Rekordlåg folkeauke i 2. kvartal

Publisert:

Noreg hadde ein folkeauke på 2 500 i 2. kvartal. Det er den lågaste kvartalsvise folkeauken SSB har registrert sidan statistikken vart oppretta i 1997.

I eit kvartal prega av tiltaka mot korona-pandemien vart det registrert 5 200 innvandringar til Noreg, viser nye tal frå befolkningsstatistikken. Til samanlikning vart det registrert i gjennomsnitt 12 600 innvandringar i kvart av dei fire føregåande kvartala. Talet på innvandringar er, til liks med folkeauken, det lågaste som har vorte registrert i SSB sin kvartalsstatistikk.

Figur 1. Innvandringar per kvartal

Innvandringar
1.kv. 2015 16926
2.kv. 2015 14103
3.kv. 2015 20484
4.kv. 2015 15829
1.kv. 2016 14496
2.kv. 2016 15652
3.kv. 2016 20573
4.kv. 2016 16170
1.kv. 2017 15247
2.kv. 2017 12440
3.kv. 2017 16793
4.kv. 2017 13752
1.kv. 2018 13325
2.kv. 2018 10747
3.kv. 2018 15585
4.kv. 2018 12895
1.kv. 2019 12333
2.kv. 2019 10641
3.kv. 2019 15009
4.kv. 2019 14191
1. kv. 2020 10498
2. kv. 2020 5248

Det var spesielt få innvandringar i byrjinga av kvartalet, før aktiviteten tok seg gradvis opp att. I april, mai og juni var det høvesvis 600, 1 600 og 2 700 innvandringar. I statistikken ligg dessutan 400 forseinka registreringar av innvandringar som fann stad i tidlegare kvartal.

Figur 2. Innvandringar i 2020 per månad

Innvandringar
Januar 4953
Februar 4045
Mars 1892
April 591
Mai 1561
Juni 2657

Framleis mange utvandringar – på papiret

Medan innvandringar vert melde inn meir eller mindre fortløpande, vert mange utvandringar aldri melde inn av utvandrarane sjølv. Personar som ein har grunn til å tru er utvandra, men som ikkje har meldt ifrå sjølv, vert med tida utvandra av folkeregisteret. I 2. kvartal vart det fatta fleire slike vedtak enn normalt – 4 400, jf. Figur 3 nedanfor – og dimed skil ikkje utvandringstala seg like mykje frå normalen som innvandringstala gjer, sjølv om den faktiske utvandringsaktiviteten sokk monaleg.

Figur 3. Vedtekne utvandringar per kvartal

Vedtak
1.kv. 2017 3571
2.kv. 2017 1871
3.kv. 2017 1560
4.kv. 2017 5494
1.kv. 2018 2693
2.kv. 2018 953
3.kv. 2018 1691
4.kv. 2018 6477
1.kv. 2019 2195
2.kv. 2019 1463
3.kv. 2019 1490
4.kv. 2019 1138
1. kv. 2020 4021
2. kv. 2020 4355

Dei såkalla vedtaksutvandringane bidreg til at folkeauken er lågare enn han ville vore i eit kvartal med ei meir normal mengde vedtak. Men merk at folkeauken ville vore låg då òg: Trekkjer ein til dømes frå helvta av vedtaksutvandringane i andre kvartal, så står ein framleis att med den lågaste folkeveksten i eit kvartal sidan 2003 (forutan fjerde kvartal 2018, då det òg var svært mange vedtaksutvandringar).

Ingen stor nedgang i innanlandske flyttingar

I eit kvartal med nedstenging og få flyttingar over landegrensa, har det ikkje vore nokon stor nedgang i talet på flyttingar mellom norske kommunar. Totalt vart det registrert 53 700 slike, medan det i andrekvartala frå 2015 til 2019 varierte frå 56 300 til 58 200. Tek ein med i berekninga at Noreg har færre og større kommunar i 2020 enn i åra før, og at flyttetala i kvartalsstatistikken berre inkluderer flyttingar mellom kommunar, så ser det ikkje ut til å ha vore færre innanlandske flyttingar enn det ville vore under meir normale omstende.

Ordinære tal for fødde og døde

Som SSB sine vekevise oppdateringar over talet på døde har vist, har det korkje dødd mange færre eller mange fleire enn normalt i Noreg dei siste månadene. Pr. 1 000 innbyggjarar er talet på døde 0,01-0,03 lågare enn i andre kvartal 2016-2019. Talet på fødde, kor det enno vil gå nokre månader før eventuelle korona-effektar kjem til syne, held elles fram med å søkka samanlikna med 2. kvartal dei siste åra. 

Kontakt