84803_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
84803
Høge låneopptak og vekst i gjelda
statistikk
2012-05-16T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat1. kvartal 2012

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høge låneopptak og vekst i gjelda

Sidan 1. kvartal 2011 og fram til utgangen av mars 2012 har det vori ein merkbar auke i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar både i og utafor Noreg. Nesten halvparten av gjelda er teken opp utafor Noreg og i utalandsk valuta.

Sektorfordeling av lånegjelda innalands

Utferdingar i pålydande verdi

Det vart registrert 267 emisjonar av obligasjonar og 287 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 266,7 milliardar kroner i Noreg i 1. kvartal 2012. Lånevoluma var om lag like store for obligasjonar og sertifikat. Talet og beløpet på emisjonane gjekk opp med høvesvis 39 og 34 prosent frå 1. kvartal 2011 til 1. kvartal 2012. Heile 99 prosent av lånevolumet, 265,4 milliardar kroner, blei teke opp av innlendingar i 1. kvartal i år. I den same perioden vart det registrert 582 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av innlendingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse var 383,2 milliardar kronar. Talet for slike emisjonar gjekk ned med 5 prosent, men emisjonsvolumet gjekk opp med 16 prosent, frå 1. kvartal året før.

Institusjonell sektorgruppering 2012

Den institusjonelle sektorgrupperinga er revidert. Det er innført nye firesifra sektorkodar og definisjonane av enkelte sektorar i grupperinga er endra. Den reviderte sektorgruppera vil bli innlemma i dei norske statistikksystema i løpet av dei neste to åra.

 

For statistikken Obligasjonar og sertifikat er den nye institusjonelle sektorgrupperinga innført frå og med januar 2012.

 

Viktige endringar i den nye sektorgrupperinga er ommøbleringar og oppretting av nye sektorar både for ikkje-finansielle einingar og finansielle føretak. Blant anna er investerings- og finansieringsselskap og eigarfond som vart rekna som ikkje-finansielle føretak tidlegare, no definerte som finansielle føretak slik at finansiell sektor har auka noko i omfang. Rekkjefølgda på sektorane er endra i tråd med rekkjefølgda etter internasjonal standard.

 

Konsekvensar for statistikken

Innføring av nye sektorar gjer eit et brot i tabellane som høyrer til statistikken. Det er publisert nye statistikkbank- og publiseringstabellar med statistikk som følgjer ny sektorgruppering frå 1. kvartal 2012 og framover. Eldre statistikkbanktabellar, som har tall etter gammal sektorfordeling, inneheld tall til og med 1. kvartal 2012, men vil ikkje bli oppdaterte med nye tidsseriar.

 

Den nye sektorklassifiseringa har ikkje gitt vesentlege endringar i inndelinga av emisjonar etter grupper låntakarar i 1. kvartal 2012 samanlikna med klassifiseringa som vart nytta før 2012. Det same er tilfellet for anna gjeld enn gjeld frå obligasjonar som er emitterte i Noreg. Gjeld frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, og som var teken opp av "private føretak o.a.", var 5 prosent mindre, mens gjelda som var teken opp av andre finansielle føretak enn bankar og kredittføretak, var 33 prosent større med ny klassifisering i høve til den gamle ved utgangen av med ny klassifisering i høve til den gamle ved utgangen av mars 2012.
(06.06.2012)

Statskassevekslar dominerer i Noreg, mens bankar låner mest utalands

Stats- og trygdeforvaltninga sto for 43 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 1. kvartal 2012, noko som svarar til 116,2 milliardar kroner. ”Andre finansielle føretak” stod for 13 prosent av volumet, eller 34,1 milliardar kroner. Ein stor del av dei høge voluma gjeld framleis rullering/utskifting av statskassevekslar, som har vori bytta mot eksisterande obligasjonar.

Norske låntakarar si verdipapirgjeld, etter valuta

Som tidlegare emitterte norske bankar den dominerande delen av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 1. kvartal 2012. Heile 71 prosent, eller 272,5 milliardar kroner, av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar. ”Andre finansielle føretak” emitterte det nest største beløpet på 75,8 milliardar kroner.

Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld i utlandet i utalandsk valuta

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg var på 1 692,1 milliardar kroner ved utgangen av 1. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 5 prosent samanlikna med utgangen av 1. kvartal 2011. ”Andre finansielle føretak” hadde mest gjeld på 30 prosent i 1. kvartal 2012, mot 26 prosent ved utgangen av 1. kvartal 2011. Stats- og trygdeforvaltinga hadde den nest størst gjelda, på 27 prosent i årets 1. kvartal. Stats- og trygdeforvaltinga hadde mest gjeld, 31 prosent, i 1. kvartal 2011. Marknadsverdien på obligasjonsgjelda låg i snitt om lag 1 prosent over pålydande verdi, mens marknadsverdien for sertifikatgjelda var like under (0,3 prosent) den pålydande verdien.

Heile 90 prosent av gjelda, 1 517,3 milliardar kroner, var registrert på norske låntakarar i 1. kvartal 2012. Norske låntakarar hadde i tillegg ein gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet, på om lag 1 323 milliardar kronar. Dette er ein auke på heile 13 prosent frå 1. kvartal året før. Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, mens dei fleste lån i utlandet blir tekne opp i annan valuta. Dei fleste av låna utafor Noreg blir tekne opp i anten EUR, USD, GBP eller JPY. Meir enn 38 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg har ein attverande løpetid på to år eller mindre.

Tabeller: