Er du 2 eller 3 år yngre enn mannen din?

Publisert:

Da er du ikkje aleine, viser det seg. For sjølv om vi er stadig eldre når vi gifter oss, har ektefellane si aldersforskjell på 2,5 år om lag ikkje endra seg sidan 1974.

— Aldersforskjellen mellom kvinner og menn som gifter seg, har heldt seg påfallande stabil over årenes løp.

Det seier forskar i SSB, Kenneth Aarskaug Wiik. Han fortel at mykje anna har endra seg i det gjennomsnittlege norske ekteskapet — for eksempel kor gamle vi er når vi gifter oss, kor mange som vel sambuarskap og arbeidsdelinga til kvinner og menn.

— Men trass andre radikale endringar i norske samliv er vi altså forbausande konservative når det kjem til alder på ektefellane våre, seier Wiik.

9 år eldre når vi gifter oss

I 1974 var kvinner i gjennomsnitt 22,8 år og menn 25,3 år da dei gifta seg for første gong. Sidan da har alderen berre gått ein veg: opp. I 2016 var kvinner 31,9 år og menn 34,6 år i snitt på bryllaupsdagen. Kvinner og menn gifter seg difor begge litt over ni år seinare i livet i 2016 enn i 1974.

Likevel har differansen mellom kjønna endra seg minimalt: frå 2,5 til 2,7 år, fortel forskaren:

— Menn og kvinner gifter seg begge om lag 3 300 dagar seinare i livet no enn før, medan aldersforskjellen dei imellom berre har endra seg med 73 dagar, forklarer Wiik.

Figur 1. Gjennomsnittsalder blant førstegongsgifte

1974 1975 1976 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Menn 25.3 25.3 25.5 25.7 25.9 26.1 26.2 26.3 26.5 26.8 27.0 27.5 27.5 27.9 28.1 28.3 28.8 29.0 29.2 29.4 29.8 30.0 30.5 30.6 31.1 31.6 31.8 32.0 32.2 32.5 32.9 33.2 33.4 33.7 34.1 33.8 33.8 34.0 34.1 34.2 34.3 34.4 34.6 34.9
Kvinner 22.8 22.9 22.9 23.1 23.2 23.6 23.6 23.7 24.0 24.3 24.4 24.9 24.9 25.3 25.5 25.8 26.2 26.4 26.6 26.9 27.2 27.6 28.0 28.3 28.6 28.9 29.2 29.3 29.5 29.7 30.0 30.4 30.6 30.8 31.2 31.0 30.9 31.1 31.3 31.4 31.6 31.8 31.9 32.3

Fleire sambuarar og færre ekteskap

At den stabile aldersforskjellen er oppsiktsvekkande, skuldast blant anna at det er så mykje anna i norske ekteskap og samliv som har endra seg over årenes løp.

For eksempel er det blitt langt meir vanleg å leve som sambuar enn før — og færre som gifter seg. Ein stadig aukande trend er at fleire unge no vel å bli verande sambuarar framføre å gifte seg, sjølv etter at dei får barn.

Sambuarskap slik vi kjenner det i dag, har ingen lang historie. Det starta rundt 1970, og det var helst unge personar som flytta saman utan å vere gift. Med årene har sambuarskap blitt meir og meir vanleg også i eldre aldersgrupper.

Barn før ekteskap slo gjennom på 1980-talet

Talet på sambuarar i Noreg er omtrent seksdobla i løpet av dei tre siste tiåra, frå vel 100 000 til om lag 600 000. Den sterkaste veksten ser ut til å ha funne stad på 1980-talet. Til forskjell frå tidlegare tiders ugifte samliv har den moderne forma for sambuarskap fått innpass i så godt som alle befolkningslag og i alle deler av landet. Både for kvinner og menn blei det på slutten av 1980-talet meir vanleg å få første barn før ein gifta seg.

Meir likestilt samliv

I løpet av dei siste 40 åra har det også skjedd store endringar på arbeidsmarknaden. Forskjellen på menn og kvinner si yrkesdeltaking har minka vesentleg og er nå berre ein fjerdedel av kva den var på 1970-talet. I 2017 var sysselsettinga 73 prosent blant menn og 67 prosent blant kvinner, fortel forskaren:

Forskjellen i sysselsetting mellom menn og kvinner var omtrent 6 prosentpoeng i fjor. På 1970-talet var forskjellen rundt 30 prosentpoeng.

Kenneth Aarskaug Wiik, SSB
 

Og i takt med at konene i større grad har kome seg ut i arbeidslivet, har mennene tatt meir ansvar heime, godt hjelpt av offentlege ordningar som til dømes pappapermen, forklarar Wiik.

— Tidlegare var det ofte slik at mannen gjekk inn i småbarnsfasen ved å jobbe enda meir, medan kvinna gjekk over på deltid eller heilt ut av arbeidsmarknaden. No ser vi at mødrer i arbeid nærmar seg den arbeidstida fedrane har.

Les også: Mødrer tener meir enn før — men framleis minst

Kontakt