsforvaltninga sitt lånevolum ned med 26 prosent, mens lånevolumet til ”andre finansielle føretak" voks med 29 prosent. Ein stor del av dei høge voluma gjeld framleis rullering / utskifting av statskassevekslar som har vori bytta mot eksisterande obligasjonar.

Utferdingar av verdipapirlån, talet på utferdingar og pålydande verdi av utferdingane

Moderate låneopptak i Noreg

Bankane tok opp det tredje største lånebeløpet i 2. halvår 2011, 47,4 milliardar kroner. Dette er ein vekst i emisjonsvolumet på 16 prosent samanlikna med same periode året før. Ikkje-finansielle føretak og utlendingar tok opp lån på til saman 46,9 milliardar kroner, som er ein reduksjon på 13 prosent i same periode.

Vekst i låneopptak utafor Noreg

Innlendingar ferda ut i alt 1 221 obligasjonar og sertifikat utafor Noreg i 2. halvår 2011. Det svarar til totalt 565,5 milliardar kroner. 588 av emisjonane, på til saman 283 milliardar kroner, vart registrerte i 4. kvartal 2011. Talet emisjonar og emisjonsvolumet gjekk opp med høvesvis 24 prosent og 34 prosent samanlikna med 2. halvår året før. Det største beløpet, 403,3 milliardar kroner, vart emittert av bankar i 2. halvår 2011. ”Andre finansielle føretak” emitterte det nest største beløpet, 111,6 milliardar kroner.

Moderat vekst i obligasjons- og sertifikatgjelda

Ved utgangen av 2011 var den samla innalandske obligasjons- og sertifikatgjelda om lag på same nivå som ved utgangen av 2010, 1 639 milliardar kroner. Utafor Noreg var obligasjons- og sertifikatgjelda til norske einingar på snaue 1 277 milliardar kronar. Dette er ein auke på om lag 2 prosent samanlikna med utgangen av året før. Meir enn 35 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg forfell anten i 2012 eller 2013.

Tabeller: