Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lågare driftsresultat for kraftselskapa
Driftsresultatet for kraftselskapa gjekk ned frå 30,3 milliardar i 2006 til 25,2 milliardar i 2007. Dette kan sjåast i samanheng med lågare elektrisitetsprisar i 2007, som meir enn vog opp for den auka produksjonen.
I likskap med tidlegare år hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet av kraftselskapa i 2007. Driftsresultatet for produksjonsverka var 17,1 milliardar. Engrosverka oppnådde eit driftsresultat på 1,0 milliard, medan driftsresultatet for nettselskapa og resterande verk var høvesvis 3,5 og 3,6 milliardar. Driftsmarginen viser forholdet mellom driftsresultat og driftsinntekt. Driftsmarginen auka med 0,8 prosentpoeng frå 2006 til 2007 og var 15,0 prosent for kraftsektoren.
Bruttoinvesteringane i kraftsektoren gjekk opp med 40,1 prosent frå 2006 og utgjorde 11,2 milliardar kroner i 2007. Investeringar i vasskraftanlegg, vasskraftstasjonar, varmekraftanlegg og vindkraftverk var høvesvis 600, 2 992, 1 672 og 1 016 millionar.
Elektrisitetsprisar
Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (el-avgift og meirverdiavgift). Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og el-avgift gjekk ned frå 75,9 øre/kWh i 2006 til 63,2 øre/kWh i 2007, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen, nettleige og el-avgift til hushald var høvesvis 29,2, 24,0 og 10,0 øre/kWh i 2007. Kraftprisen gjekk ned for alle sluttbrukarar frå 2006 til 2007, men ikkje for treforedling og kraftintensiv industri. For treforedling og kraftintensiv industri var kraftprisen høvesvis 22,5 og 18,6 øre/kWh, det høgaste nivået som er registrert i nominelle kroner.
Produksjon av straum
Produksjonen av elektrisk kraft i 2007 var 137,2 TWh, ein auke på 13,0 prosent i høve til 2006 og det tredje høgaste nivået som er registrert. Medan Noreg var netto importør av straum i 2006, eksporterte vi netto 10,0 TWh i 2007.
Auke i forbruk
Frå 2006 til 2007 var det ein auke i forbruket på 3,5 prosent, og totalt nettoforbruk blei 114,9 TWh. Oppgangen i straumforbruket kan sjåast i samanheng med høg økonomisk vekst og lågare elektrisitetsprisar i 2007. For Noreg sett under eit var middeltemperaturen i 2007 1,3 gradar over normalen, mot 1,8 gradar over normalen året før. Hushalda sitt forbruk i 2007 var 33,5 TWh, noko som er 1,2 TWh meir enn i 2006. Straumforbruket i hytter og fritidshus var 1,4 TWh i 2007, ein auke på 6,6 prosent i høve til året før.
Tabeller:
- Tabell 1 Hovudtal. 1989-2007
- Tabell 2 Nyttbar, utbygd og ikkje utbygd vasskraft, etter fylke. 2007 og 2008. GWh
- Tabell 3 Maskininstallasjon etter art. 1950, 1955 og 1960-2007
- Tabell 4 Maskininstallasjon, etter art, fylke/eigargruppe. 2007
- Tabell 5 Kraftstasjonar etter storleik (maksimal stasjonsyting). 1974-2007
- Tabell 6 Vasskraftstasjonar etter storleik (maksimal stasjonsyting) og fylke/eigargruppe. 2007
- Tabell 7 Liner ved slutten av året, etter type line. 1974-2007. Km
- Tabell 8 Liner ved slutten av året, etter type line og systemspenning. 2007. Km
- Tabell 9 Liner ved slutten av året, etter fylke1
- Tabell 10 Transformatorar ved slutten av året, etter fylke/eigargruppe. 2007
- Tabell 11 Produksjon, import, eksport og forbruk av elektrisk kraft. 1950, 1955 og 1960-2007. GWh
- Tabell 12 Produksjon av elektrisk kraft, etter art, fylke og eigargruppe. 2005-2007. GWh
- Tabell 13 Elektrisitetsbalanse etter år. 1994-2007. GWh
- Tabell 14 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2007. GWh
- Tabell 15 Nettoforbruk av prioritert kraft i bergverk og industri, etter forbrukargruppe. 1960 og 1965-2007. GWh
- Tabell 16 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter type og forbrukargruppe. 2006 og 2007. GWh
- Tabell 17 Nettoforbruk av elektrisk kraft i alt, prioritert og uprioritert, etter forbrukargruppe og fylke. 2006 og 2007. GWh
- Tabell 18 Nettoforbruk i alt av elektrisk kraft i hushald pr. innbyggjar, etter fylke. 1994-2007. kWh
- Tabell 19 Vegde gjennomsnittprisar for kraft og nettleige, eksklusive mva. 1997-2007. øre/kWh
- Tabell 20 Prisar på kraft og overføring av kraft, etter forbrukargruppe. 2007. øre/kWh
- Tabell 21 Fordeling av kraftprisar til hushald, etter prosentilar og standardavvik. 1994 - 2007. øre/kWh
- Tabell 22 Prisar på elektrisk kraft og overføring av kraft til hushald, etter fylke. 2007. øre/kWh
- Tabell 23 Prisar på kraft i engrosmarknaden og konsesjonskraft. 1994-2007. øre/kWh
- Tabell 24 Gjennomsnittsprisar for import og eksport av elektrisk kraft. Sverige og Danmark. 1973-2008. øre/kWh
- Tabell 25 Talet på energiverk, sysselsette, utførte årsverk, etter verksemdsområde og type verk. 2006 og 2007
- Tabell 26 Driftsrekneskap for verksemdsområda for alle einingar i kraftsektoren. 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 27 økonomiske hovudtal for alle einingar i kraftsektoren. 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 28 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2006 og 2007. Millionar kroner
- Tabell 29 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter type verk. Millionar kroner
- Tabell 30 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2006 og 2007
- Tabell 31 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. Mill. kr
- Tabell 32 Rekneskapsbalanse for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. Millionar kroner
- Tabell 33 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe
- Tabell 34 Innkjøp og sal av varige driftsmiddel, etter art. 2007. Millionar kroner
- Tabell 35 Innkjøp av varige driftsmiddel, etter type anlegg, fylke og eigargruppe. 2007. Millionar kroner
Statistikken blir no publisert saman med Elektrisitet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42