7681_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7681
Rekordhøg import av elektrisk kraft
statistikk
2003-05-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetmars 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Rekordhøg import av elektrisk kraft

Det blei i mars importert 1 924 GWh elektrisk kraft som er den høgaste importen til Noreg nokon sinne på ein månad. Produksjonen var 8 903 GWh som er den lågaste produksjonen i mars sia 1980.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i januar. 1979-2003. GWh

Trenden frå tidlegare i vinter med høg import og låg produksjon held fram også i mars. Importen og eksporten var i mars høvesvis 1 924 og 204 GWh. Dette gir ein netto import på 1 720 GWh som utgjorde 16,3 prosent av det totale forbruket i Noreg. Produksjonen gjekk ned 24,7 prosent i høve til same månad i fjor. Det blei produsert 29 688 GWh i dei fyrste tre månadene i år som er ein nedgang på 19,4 prosent i høve til same periode i fjor. Dette heng saman med lite vann i magasina og mindre nedbør enn normalt. Ifølgje Meteorologisk institutt var nedbøren for Noreg 85 prosent av normalen for vintersesongen november 2002 til mars 2003. Vestlandet har fått betydeleg mindre nedbør enn normalt, mens Nord-Trøndelag, sørlege Nordland og kyst og fjordstrøka av Troms og Finnmark har fått noko meir. Noko av denne nedbøren vil være med på å etterfylle magasina utover sommaren saman med ny nedbør. Spørsmålet om kraftsituasjonen nå er korleis utviklinga blir i magasinfyllinga utover sommaren og fram til den kommande vinteren. Fyllingsgraden steig førre veke for første gang sia september i fjor. I inneverande veke (veke 18) steig fyllingsgraden med 0,7 prosentpoeng og var 19,4 prosent av total magasinkapasitet.

Lågt forbruk

Brutto forbruk innanlands i mars var 10 623 GWh som er ein nedgang på 8,9 prosent i høve til i fjor. Høgare temperatur enn normalt for mars og høge prisar bidrog til det låge forbruket. Forbruket i kraftintensiv industri var 2 421 GWh mot 2 705 GWh i mars i fjor.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller: