Innhald
Publisert:
Oppdatert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Store obligasjonslån gir moderat gjeldsvekst
I 1. kvartal 2014 vart det registrert betydelig mindre nye sertifikat, men fleire nye obligasjonar i Noreg, enn i 1. kvartal året før. I same periode blei det lagt ut fleire lån i utlandet, noko som førte til ein vekst på 4 prosent i obligasjons- og sertifikatgjelda til innlendingane.
Obligasjonar utferda i Noreg | Sertifikat utferda i Noreg | Verdipapirlån utferda i utlandet | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Talet | Beløp | Talet | Beløp | Talet | Beløp | |
Rettet 6. juni 2014. | ||||||
Mars 2014 | 104 | 57 363 | 81 | 31 017 | 141 | 79 478 |
Februar 2014 | 92 | 34 959 | 89 | 16 696 | 139 | 60 375 |
Januar 2014 | 111 | 46 107 | 100 | 20 434 | 147 | 82 042 |
Desember 2013 | 111 | 30 493 | 72 | 54 458 | 63 | 25 324 |
November 2013 | 104 | 35 713 | 86 | 16 566 | 111 | 111 814 |
Oktober 2013 | 87 | 33 895 | 82 | 19 157 | 138 | 72 682 |
September 2013 | 106 | 32 113 | 94 | 78 539 | 157 | 92 262 |
August 2013 | 56 | 18 380 | 84 | 17 900 | 153 | 67 888 |
Juli 2013 | 36 | 16 758 | 49 | 12 902 | 138 | 64 318 |
Juni 2013 | 100 | 31 009 | 99 | 70 343 | 134 | 61 418 |
Mai 2013 | 98 | 46 839 | 90 | 21 047 | 97 | 87 116 |
April 2013 | 88 | 37 800 | 74 | 22 744 | 119 | 57 770 |
Mars 2013 | 94 | 34 025 | 110 | 80 025 | 124 | 73 116 |
Det vart registrert 307 emisjonar av obligasjonar og 270 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 207 milliardar kroner i Noreg i 1. kvartal 2014. Ein stor del av lånevolumet, 13 prosent, refererte til utanlandske låntakarar, mot 8 prosent i 1. kvartal 2013. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var meir enn dobbelt så stort for obligasjonar som for sertifikat. Rekna frå 1. kvartal 2013 var talet for emisjonar om lag uendra, mens beløpet vart redusert med 14 prosent. I den same perioden vart det registrert 427 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse emisjonane var 222 milliardar kroner. Talet på emisjonane gjekk opp med 9 prosent, mens beløpet vart redusert med 2 prosent frå 1. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014.
Offentleg forvaltning tar opp mindre lån
Offentleg forvaltning er framleis dominerande, men tar opp ein betydelig mindre del av verdipapirlåna innalands enn tidlegare. Samla sto stats- og trygdeforvaltninga og kommuneforvaltninga for 44 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 1. kvartal 2014, mot 59 prosent i det same kvartalet året før. Dette kjem av mindre utskiftingar enn tidlegare av statskassevekslar i bytte mot obligasjonar med førerett. Finansielle føretak sto for 29 prosent av lånevolumet, mot 20 prosent av volumet i 1. kvartal året før. Dei ikkje-finansielle føretakas del av lånevolumet har vore relativt stabil, og utgjorde om lag 14 prosent av lånevolumet i 1. kvartal 2014.
Finansielle føretak sto som tidlegare for den største delen av emisjonane av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 1. kvartal 2014. Heile 86 prosent av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar og kredittføretak.
Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar i utalandsk valuta
Den samla pålydande verdien av obligasjons- og sertifikatgjeld i Noreg, var på 1 897 milliardar kroner ved utgangen av 1. kvartal 2014. Dette er ein vekst i gjelda innalands på vel 1 prosent frå utgangen av 1. kvartal året før. Som tidlegare hadde finansielle føretak mest gjeld, det vil seie 46 prosent i 1. kvartal 2014. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, med 28 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg låg i snitt 2 prosent1 over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.
88 prosent av gjelda frå obligasjonar og sertifikat, som er emitterte innalands, var registrerte på norske låntakarar ved utgangen av mars 2014. Det utgjorde 1 660 milliardar kroner, og var ein liten nedgang frå 89 prosent ved utgangen av mars året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet, på 1 477 milliardar kroner. Samla gjeld ved utgangen av mars 2014 var soleis på 3 137 milliardar kroner. Samanlikna med utgangen av mars året før gjekk gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som norske einingar har i Noreg og utlandet, opp med vel 4 prosent.
Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, men dei fleste låna som innlendingar tar opp i utlandet blir tekne opp i annan valuta, anten euro, amerikanske dollar, britiske pund eller japanske yen. Ved utgangen av 1. kvartal 2014 var 48 prosent av gjelda til norske låntakarar frå obligasjonar og sertifikat i utalandsk valuta, mot 45 prosent ved utgangen av 1. kvartal året før. Om lag 38 prosent av gjelda som norske låntakarar har innalands og 32 prosent av gjelda som dei har utafor Noreg, har ein attverande løpetid på to år eller mindre.
1 Tallet er rettet, 6. juni 2014.
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42