8497_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8497
Lågare driftsmarginar i kraftsektoren
statistikk
2005-10-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2003

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare driftsmarginar i kraftsektoren

Driftsmarginane i kraftsektoren, som gjekk noe ned frå 2001 til 2002, gjekk ytterlegare ned i 2003, men det var ei lita forbetring i overskotet på 0,5 prosent samanlikna med 2002. Årsoverskotet i kraftsektoren blei 10,6 milliardar i 2003. Totalrentabiliteten og eigenkapitalrentabiliteten for kraftsektoren var høvesvis 8,1 og 8,2 prosent.

Resultatrekneskap i 1998 kroner

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2003

Driftsresultatet for kraftsektoren auka med 2,9 prosent frå 2002 til 2003 og blei 19,4 milliardar kroner. Driftsmarginen viser forholdet mellom driftsresultat og driftsinntekt. Driftsmarginen gjekk ned 3,2 prosentpoeng til 15,9 prosent frå 2002 til 2003. Driftsresultatet for produksjonsverka var 10,9 milliardar, og dei hadde ein driftsmargin på 44,5 prosent. Samanlikna med 2002, er dette ein nedgang på 3 prosentpoeng. Engrosverka opplevde ein kraftig nedgang i driftsmargin i 2003. Frå driftsmargin på heile 12,5 prosent i 2002 fall marginen med 7,4 prosentpoeng og endte på 5,1 prosent i 2003.

Totalrentabiliteten for heile kraftsektoren var uforandra frå året før på 8,1 prosent, medan eigenkapitalrentabiliteten gjekk ned med 1,2 prosentpoeng til 8,2 prosent. Bruttoinvesteringane i kraftsektoren var 5 712 millionar kroner i 2003. Det er ein auke på 6,3 prosent frå 2002.

Stor prisauke

Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift gjekk opp frå 54,6 øre/kWh i 2002 til heile 71,3 øre/kWh i 2003, eksklusive meirverdiavgift. Dette er ein oppgang på 30,6 prosent. Medan kraftprisen var 23,5 øre/kWh i 2002, gjekk prisen kraftig opp i 2003 og endte på 37,1 øre/kWh. Prisane var generelt høgare enn i 2002 heile året igjennom, men det var spesielt dei veldig høge straumprisane dei første månadene i 2003 som førte til den høge gjennomsnittsprisen for året. Nettleiga steig frå 22 øre/kWh til 24,9 øre/kWh.

Innkjøp av varige driftsmiddel. 1998-kroner

Nyttbar, utbygd og varig verna vassdrag

Lågare produksjon av straum

Det var ein vesentleg lågare produksjon av straum i 2003 enn i 2002. Totalt vert det produsert 107,3 TWh, ein nedgang på 17,7 prosent frå i fjor. Produksjonen av vasskraft var 106 084 GWh. Den resterande produksjonen fordelte seg på 943 GWh varmekraft og 218 GWh vindkraft. Dette er meir enn ei dobling i vindkraftproduksjonen samanlikna med 2002. Den høgste produksjonen var i Nordland med 16 173 GWh. Nordland stod for 15,3 prosent av den totale produksjonen i Noreg. Totalt nettoforbruk av straum vart 104,3 TWh, ein nedgang i forbruket på 5,3 prosent samanlikna med 2002. Det har blant anna samanheng med dei høge prisane vinteren 2002/2003 og at årstemperaturen for Noreg i 2003 var 1,3 grader varmare enn normalen. Kraftintensiv industri auka forbruket med 4 prosent til 31,9 TWh, medan hushald og jordbruk reduserte forbruket med 7,7 prosent frå 2002 til 2003.

Høg netto import av straum

Medan Noreg i 2002 netto eksporterte 9 711 GWh, blei det i 2003 importert 13 472 GWh og eksportert 5 587 GWh som gir ein netto import av straum på 7 885 GWh.

Vasstanden i kraftmagasina i 2003 var generelt veldig låge. Fyllingsgraden låg godt under medianen gjennom heile året. Dette bidro i stor grad til høge prisar og høg import.

Tabeller: