Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Kraftsektoren auka årsoverskotet
Årsoverskotet i kraftsektoren blei 10,5 milliardar i 2002. Det er ei forbetring i overskotet på 16,7 prosent samanlikna med 2001. I likskap med tidlegare år var det produsentverka som hadde den høgaste driftsmarginen. Totalrentabiliteten og eigenkapitalrentabiliteten for kraftsektoren var høvesvis 8 og 9 prosent i 2002.
Driftsresultatet for kraftsektoren blei 18,8 milliardar kroner i 2002, noko som er ei betring på 1 milliard frå 2001. Driftsmarginen, som viser forholdet mellom driftsresultatet og driftsinntektene, gjekk ned 0,8 prosentpoeng til 19,1 prosent. I likskap med tidlegare år, hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet. Driftsresultatet for produksjonsverka var 10,6 milliardar med ein driftsmargin på 47,5 prosent. Engrosverka hadde i 2001 ein negativ driftsmargin på 6,1 prosent som blei snudd til ein positiv driftsmargin på 12,5 prosent i 2002. Totalrentabiliteten for heile kraftsektoren var 8 prosent og uforandra frå året før, medan eigenkapitalrentabiliteten auka med eitt prosentpoeng til 9 prosent. Bruttoinvesteringane i kraftsektoren var 5 371 millionar kroner i 2002. Det er ein auke på 24,8 prosent frå 2001. Investeringane er stadig låge historisk sett dersom det samanliknas med tida før dereguleringa av kraftmarknaden i 1991. I perioden 1980-1990 var gjennomsnittleg bruttoinvestering 12,3 milliardar per år i 1998-kroner, medan gjennomsnittet var 4,9 milliardar i perioden 1991-2002 .
Høgare straumpris
Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). På landsbasis gjekk den totale prisen for hushald opp frå 48,9 øre/kWh i 2001 til 54,6 øre/kWh i 2002, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen auka frå 20,6 øre/kWh til 23,5 øre/kWh, medan nettleiga auka frå 20 øre/kWh til 22 øre/kWh. Straumprisen var i 2002 lenge lågare enn året før, men den kraftige prisauken dei siste månadene av året førte til at gjennomsnittsprisen for heile året blei høgare enn i 2001.
Produksjonsauke
Det blei produsert 130,5 TWh i 2002, ein auke på 7,3 prosent frå førre året. Berre i 2000 har det blitt produsert meir straum gjennom eit år i Noreg. Produksjonen av vasskraft var 129 837 GWh. Den resterande produksjonen var 561 GWh varmekraft og 75 GWh vindkraft. Nordland var det fylket som produserte mest straum. Produksjonen i Nordland var 17 406 GWh og stod for 13,3 prosent av den totale produksjonen i Noreg. Totalt nettoforbruk av straum var 110 TWh i 2002. Det er ein reduksjon på 2,8 prosent samanlikna med 2001. Hushald hadde ein nedgang i forbruket på 3,7 prosent i høve til året før, og enda på 33,4 TWh. Dette har blant anna samanheng med at det var 1,1 grad varmare enn normalt. Kraftintensiv industri reduserte sitt forbruk frå 32,8 TWh til 30,6 TWh. Kraftintensiv industri har langsiktige avtaler på kjøp av billig straum. Mot slutten av året var straumprisen så høg at det var lønnsamt for denne sektoren å selje noko av straumen tilbake til marknaden i staden for å bruke den til eigen produksjon.
Netto eksport av straum
Noreg importerte 5 334 GWh og eksporterte 15 045 GWh i 2002. I 2001 netto importerte Noreg 3 598 GWh, medan det blei netto eksportert 19 055 GWh i 2000. I første halvdel av 2002 var vasstanden i kraftmagasina i store delar av perioden over medianen. Det førte til høg produksjon. Ved inngangen til hausten var fyllingsgraden høg og faren for at det kunne renne over vassmagasina var til stades dersom det kom over normalt med nedbør. Den høge produksjonen fortsette ei stund utover hausten til det blei klart at nedbøren og tilsiget uteblei. Høgare produksjon enn forbruk innanlands gjennom store delar av året medverka til netto kraftflyt ut av Noreg.
Tabeller:
- Tabell 1 Hovudtal. 1989-2002
- Tabell 2 Nyttbar, utbygd og ikkje utbygd vasskraft, etter fylke. 2002 og 2003. GWh
- Tabell 3 Vassmagasininnhald. 1994-2004. Prosent av total magasinkapasitet
- Tabell 4 Maskininstallasjon, etter art. 1950, 1955 og 1960-2002
- Tabell 5 Maskininstallasjon, etter art og fylke/eiergruppe. 2002
- Tabell 6 Kraftstasjonar, etter storleik (maksimal stasjonsyting). 1974-2002
- Tabell 7 Vasskraftstasjonar, etter storleik (maksimal stasjonsyting) og fylke/eigargruppe. 2002
- Tabell 8 Liner ved slutten av året, etter type line. 1974-2002. km
- Tabell 9 Liner ved slutten av året, etter type line og systemspenning. 2002. km
- Tabell 10 Liner ved slutten av året, etter fylke1
- Tabell 11 Transformatorar ved slutten av året, etter fylke/eigargruppe. 2002
- Tabell 12 Produksjon, import, eksport og forbruk av elektrisk kraft. 1950, 1955 og 1960-2002. GWh
- Tabell 13 Produksjon av elektrisk kraft, etter art, fylke og eigargruppe. 2000-2002. GWh
- Tabell 14 Elektrisitetsbalanse, etter kvartal. 1994-2004. GWh
- Tabell 15 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2002. GWh
- Tabell 16 Nettoforbruk av fastkraft i bergverk og industri, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2002. GWh
- Tabell 17 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter type og forbrukargruppe. 2001 og 2002. GWh
- Tabell 18 Nettoforbruk av elektrisk kraft i alt, prioritert og uprioritert, etter forbrukargruppe og fylke. 2001 og 2002. GWh
- Tabell 19 Nettoforbruk i alt av elektrisk kraft i hushald per innbyggjar, etter fylke. 1993-2002. kWh
- Tabell 20 Vegde gjennomsnittsprisar for kraft og nettleige, eksklusive mva. 1997-2002. øre/kWh
- Tabell 21 Prisar på kraft og overføring av kraft, etter forbrukargruppe. 2002. øre/kWh
- Tabell 22 Fordeling av kraftprisar til hushald, etter prosentilar og standardavvik. 1993-2002. øre/kWh
- Tabell 23 Prisar på elektrisk kraft og overføring av kraft til hushald, etter fylke. 2002. øre/kWh
- Tabell 24 Prisar på kraft i engrosmarknaden og konsesjonskraft. 1994-2002. øre/kWh
- Tabell 25 Gjennomsnittsprisar for import og eksport av elektrisk kraft. Sverige og Danmark. 1973-2003. øre/kWh
- Tabell 26 Kraftprisar og omsett mengd i elspotmarknaden. Per veke. 1995-2004
- Tabell 27 Kraftprisar i sluttbrukarmarknaden eksklusive avgifter. Kvartal. øre/kWh
- Tabell 28 Kraftprisar for hushald inklusive avgifter. Kvartal. øre/kWh
- Tabell 29 Kraftprisar i engrosmarknaden. Kvartal. øre/kWh
- Tabell 30 Talet på energiverk, sysselsette, utførte årsverk, etter verksemdsområde og type verk. 2001 og 2002
- Tabell 31 Driftsrekneskap for verksemdområda for alle einingar i kraftsektoren. 2001 og 2002. Mill. kr
- Tabell 32 økonomiske hovudtal for alle einingar i kraftsektoren. 2001 og 2002. Mill. kr
- Tabell 33 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2001 og 2002. Mill. kr
- Tabell 34 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2001 og 2002. Mill. kr
- Tabell 35 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2001 og 2002
- Tabell 36 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. 2001 og 2002 . Mill. kr
- Tabell 37 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. 2001 og 2002. Mill. kr
- Tabell 38 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. 2001 og 2002
- Tabell 39 Innkjøp og sal av varige driftsmiddel, etter art. 2002. Mill. kr
- Tabell 40 Innkjøp av varige driftsmiddel, etter type anlegg, fylke og eigargruppe. 2002. Mill. kr
Statistikken blir no publisert saman med Elektrisitet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42