Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Høge straumprisar gav høgt overskot
Høge straumprisar gav i 2006 høge overskot for kraftselskapa sjølv om produksjonen var mindre enn i 2005. Driftsresultatet auka med 21,7 prosent til 30,3 milliardar, medan årsoverskotet utgjorde 17,5 milliardar - 31,6 prosent meir enn i 2005.
Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (el-avgift og meirverdiavgift). Prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og el-avgift gjekk opp frå 62,0 øre/kWh i 2005 til 75,9 øre/kWh i 2006, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen, nettleige og el-avgift til hushald var høvesvis 41,6, 24,5 og 9,8 øre/kWh i 2006. Dei rekordhøge prisane må sjåast i samanheng med låge tilsig til vassmagasina. Ved utgangen av kvar veke frå slutten av juli til andre veka i november var avviket mellom fyllingsgraden i magasina og medianverdien meir enn 20 prosentpoeng.
Kraftprisen for treforedling og kraftintensiv industri var høvesvis 20,7 og 16,4 øre/kWh, det høgste nivået som er registrert.
Høgt driftsresultat i kraftsektoren
Driftsresultatet var 30,3 milliardar kroner i 2006, ein oppgang på heile 21,7 prosent i høve til 2005. I likskap med tidlegare år hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet. Driftsresultatet for produksjonsverka var 20,1 milliardar. Engrosverka oppnådde eit driftsresultat på 3,5 milliardar kroner, medan driftsresultatet for nettselskapa var 3,1 milliardar. Driftsmarginen viser forholdet mellom driftsresultat og driftsinntekt. Driftsmarginen gjekk ned med 5,2 prosentpoeng frå 2005 til 2006, og var 14,2 prosent for kraftsektoren totalt.
Bruttoinvesteringane i kraftsektoren totalt gjekk opp med 6,6 prosent frå 2005, og utgjorde 8,0 milliardar kroner i 2006. Investeringar i vasskraftanlegg, vasskraftstasjonar, varmekraftanlegg og vindkraftverk var høvesvis 453, 2 192, 824 og 184 millionar kroner.
Produksjon av straum
Produksjonen av elektrisk kraft i 2006 var 121,4 TWh, ein nedgang på 12,0 prosent i høve til 2005. Medan Noreg var nettoeksportør av straum i 2005, importerte vi netto 855 GWh i 2006.
Lågare forbruk
Frå 2005 til 2006 var det ein nedgang i forbruket på 2,6 prosent, og totalt nettoforbruk blei 111,1 TWh. Medan forbruket utanom treforedling og kraftintensiv industri var relativt stabilt i høve til 2005, gjekk forbruket i treforedling og kraftintensiv industri ned med høvesvis 0,9 og 1,6 TWh. Nedgangen kan sjåast i samanheng med høge straumprisar. Hushalda sitt forbruk i 2006 var 32,3 TWh, noko som er 0,4 TWh mindre enn i 2005. Nedgangen kan sjåast i samanheng med de høge prisane, i tillegg til noko høgare temperaturar i 2006 enn i året før.
Tabeller:
- Tabell 1 Hovudtal. 1989-2006
- Tabell 2 Nyttbar, utbygd og ikkje utbygd vasskraft etter fylke. 2006 og 2007. GWh
- Tabell 3 Maskininstallasjon etter art. 1950, 1955 og 1960-2006
- Tabell 4 Maskininstallasjon, etter art, fylke/eigargruppe. 2006
- Tabell 5 Kraftstasjonar, etter storleik (maksimal stasjonsyting). 1974-2006
- Tabell 6 Vasskraftstasjonar, etter storleik (maksimal stasjonsyting) og fylke/eigargruppe. 2006
- Tabell 7 Liner ved slutten av året, etter type line. 1974-2006. Km
- Tabell 8 Liner ved slutten av året, etter type line og systemspenning. 2006. Km
- Tabell 9 Liner ved slutten av året, etter fylke1
- Tabell 10 Transformatorar ved slutten av året, etter fylke/eigargruppe. 2006
- Tabell 11 Produksjon, import, eksport og forbruk av elektrisk kraft. 1950, 1955 og 1960-2006. GWh
- Tabell 12 Produksjon av elektrisk kraft, etter art, fylke og eigargruppe. 2004-2006. GWh
- Tabell 13 Elektrisitetsbalanse, etter år/kvartal. 1994-2007. GWh
- Tabell 14 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2006. GWh
- Tabell 15 Nettoforbruk av prioritert kraft i bergverk og industri, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2006. GWh
- Tabell 16 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter type og forbrukargruppe. 2005 og 2006. GWh
- Tabell 17 Nettoforbruk av elektrisk kraft i alt, prioritert og uprioritert, etter forbrukargruppe og fylke. 2005 og 2006. GWh
- Tabell 18 Nettoforbruk i alt av elektrisk kraft i hushald per innbyggjar, etter fylke. 1994-2006. kWh
- Tabell 19 Vegde gjennomsnittprisar for kraft og nettleige, eksklusive mva. 1997-2006. øre/kWh
- Tabell 20 Prisar på kraft og overføring av kraft, etter forbrukargruppe. 2006. øre/kWh
- Tabell 21 Fordeling av kraftprisar til hushald, etter prosentilar og standardavvik. 1994 - 2006. øre/kWh
- Tabell 22 Prisar på elektrisk kraft og overføring av kraft til hushald, etter fylke. 2006. øre/kWh
- Tabell 23 Prisar på kraft i engrosmarknaden og konsesjonskraft. 1994-2006. øre/kWh
- Tabell 24 Gjennomsnittsprisar for import og eksport av elektrisk kraft. Sverige og Danmark. 1973-2007. øre/kWh
- Tabell 25 Talet på energiverk, sysselsette, utførte årsverk, etter verksemdsområde og type verk. 2005 og 2006
- Tabell 26 Driftsrekneskap for verksemdsområda for alle einingar i kraftsektoren, 2005 og 2006, Mill, kr
- Tabell 27 økonomiske hovudtal for alle einingar i kraftsektoren. 2005 og 2006. Mill. kr
- Tabell 28 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2005 og 2006. Mill. kr
- Tabell 29 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter type verk. Mill. kr
- Tabell 30 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2005 og 2006.l
- Tabell 31 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. Millioner kroner
- Tabell 32 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. Millionar kroner
- Tabell 33 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe
- Tabell 34 Innkjøp og sal av varige driftsmiddel, etter art. 2006. Millionar kroner.
- Tabell 35 Innkjøp av varige driftsmiddel, etter type anlegg, fylke og eigargruppe. 2006. Millionar kroner
Statistikken blir no publisert saman med Elektrisitet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42