Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Nedgang i forbruket av straum
Sjølv om oktober var like kald som i 2002 gjekk det totale forbruket av straum ned. Alminneleg forbruk, som er temperaturavhengig, blei redusert med 7,9 prosent. Kraftintensiv industri, som står for rundt 25 prosent av det totale forbruket i Noreg, auka sitt forbruk med 8,8 prosent.
Bruttoforbruk innanlands var 10 513 GWh i oktober, som er 4,0 prosent lågare enn i 2002. Forbruket utanom kraftintensiv industri, såkalla alminneleg forbruk (offentleg og privat tenesteyting og hushald), blei redusert med 7,9 prosent i forhold til oktober i fjor. For sektorar som offentleg og privat tenesteyting og hushald, er det på kort sikt hovudsakleg temperaturen som påverkar endringar i forbruket. I delar av Sør-Noreg, kor ein stor del av befolkninga bur, var månadstemperaturen tre-fire grader lågare enn normalt i oktober. Reduksjonen i forbruket tyder på at konsumentane i nokon grad erstattar elektrisitet med alternative energikjelder til oppvarming. Salet av fyringsolje steig til dømes med over 50 prosent i august og september i forhold til i 2002. Kraftintensiv industri, som står for rundt 25 prosent av det totale forbruket i Noreg, brukte 2 764 GWh i oktober. Dette er ein auke på 8,8 prosent samanlikna med i fjor.
Moderat produksjon
Produksjonen av straum var 10 855 GWh i oktober - ein nedgang på 8,0 prosent i forhold til i fjor. Gjennomsnittleg produksjon i oktober dei siste ti åra har vore 10 310 GWh. Fyllingsgraden i magasina var i midten av oktober (veke 42) 72,9 prosent av total kapasitet. På same tidspunkt i fjor var den 78,6 prosent.
I forhold til 2002 har det dei siste fem-seks vekene av november og desember vore lågare produksjon, mildare ver og meir nedbør, noko som har ført til at fyllingsgraden i magasina nå er høgare enn på same tidspunkt i fjor. I inneverande veke (veke 50) er fyllingsgraden 60,6 prosent, medan den var 57,7 prosent i 2002.
Stabil straumpris
Prisen på straum har vore stabil i haust og i starten på vinteren. I oktober og november var den gjennomsnittlege prisen på straum i grossistmarknaden på den nordiske elektrisitetsbørsen Nordpool 28,9 og 29,7 øre/kWh. Så langt i desember har den også vore under 30 øre/kWh. I fjor steig prisen kraftig utover hausten. Magasina blei tappa raskare enn normalt som følje av at den forventande haustnedbøren ikkje kom, medan etterspørselen auka etter kvart som temperaturen sokk. I fjor var prisen 23 øre/kWh i oktober og 32 øre/kWh i november, før den i desember steig ytterlegare til 54,4 øre/kWh. Vidare utover vinteren var den 52,4 øre/kWh i januar og 36,4 øre/kWh i februar. Prisane for framtidig levering av straum på Nordpool kan vere ein god indikator på korleis prisen kjem til å utvikle seg i vinter. Denne veka blir kontraktar for levering av straum i perioden januar-april omsette til 33 øre/kWh. I fjor blei desse kontraktane omsette for over 50 øre/kWh på same tidspunkt. Dette kan tyde på at prisnivået ikkje blir så høgt som førre vinter.
Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft
Tabeller:
Kontakt
-
Magne Holstad
E-post: magne.holstad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 42
-
Ingvild Røstøen Ruen
E-post: ingvild.ruen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 97
-
Tom Jonas Billit
E-post: tom.billit@ssb.no
tlf.: 40 81 13 45
-
Thomas Aanensen
E-post: thomas.aanensen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 48