109241_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
109241
Nye obligasjonslån ga meir verdipapirgjeld
statistikk
2013-08-15T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2013

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nye obligasjonslån ga meir verdipapirgjeld

Store obligasjonslån ga ein moderat auke i emisjonar av obligasjonar og sertifikat i 2. kvartal 2013 samanlikna med 2. kvartal året før. Dette førte i same periode til ein moderat vekst i verdipapirgjelda til norske einingar.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Juni 201310031 0099970 34313461 418
Mai 20139846 8349021 0479586 663
April 20138837 8007422 74411454 585
Mars 20139434 02611080 02512172 296
Februar 201310131 6738617 10413162 881
Januar 201310358 7268518 04713488 900
Desember 20129124 9987091 8288437 738
November 201212338 54510321 17910190 567
Oktober 20127531 9078721 22810956 235
September 201210834 86711485 7809948 597
August 20127323 2259518 57817597 596
Juli 20124211 1355412 37315282 217
Juni 20129635 366111113 28616091 083

Det vart registrert 286 emisjonar av obligasjonar og 263 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 230 milliardar kroner i Noreg i 2. kvartal 2013. Lånevoluma var størst for obligasjonar. Rekna frå 2 kvartal 2012 gjekk det samla talet på emisjonar og beløp opp med høvesvis 12 og 2 prosent. Om lag 94 prosent av lånevolumet, 217 milliardar kroner, vart teke opp av innlendingar i 2. kvartal 2013. I den same perioden vart det registrert 343 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utanfor Noreg. Den samla verdien på emisjonane var 203 milliardar kroner. Talet på og beløpet for emisjonane gjekk ned med høvesvis 36 og 31 prosent frå 2. kvartal 2012 til 2. kvartal 2013.

Offentleg forvaltning tar opp mindre lån enn før

Offentleg forvaltning, som har vore dominerande i lånemarknaden innanlands i lang tid, stod for 53 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 2. kvartal 2013. Dette svarar til 121 milliardar kroner, ein nedgang i lånevolumet på 16 prosent samanlikna med 2. kvartal året før. Finansielle føretak stod for 25 prosent, eller 57 milliardar kroner, av lånevolumet. Dette er ein vekst på 15 prosent samanlikna med volumet i 2. kvartal året før. Ikkje-finansielle føretak stod for 17 prosent, som svarar til 38 milliardar kroner. Dette er ein vekst i lånevolumet på heile 55 prosent samanlikna med 2. kvartal 2012.

Finansielle føretak stod som tidlegare for den dominerande delen av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 2. kvartal 2013. 71 prosent av det samla lånebeløpet, eller 143 milliardar kroner, vart emittert av norske bankar og kredittføretak.

Moderat vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 839 milliardar kroner ved utgangen av 2. kvartal 2013. Dette er ein oppgang på vel 6 prosent frå utgangen av 2. kvartal året før. Finansielle føretak hadde mest gjeld, det vil seie 47 prosent, eller 858 milliardar kroner i 2. kvartal 2013. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, 28,5 prosent, eller 525 milliardar kroner. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 2,4 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

88 prosent, eller 1 626 milliardar kroner av gjelda frå emisjonar og sertifikat, som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar i 2. kvartal 2013, mot 90 prosent, eller 1 553 milliardar kroner i 2. kvartal året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet, på 1 333 milliardar kroner, slik at samla gjeld ved utgangen av 1. kvartal 2013 var på 2 959 milliardar kroner. Samanlikna med 2. kvartal året før gjekk gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som er emitterte av norske einingar i Noreg og utlandet, opp med 0,6 prosent.

Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, mens dei fleste låna i utlandet blir tekne opp i annan valuta, anten euro, amerikanske dollar, britiske pund eller japanske yen. Om lag 39 prosent av gjelda som norske einingar har innanlands og utafor Noreg, har ein attverande løpetid på to år eller mindre.