Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Tre av fire jobbar 100 timar eller meir årleg
Om lag tre av fire personar i alderen 16-74 år hadde minst 100 timar inntektsgjevande arbeid i 2001. 80 prosent av mennene og 72 prosent av kvinnene var sysselsette 100 timar eller meir i løpet av året. Av dei sysselsette hadde 26 prosent ei arbeidstid på mindre enn 1 000 timar i året.
Dette viser tal for sysselsette i året for Folke- og bustadsteljinga 2001. Statistikken over personar 16-74 år som var sysselsette 100 timar eller meir i teljingsåret, er eit supplement til tala for sysselsette i veka 29. oktober til 4. november 2001 (teljingsveka) som SSB tidlegare har publisert. Arbeidstid i året er rekna ut basert på data frå ulike register.
Sysselsette i teljingsveka og i heile året
Det var i alt 2 442 000 personar i alderen 16-74 år som var sysselsette minst 100 timar i løpet av 2001. Desse kallar vi for sysselsette i teljingsåret. I teljingsveka var det 2 275 000 sysselsette (minst ein time arbeid i veka). Skilnaden var såleis på 167 000 personar eller 7,4 prosent, og var om lag den same for menn og kvinner. Prosent sysselsette i teljingsveka var 71 mot 76 i året. I aldersgruppa 67-74 år var 11 prosent sysselsette i teljingsveka medan 16 prosent var sysselsette minst 100 timar i året. For aldersgruppa 16-19 år var dei tilsvarande tala 46 og 59 prosent. Skilnaden på sysselsetjing i veka og året var såleis størst for dei yngste og dei eldste, det vil seie dei som normalt ikkje arbeider heile året.
Flest sysselsette i Sogn og Fjordane og Akershus
Sogn og Fjordane og Akershus hadde høgast del sysselsette i teljingsåret. Dei same fylka hadde òg dei høgaste prosentane sysselsette i teljingsveka. Skilnaden i sysselsetjingsprosent mellom året og veka varierte relativt lite mellom fylka, men han var størst for Finnmark. Her finn vi òg den kommunen der skilnaden var størst. I Kautokeino, som i teljingsveka hadde landets lågaste sysselsetjingsprosent med 58, var prosenten som var sysselsette minst 100 timar i året, 73. Skilnaden i sysselsetjingsprosent mellom året og veka var over landsgjennomsnittet for dei aller fleste kommunane som hadde låge sysselsetjingsprosentar i teljingsveka.
Flest menn med lang arbeidstid
For alle sysselsette i alderen 16-74 år var det 74 prosent som hadde ei arbeidstid på 1 000 timar eller meir i året. Blant mennene arbeidde 80 prosent meir enn 1 000 timar i året, blant kvinnene var prosenten 67. Om vi ser på sysselsette med meir enn 1 300 arbeidstimar i året, var skilnaden enda større. Prosenten for menn var da 72 og for kvinner 54.
Ni av ti unge arbeider mindre enn 1 000 timar i året
Sjølv om nærare 60 prosent av alle personar i aldersgruppa 16-19 år var sysselsette minst 100 timar i året, var det berre 10 prosent av desse om arbeidde 1 000 timar eller meir og 5 prosent som arbeidde minst 1 300 timar. For sysselsette i alderen 67-74 år var det 26 prosent som arbeidde minst 1 000 timar.
Oslo og Akershus har flest med lang arbeidstid
Flest personar som arbeidde 1 000 timar eller meir i året finn vi i Oslo og Akershus. Det var særleg kvinnene i desse fylka som arbeidde mykje. I Oslo var prosenten kvinner med arbeidstid over 1 000 timar heile 75. Dei lågaste prosentane finn vi i Agder-fylka. For menn er det Finnmark som har den lågaste prosenten av sysselsette med 1 000 timar eller meir.
Mange med kort arbeidstid i varehandel, hotell og restaurantverksemd
Innafor varehandel, hotell og restaurantverksemd var det berre 62 prosent som arbeidde meir enn 1 000 timar i året. I primærnæringane var det òg relativt mange som arbeidde mindre enn 1 000 timar. Høgaste prosenten som arbeidde 1 000 timar eller meir finn vi innafor olje- og gassutvinning.
Mange kombinerer arbeid og utdanning
Om lag 86 prosent av alle personar som var registrerte som studentar ved universitet og høgskolar per 1. oktober 2001, var òg sysselsette minst 100 timar i løpet av året. Blant elevar i vidaregåande skolar og på folkehøgskolar hadde 53 prosent arbeidd meir enn 100 timar i året. Men heile 72 prosent av dei sysselsette skoleelevane arbeidde mindre enn 500 timar og berre 12 prosent jobba meir enn 1 000 timar. Blant studentane arbeidde 43 prosent meir enn 1 000 timar i året. Sysselsetjingsprosenten for 16-årige elevar/studentar var på 30 og steig for kvart år til 87 prosent for 20-åringar. Det er verdt å merke seg at gruppa elevar/studentar ikkje berre omfattar dei som har utdanning som sin viktigaste aktivitet, men òg til dømes personar som tek ei tilleggsutdanning i samband med arbeidet sitt.
Se også: Sysselsatte i tellingsuka og utdanning.
Tabeller:
- Tabell 1 Personar 16-74 år, i alt og sysselsette minst 100 timar i året, etter kjønn, alder og utdanningsnivå. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 2 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter arbeidstid i året, kjønn og alder. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 3 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter arbeidstid i året, næring og sektor. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 4 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter kjønn, arbeidstid i året, næring og sektor. 2001. Prosent
- Tabell 5 Elevar og studentar 16-74 år i alt og som er sysselsette minst 100 timar i året, etter kjønn, alder og skoleslag. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 6 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, i alt og elevar 2, etter arbeidstid i året og næring. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 7 Personar 16-74 år, i alt og sysselsette minst 100 timar i året, etter kjønn og bustad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 8 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter kjønn, arbeidstid i året og bustad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Prosent
- Tabell 9 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter næring og bustad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Prosent
- Tabell 10 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter kjønn, arbeidstid i året og arbeidsstad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Prosent
- Tabell 11 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter næring og arbeidsstad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Prosent
- Tabell 12 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året, etter sektor og arbeidsstad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 13 Personar 16 - 74 år i alt, sysselsette minst 100 timar i året og sysselsette i veka 29. oktober-4. november, etter kjønn og alder. 2001. Absolutte tal og prosent
- Tabell 14 Personar 16-74 år sysselsette minst 100 timar i året og sysselsette i veka 29. oktober-4. november, etter kjønn, alder og næring. 2001
- Tabell 15 Personar 16-74 år i alt, sysselsette minst 100 timar i året og sysselsette i veka 29. oktober-4. november, etter bustad. Fylke, kommune og bydel. 2001. Absolutte tal og prosent
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42