Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Godt resultat for kraftbransjen i 2001
Kraftbransjen fikk samla eit svært godt resultat i 2001, men det var store skilnader i driftsmarginen mellom dei ymse typane e-verk. Produksjonsverka hadde ein driftsmargin på 52,6 prosent, mens engrosverka hadde ein negativ driftsmargin på 6,1 prosent. Driftsresultatet for heile bransjen var 17,9 milliardar kroner som var ein auke på 53,6 prosent frå 2000.
Auken i straumprisane førde til høge driftsinntekter for aktørane i kraftbransjen i 2001. Driftsmarginen, som viser kor mykje driftsresultatet utgjer av driftsinntektene, var 19,7 prosent. Det er 2 prosentpoeng betre enn i 2000. Driftsmarginen til dei ulike typane e-verk syner store skilnader. Som tidlegare år hadde produksjonsverka den største driftsmarginen. Dei hadde ein driftsmargin på 52,6 prosent, medan engrosverka hadde ein negativ driftsmargin på 6,1 prosent. Overskotet for heile kraftbransjen auka med 37,9 prosent frå 2000 og blei på heile 9,3 milliardar. Total- og eigenkapitalrentabiliteten, som viser kva ei krone brukt av den totale kapitalen og eigenkapitalen gjev i avkastning, var 8 og 7,9 prosent. Det var ei betring på 2 og 1,8 prosentpoeng frå 2000. Kraftbransjen hadde god soliditet og eigenkapitalen utgjorde 47,5 prosent av totalkapitalen, som var 252 milliardar i 2001.
Prisauke
I 2001 var gjennomsnittleg kraftpris til sluttbrukar for alle forbrukargrupper 38,7 øre/kWh, som er ein auke på 12,5 prosent frå 2000. Det var inga stor endring i prisen på nettleiga. Den gjennomsnittlege prisen for nettleiga var 17 øre/kWh, som er 0,4 øre/kWh meir enn i 2000. Det er stor variasjon i nettleigeprisen for husstandane. Oslo hadde den rimelegaste nettleiga, medan Nord-Trøndelag hadde den dyraste. Nettleiga i Oslo og Nord Trøndelag var høvesvis 17,2 og 27 øre/kWh.
Forbruksavgifta på straum auka frå 8,56 øre/kWh til 11,3 øre/kWh i 2001. Den gjennomsnittlege totale straumrekninga for hushald, som består av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (forbruksavgift og meirverdiavgift), var 48,9 øre/kWh. Det er ein prisauke på 16,2 prosent frå 2000. Det var auken i kraftprisen og dei offentlege avgiftene som utgjorde størstedelen av denne prisauken.
Auke i forbruket av straum
Totalt netto forbruk var 113,3 TWh i 2001, som var ein auke på 2,1 prosent frå 2000. Hushald og jordbruk hadde eit nettoforbruk på 38,1 TWh, som er 3,7 prosent meir enn i 2000. Forbruket i denne sektoren har auka relativt mykje dei siste 10 åra. Industrien, utanom treforedlingsindustri, hadde eit netto forbruk på 41,9 TWh i 2001, som er 1,9 prosent meir enn i 2000. Treforedling reduserte sitt netto forbruk med 17,6 prosent frå 2000. Netto forbruk i treforedling var 6,6 TWh. Tenesteytande sektor hadde eit netto forbruk på 24,7 TWh i 2001. Det er 6,4 prosent meir enn i 2000 og forbruket i sektoren har også auka relativt mykje dei siste 10 åra.
Normal produksjon
Det blei totalt produsert 121,6 TWh i 2001, som tilnærma er berekna å vere produksjonen i eit normalår. Produksjonsbidraget frå varmekraft var 555 GWh, mens vindkraft stod for 27 GWh. Middelproduksjon i det norske kraftsystemet er berekna til 118 TWh. Gjennomsnittleg produksjon dei siste 10 åra har vore 119 TWh, der ytterpunkta var 2000 og 1996. Da var produksjonen på høvesvis 142 TWh og 104 TWh. Nordland var det fylket som produserte mest straum i 2001 og hadde ein produksjon på 14,9 TWh.
Tabeller:
- Tabell 1 Hovudtal. 1989-2001
- Tabell 2 Nyttbar, utbygd og ikkje utbygd vasskraft, etter fylke. 2001 og 2002. GWh
- Tabell 3 Vassmagasininnhald. 1994-2003. Prosent av total magasinkapasitet
- Tabell 4 Maskininstallasjon etter art. 1950, 1955 og 1960-2001
- Tabell 5 Maskininstallasjon, etter art og fylke/eigargruppe. 2001
- Tabell 6 Kraftstasjonar, etter storleik (maksimal stasjonsyting). 1974-2001
- Tabell 7 Vasskraftstasjonar, etter storleik (maksimal stasjonsyting) og fylke/eigargruppe. 2001
- Tabell 8 Liner ved slutten av året, etter type line. 1974-2001. Km
- Tabell 9 Liner ved slutten av året, etter type line og systemspenning. 2001. Km
- Tabell 10 Liner ved slutten av året, etter fylke1
- Tabell 11 Transformatorar ved slutten av året, etter fylke/eigargruppe. 2001
- Tabell 12 Produksjon, import, eksport og forbruk av elektrisk kraft. 1950, 1955 og 1960-2001. GWh
- Tabell 13 Produksjon av elektrisk kraft, etter art, fylke og eigargruppe. 1999-2001. GWh
- Tabell 14 Elektrisitetsbalanse, etter år1. 1994-2003. GWh
- Tabell 15 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2001. GWh
- Tabell 16 Nettoforbruk av fastkraft i bergverk og industri, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2001. GWh
- Tabell 17 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter type og forbrukargruppe. 2000-2001. GWh
- Tabell 18 Nettoforbruk av elektrisk kraft i alt, prioritert og uprioritert, etter forbrukargruppe og fylke. 2000-2001. GWh
- Tabell 19 Nettoforbruk i alt av elektrisk kraft i hushald per innbyggjar, etter fylke. 1993-2001. kWh
- Tabell 20 Vegde gjennomsnittprisar for kraft og nettleige, eksklusive mva. 1997-2001. øre/kWh
- Tabell 21 Prisar på kraft og overføring av kraft, etter forbrukargruppe. 2001. øre/kWh
- Tabell 22 Fordeling av kraftprisar til hushald, etter prosentilar og standardavvik. 1993-2001. øre/kWh
- Tabell 23 Prisar på elektrisk kraft og overføring av kraft til hushald, etter fylke. 2001. øre/kWh
- Tabell 24 Prisar på kraft i engrosmarknaden og konsesjonskraft. 1994-2001. øre/kWh
- Tabell 25 Gjennomsnittsprisar for import og eksport av elektrisk kraft. Sverige og Danmark. 1973-2002. øre/kWh
- Tabell 26 Kraftprisar og omsett mengd i elspotmarknaden. Per veke. 1995-2003
- Tabell 27 Kraftprisar i sluttbrukarmarknaden ekslusive avgifter. Kvartal. øre/kWh.
- Tabell 28 Kraftprisar for hushald inklusive avgifter. Kvartal. øre/kwH
- Tabell 29 Kraftprisar i engrosmarknaden. Kvartal. øre/kWh
- Tabell 30 Talet på energiverk, sysselsette, utførte årsverk, etter verksemdsområde og type verk. 2000 og 2001
- Tabell 31 Driftsrekneskap for verksemdområda for alle einingar i kraftsektoren. 2000 og 2001. Mill. kr
- Tabell 32 økonomiske hovudtal for alle einingar i kraftsektoren. 2000 og 2001. Mill. kr
- Tabell 33 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren , etter type verk. 2000-2001. Mill. kr
- Tabell 34 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2000 og 2001 . Mill. kr
- Tabell 35 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2000-2001
- Tabell 36 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. 2000-2001 . Mill. kroner
- Tabell 37 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. 2000 og 2001 . Mill. kr
- Tabell 38 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. 2000-2001
- Tabell 39 Innkjøp og sal av varige driftsmiddel, etter art. 2001. Mill. kr
- Tabell 40 Innkjøp av varige driftsmiddel, etter type anlegg, fylke og eiargruppe. 2001. Mill. kr
Statistikken blir no publisert saman med Elektrisitet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42