215295_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
215295
Fallande kronekurs ga meir verdipapirgjeld
statistikk
2015-05-12T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false
Tallene gir en oversikt over utviklingen i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge samt for obligasjoner og sertifikat som norske låntakere har emittert i utlandet.

Obligasjonar og sertifikat1. kvartal 2015

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fallande kronekurs ga meir verdipapirgjeld

I 1. kvartal 2015 emitterte innlendingar relativt lite obligasjonar og sertifikat, både i Noreg og utanlands. Likevel voks obligasjons- og serfikatgjelda til innlendingane med 8 prosent samanlikna med 1. kvartal året før. Gjeldsveksten er resultat av fall i kronekursen.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Mars 20159047 60612035 61512467 757
Februar 20157032 5108417 14710189 554
Januar 20156729 5188024 4379568 900
Desember 20146620 3108426 4625720 221
November 20149126 6349717 7827675 737
Oktober 20147032 2368515 20511167 786
September 201410432 26610735 82111883 458
August 20146622 59810421 0497432 893
Juli 20144216 972568 2407531 287
Juni 201410143 1989734 7588238 995
Mai 201410248 4618719 05210452 774
April 20147730 6878816 77710763 632
Mars 201410457 3638131 01714179 478

Ved utgangen av 1. kvartal 2015 var den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg på 1 901 milliardar kroner. Dette er ein vekst i innanlandsgjelda på berre 0,2 prosent rekna frå det same tidspunktet året før. Om lag 7 prosent av gjelda innanlands kjem frå lån i utanlandsk valuta. Gjeldsveksten kjem av ein auke i slike lån som følgje av eit fall i kronekursen. Finansielle føretak hadde som tidlegare den største delen av gjelda innanlands, det vil seie 41 prosent. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld: 31 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 2,4 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for sertifikat som er emitterte i Noreg, var derimot 0,2 prosent under den pålydande verdien.

Sterk vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld for norske einingar i utlandet

1 641 milliardar kroner av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar ved utgangen av mars 2015. Det utgjorde 86 prosent og var ein nedgang frå 88 prosent ved utgangen av mars året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld på 1 747 milliardar kroner frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet. Dette inneber ein auke på nær 19 prosent samanlikna med utgangen av mars eitt år tidlegare. Ein dominerande del obligasjons- og sertifikatlån i Noreg blir teken opp i norske kroner, medan låna som innlendingar tek opp i utlandet, blir tekne opp i euro, amerikanske dollar, japanske yen og i nokre tilfelle annan valuta. Frå mars 2014 til mars 2015 svekka kronekursen seg markant i høve til fleire valutaer; noko som særleg slo ut for den betydelege gjelda som innlendingar har i amerikanske dollar, euro, britiske pund og yen. Fallet i kronekursen, saman med ein mindre vekst i volumet for emisjonar utanfor Noreg, førte til at gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som norske einingar har i Noreg og utlandet, samla gjekk opp med om lag 8 prosent.

Moderate emisjonsvolum i 1. kvartal 2015

Det vart registrert 227 emisjonar av obligasjonar og 284 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 187 milliardar kroner i Noreg i 1. kvartal 2015. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var størst for obligasjonar: 110 milliardar kroner.

Frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015 gjekk talet og beløpet på emisjonar i Noreg ned med høvesvis 11 og 10 prosent. I det fyrste kvartalet i 2015 vart det òg registrert 320 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte utanfor Noreg av norske einingar. Den samla verdien på desse emisjonane var 226 milliardar kroner. Talet for emisjonane utanfor Noreg var 25 prosent mindre i 1. kvartal 2015, mens beløpet var 2 prosent større enn i same kvartalet året før.

Utlendingar tek opp mindre lån enn tidlegare

Utlendingar tok opp betydeleg mindre lån enn før og sto for berre 4 prosent av lånevolumet innanlands i 1. kvartal 2015, mot 13 prosent av volumet eitt år tidlegare. Ikkje-finansielle føretak tok òg opp mindre lån enn før og sto for 11 prosent av volumet, mot 15 prosent eitt år tidlegare. Offentleg forvaltning og finansielle føretak tok opp meir lån, og sto for høvesvis 51 prosent og 34 prosent av lånevolumet, mot høvesvis 44 og 29 prosent eitt år før.

Kredittføretaka låner mindre, mens statleg eigde aksjeselskap tek opp meir lån i utlandet.

Bankane sto for 52 prosent av lånevolumet som norske einingar tok opp utanlands i 1. kvartal 2015, mot 58 prosent i 1. kvartal året før. Statleg eigde aksjeselskap m.m. sto for 27 prosent av lånevolumet, mot berre 14 prosent eitt år tidlegare. Kredittføretaka lånte mindre enn før, og sto for 19 prosent av lånevolumet, mot 28 prosent eitt år tidlegare.