Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis høgt lånevolum i Noreg
Det vart registrert 10 prosent større opptak av lån og gjeld på obligasjonar og sertifikat som har vore emitterte i Noreg i 3. kvartal 2012, enn i 3. kvartal 2011. Emisjonsvolumet var likevel mindre enn i 2. kvartal, og i høve til tidlegare tok norske einingar opp lite lån utafor Noreg.
Det vart registrert 223 emisjonar av obligasjonar og 263 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 186 milliardar kroner i Noreg i 3. kvartal 2012. Lånevoluma var størst for sertifikat. Talet på emisjonar samla gjekk ned med -17 prosent, medan beløpet auka med 10 prosent frå 3. kvartal 2011 til 3. kvartal 2012. Om lag 94 prosent av lånevolumet, 176 milliardar kroner, vart tatt opp av innlendingar i 3. kvartal 2012. I den same perioden vart det registrert 426 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av innlendingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse var 228,4 milliardar kroner. Talet på og beløpet for slike emisjonar gjekk ned med høvesvis 33 og 19 prosent frå 3. kvartal 2011 til 3. kvartal 2012.
Offentleg forvaltning låner mest i Noreg - bankar dominerer utalands
Offentleg forvaltning stod for 60 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 3. kvartal 2012. Dette svarar til 111,7 milliardar kroner. Finansielle føretak stod for 22 prosent, eller 40,5 milliardar kroner, av emisjonsvolumet. Ikkje-finansielle føretak stod for 13 prosent, som tilsvarar 23,3 milliardar kroner.
Som tidlegare stod norske bankar for den dominerande delen av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 3. kvartal 2012. Heile 72 prosent, eller 164,9 milliardar kroner, av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar. Ikkje finansielle føretak emitterte det nest største beløpet på 33,5 milliardar kroner.
Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld tatt opp av norske einingar
Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 761,4 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 10 prosent samanlikna med utgangen av 3. kvartal 2011. Fordelinga av gjeld på grupper av låntakarar er om lag som i kvartalet før. Offentleg forvaltning hadde mest gjeld, det vil seie 31 prosent eller 546,1 milliardar kroner, i 3. kvartal 2012. Andre finansielle føretak hadde den nest største gjelda, det vil seie 30 prosent eller 519,8 milliardar kroner. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 2 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot like under (0,4 prosent) den pålydande verdien.
Heile 90 prosent, eller 1 582 milliardar kroner, av gjelda frå emisjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg var registrert på norske låntakarar i 3. kvartal 2012. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet på 1 323 milliardar kronar, som er ein auke på 4 prosent frå 3. kvartal året før. Nesten alle lån i Noreg blir tatt opp i norske kroner, mens dei fleste lån i utlandet blir tatt opp i annan valuta. Dei fleste av låna utafor Noreg blir tatt opp i anten EUR, USD, GBP eller JPY. Om lag 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg har ei attverande løpetid på to år eller mindre.
Tabeller:
- Tabell 1 Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner
- Tabell 2 Emisjonar av obligasjonar i pålydande verdi, etter låntakarsektor. Millionar kroner
- Tabell 3 Obligasjonsgjeld i pålydande verdi, etter låntakarsektor. Millionar kroner
- Tabell 4 Obligasjonsgjeld frå emisjonar i Noreg i marknadsverdi, etter låntakarsektor. Millionar kroner
- Tabell 5 Emisjonar av sertifikat i pålydande verdi, etter låntakarsektor. Millionar kroner
- Tabell 6 Sertifikatgjeld i pålydande verdi, etter låntakarsektor. Millionar kroner
- Tabell 7 Sertifikatgjeld frå emisjonar i Noreg i marknadsverdi, etter låntakarsektor. Millionar kroner
- Tabell 8 Innalandsk obligasjons- og sertifikatgjeld ved utgangen av september 2012, etter låntakarsektor og attverande løpetid . Pålydande verdi. Millionar kroner
- Tabell 9 Norske låntakarars obligasjons- og sertifikatgjeld i utlandet ved utgangen av september i 2012, etter låntakarsektor og attverande løpetid. Pålydande verdi. Millionar kroner
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42