Stadig mindre folkeauke
Publisert:
Folketalet vaks med 11 200 personar i tredje kvartal. Dermed budde det 5 356 800 personar i Noreg då kvartalet var over.
- Tala er henta frå
- Befolkning
- Artikkelen er del av serien
- Befolkning (arkiv)
Takk vere sesongvariasjonar var folkeauken og fødselsoverskotet høgre i tredje kvartal enn i dei tre føregåande kvartala, men samanlikningar med tidlegare års tredjekvartalstal syner at folkeauken i Noreg held fram med å bremse opp. Det viser nye tal frå statistikken Befolkning.
Årvisse rørsler i befolkningsutviklinga
Det tredje kvartalet er ei tid på året med fleire fødslar, færre dødsfall og høgre nettoinnvandring enn dei andre kvartala. Soleis er det inga overrasking at alle desse punkta gjev oss ein monaleg større folkeauke i tredje kvartal enn vi såg i dei tre kvartala som kom føre.
Men om vi held tala opp mot tredjekvartalstal frå dei siste ti åra, ser vi at folkeauken stadig sakkar på farten. Folkesetnaden vaks med 2,1 personar per 1 000 innbyggjarar i årets tredje kvartal; tilsvarande tal har falle jamt sidan 2012, då det låg på 4,1.
Figur 1. Folkevekst per 1 000 innbyggjarar i tredje kvartal
Folkevekst per 1000 innbyggjarar | |
2010 | 4.1218423 |
2011 | 4.03928628 |
2012 | 4.10097602 |
2013 | 3.63707918 |
2014 | 3.64712705 |
2015 | 3.07824947 |
2016 | 2.92497125 |
2017 | 2.3705414 |
2018 | 2.1793342 |
2019 | 2.09112209 |
Færre fødslar og innvandringar
Det har vorte registrert 42 300 fødslar i årets ni første månader, 500 færre enn i same tidsrom i fjor. Av desse vart 14 700 registrert i tredje kvartal, noko som gjev 2,7 fødslar per 1 000 innbyggjarar i kvartalet.
Som ein kan sjå av Figur 2, har talet på fødslar per 1 000 innbyggjarar aldri vore lågare i årets ni første månader på denne sida av årtusenskiftet.
Figur 2. Fødslar per 1 000 innbyggjarar i årets tre første kvartal
Fødslar ved 1000 innbyggjarar | |
2000 | 10.2159377 |
2001 | 9.73019689 |
2002 | 9.38226737 |
2003 | 9.45121497 |
2004 | 9.54682963 |
2005 | 9.47071506 |
2006 | 9.68354043 |
2007 | 9.55103154 |
2008 | 9.77783732 |
2009 | 9.83807388 |
2010 | 9.62366068 |
2011 | 9.38813953 |
2012 | 9.28550828 |
2013 | 8.98106198 |
2014 | 8.90905827 |
2015 | 8.84041208 |
2016 | 8.75202355 |
2017 | 8.32147948 |
2018 | 8.05721371 |
2019 | 7.92643819 |
Også innvandringa har sokke etter toppåra i byrjinga av tiåret, sjølv om ho stadig er høgre enn i åra kring 2000. Nettoinnvandringa for siste kvartal var 6 200, det lågaste talet for eit tredjekvartal sidan 2006. Som ein ser av Figur 3 nedanfor, har ho likevel vore ganske stabil det siste året. På same tid som det har vorte færre innvandringar, har det nemleg òg vorte færre utvandringar.
Faktasider
Kontakt
-
Magnus Haug
-
Espen Andersen
-
SSBs informasjonstjeneste