176447_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
176447
Færre nye lån, men framleis gjeldsvekst
statistikk
2014-08-13T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false
Tallene gir en oversikt over utviklingen i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge samt for obligasjoner og sertifikat som norske låntakere har emittert i utlandet.

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2014

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre nye lån, men framleis gjeldsvekst

I 2. kvartal 2014 emitterte norske einingar betydeleg færre sertifikat både i Noreg og utlandet samanlikna med 2. kvartal året før. På grunn av mindre avdrag og redusert kroneverdi gjekk likevel obligasjons- og sertifikatgjelda som innlendingar har, opp med 3 prosent.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Juni 201410143 1989734 7588238 995
Mai 201410248 4618719 05210452 774
April 20147730 6888816 77710763 632
Mars 201410457 3638131 01714179 478
Februar 20149234 9598916 69613960 375
Januar 201411146 10710020 43414782 042
Desember 201311130 4937254 4586325 324
November 201310435 7138616 566111111 814
Oktober 20138733 8958219 15713872 682
September 201310632 1139478 53915792 262
August 20135618 3808417 90015367 888
Juli 20133616 7584912 90213864 318
Juni 201310031 0099970 34313461 418

Det vart registrert 280 emisjonar av obligasjonar og 272 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 193 milliardar kroner i Noreg i 2. kvartal 2014. Ein betydeleg del av lånevolumet, 11 prosent, refererte til utlendingar, mot 6 prosent i 2. kvartal 2013. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var størst for obligasjonar, med 122 milliardar kroner.

Frå 2. kvartal 2013 til 2. kvartal 2014 var talet på emisjonar i Noreg om lag uendra, mens beløpet vart redusert med 16 prosent. I den same perioden vart det registrert 293 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse emisjonane var 155 milliardar kroner. Talet og beløpet på emisjonane utafor Noreg vart redusert med høvesvis 16 prosent og 25 prosent frå 2. kvartal 2013 til 2. kvartal 2014.

Offentleg forvaltning dominerer i Noreg

Offentleg forvaltning tar framleis opp meir verdipapirlån i Noreg enn andre, men mindre enn tidlegare. Samla stod stats- og trygdeforvaltninga og kommuneforvaltninga for 39 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 2. kvartal 2014, mot 53 prosent i same kvartal året før. Dette kjem av mindre utskiftingar enn tidlegare av statskassevekslar i bytte mot obligasjonar med førerett.

Finansielle føretak tar opp mest lån i utlandet

Finansielle føretak stod for 30 prosent av lånevolumet i Noreg, mot 25 prosent av volumet i 2. kvartal året før. Dei ikkje-finansielle føretakas del av lånevolumet utgjorde 20 prosent av lånevolumet i 2. kvartal 2014, mot 17 prosent eit år tidlegare.

Som tidlegare stod finansielle føretak for den største delen av emisjonane av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 2. kvartal 2014. Heile 76 prosent av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar og kredittføretak.

Moderat vekst i innanlandsgjelda

Den samla pålydande verdien av gjelda, som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 857 milliardar kroner ved utgangen av 2. kvartal 2014. Dette er ein vekst i innanlandsgjelda på om lag 1 prosent frå utgangen av 2. kvartal året før. Finansielle føretak hadde som tidlegare mest gjeld, det vil seie 44 prosent i 2. kvartal 2014. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, med 28 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg var relativt høg, og låg i snitt 2,6 prosent over pålydande verdi . Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

1 607 milliardar kroner av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrerte på norske låntakarar ved utgangen av juni 2014. Det utgjorde 87 prosent, og var ein liten nedgang frå 88 prosent ved utgangen av juni året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet på 1 514 milliardar kroner. Samla gjeld ved utgangen av juni 2014 var dermed 3 121 milliardar kroner.

Vekst i norske einingar si obligasjons- og sertifikatgjeld i utlandet

Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, medan låna som innlendingar tar opp i utlandet blir tekne opp i euro, amerikanske dollar, japanske yen og i nokre tilfelle annan valuta. Frå juni 2013 til juni 2014 svekka kronekursen seg særleg mot euro, dollar og britiske pund. Dette, og moderate avdrag i høve til emisjonsvolum, førte til at gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som norske einingar har i Noreg og utlandet gjekk opp med om lag 3 prosent.