Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fall i kronekurs ga auke i verdipapirgjeld
I 4. kvartal 2014 emitterte innlendingar relativt lite obligasjonar og sertifikat, både i Noreg og utanlands. Likevel voks obligasjons- og serfikatgjelda til innlendingane med 6 prosent samanlikna med 4. kvartal året før. Gjeldsveksten var i første rekkje ein følgje av fall i kronekursen.
Obligasjonar utferda i Noreg | Sertifikat utferda i Noreg | Verdipapirlån utferda i utlandet | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Talet | Beløp | Talet | Beløp | Talet | Beløp | |
Desember 2014 | 66 | 20 310 | 84 | 26 462 | 57 | 20 221 |
November 2014 | 91 | 26 634 | 97 | 17 782 | 76 | 75 737 |
Oktober 2014 | 70 | 32 236 | 85 | 15 205 | 111 | 67 786 |
September 2014 | 104 | 32 266 | 107 | 35 821 | 118 | 83 458 |
August 2014 | 66 | 22 598 | 104 | 21 049 | 74 | 32 893 |
Juli 2014 | 40 | 16 967 | 58 | 8 244 | 75 | 31 287 |
Juni 2014 | 101 | 43 198 | 97 | 34 758 | 82 | 38 995 |
Mai 2014 | 102 | 48 461 | 87 | 19 052 | 104 | 52 774 |
April 2014 | 77 | 30 687 | 88 | 16 777 | 107 | 63 632 |
Mars 2014 | 104 | 57 363 | 81 | 31 017 | 141 | 79 478 |
Februar 2014 | 92 | 34 959 | 89 | 16 696 | 139 | 60 375 |
Januar 2014 | 111 | 46 107 | 100 | 20 434 | 147 | 82 042 |
Desember 2013 | 111 | 30 493 | 72 | 54 458 | 63 | 25 324 |
Ved utgangen av 4. kvartal 2014 var den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg, på 1 878 milliardar kroner. Dette er ein vekst i innanlandsgjelda på berre 0,3 prosent rekna frå det same tidspunktet året før. Den moderate veksten er eit resultat av at lite nye lån er teke opp. Finansielle føretak hadde som tidlegare den største delen av gjelda, det vil seie 43 prosent ved utgangen av 2014. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld: 29 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, var relativt høg og låg i snitt 2,6 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for sertifikat som er emitterte i Noreg, var derimot 0,3 prosent under den pålydande verdien.
Sterk vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld for norske einingar i utlandet
1 618 milliardar kroner av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar ved utgangen av desember 2014. Det utgjorde 86 prosent og var ein nedgang frå 88 prosent ved utgangen av desember året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld på 1 679 milliardar kroner frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet.
Ein dominerande del obligasjons- og sertifikatlån i Noreg blir teken opp i norske kroner, medan låna som innlendingar tar opp i utlandet, blir tekne opp i euro, amerikanske dollar, japanske yen og i nokre tilfelle annan valuta. Frå desember 2013 til desember 2014 svekka kronekursen seg markant i høve til fleire valutaer; noko som særleg slo ut for den betydelege gjelda som innlendingar har i amerikanske dollar, euro, britiske pund og yen. Fallet i kronekursen, saman med ein mindre vekst i volumet for emisjonar utanfor Noreg, førte til at gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som norske einingar har i Noreg og utlandet, samla gjekk opp med om lag 6 prosent.
Færre emisjonar i 4. kvartal 2014
Det vart registrert 227 emisjonar av obligasjonar og 266 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 139 milliardar kroner i Noreg i 4. kvartal 2014. Ein betydeleg del av lånevolumet, 8 prosent, vart teken opp av utlendingar, om lag som i 4. kvartal 2013 då det var 9 prosent. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var størst for obligasjonar: 79 milliardar kroner.
Frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2014 gjekk talet og beløpet på emisjonar i Noreg ned høvesvis 9 og 27 prosent. I det siste kvartalet i 2014 vart det óg registrert 244 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte utanfor Noreg av norske einingar. Den samla verdien på desse emisjonane var 164 milliardar kroner. Både talet på og det samla beløpet for emisjonane utanfor Noreg var 22 prosent mindre i 4. kvartal 2014 enn i same kvartalet året før.
Stats- og trygdeforvaltinga tar opp mindre lån enn tidlegare
Stats- og trygdeforvaltninga tar opp mindre lån enn før og sto for berre 22 prosent av lånevoumet innanlands i 4. kvartal 2014, mot 31 prosent av volumet eitt år tidlegare. I den same perioden gjekk delen av lånevolumet som kommuneforvaltninga inngjekk, opp frå 17 til 26 prosent. Offentleg forvaltning sto difor samla for om lag den same delen av lånevolumet i 4. kvartal 2014 som i det same kvartalet året før (48 prosent). Finansielle føretak sto for 24 prosent av lånevolumet i Noreg, mot 27 prosent av volumet eitt år tidlegare. Dei ikkje-finansielle føretaka hadde 20 prosent av lånevolumet i 4. kvartal 2014, mot 16 prosent i 3. kvartal året før.
Bankane tok opp mest lån i utlandet
Bankane sto for halvparten av lånevolumet som norske einingar tok opp utanlands i 4. kvartal 2014, mot 32 prosent eitt år tidlegare. Kredittføretak sto for 22 prosent av lånevolumet, 5 prosentpoeng mindre enn eitt år tidlegare. Resten vart emittert av offentleg kontrollerte føretak.
Statistikken blir no publisert som Verdipapirer.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42