Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stor oppgang i driftsresultatet for kraftselskapa
Driftsresultatet for kraftselskapa blei 37,7 milliardar kroner i 2010, ein auke på 29 prosent i høve til året før. Dette kan ein sjå i samanheng med høgare elektrisitetsprisar i 2010, som meir enn vog opp for lågare produksjon.
I likskap med tidlegare år hadde produksjonsverka det høgaste driftsresultatet på 27,5 milliardar kroner. Nettselskapa oppnådde eit driftsresultat på 6,6 milliardar kroner, medan driftsresultatet for resterande verk var 3,6 milliardar kroner.
Årsoverskotet i kraftsektoren blei 21,8 milliardar kroner i 2010. Dette er ein auke på 26 prosent i høve til året før. Årsoverskot er driftsresultat tillagt finansresultat, avsetning til skatt og netto ekstraordinære kostnader.
Oppgang i bruttoinvesteringane
Bruttoinvesteringane for kraftselskapa gjekk opp frå 10,9 milliardar i 2009 til 11,8 milliardar kroner i 2010. Bruttoinvesteringar er innkjøp minus sal av varige driftsmiddel. Samla blei det investert for 4,2 milliardar, 4,8 milliardar og 2,8 milliardar kroner i høvesvis kraftstasjonar, nett og andre driftsmiddel. Bruttoinvesteringar i vasskraftstasjonar var 3 495 millionar kroner, medan bruttoinvesteringar i varmekraft- og vindkraftverk var høvesvis 122 og 633 millionar kroner. Det vart investert i sentral-, regional- og distribusjonsnett for høvesvis 779 millionar, 972 millionar og 3 026 millionar kroner i 2010.
Auke i straumforbruket
Frå 2009 til 2010 var det ein auke i det totale nettoforbruket av straum på 7 prosent, og forbruket blei 120,6 TWh. Forbruket i tenesteyting og hushald gjekk opp med høvesvis 1,3 TWh og 3,1 TWh. Oppgangen kan sjåast i samanheng med kaldare ver i 2010. Straumforbruket i kraftintensiv industri auka med 2,1 TWh.
Oppgang i elektrisitetsprisane for hushald
Den totale straumrekninga for hushald er sett saman av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (elavgift og meirverdiavgift). Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift gjekk opp frå 71,5 øre/kWh i 2009 til 87,4 øre/kWh i 2010, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen, nettleige og elavgift til hushald var høvesvis 49 øre/kWh, 27,7 øre/kWh og 10,7 øre/kWh i 2010.
Høgast straumproduksjon i Nordland
Produksjonen av elektrisk kraft var 123,6 TWh i 2010, ein nedgang på 6 prosent i høve til året før. Produksjonsbidraget frå varmekraft var 5,6 TWh, medan vindkraft stod for om lag 0,9 TWh. Blant fylka vart det produsert mest elektrisitet i Nordland i 2010. Straumproduksjonen i dette fylket utgjorde 13 prosent av den totale kraftproduksjon.
Noreg eksporterte 7,1 TWh i 2010, medan det ble importert 14,7 TWh. Dette ga ein netto import på 7,6 TWh.
Tabeller:
- Tabell 01 Kraftstasjonar etter storleik (maksimal stasjonsyting). 1974-2010
- Tabell 02 Vasskraftstasjonar etter storleik (maksimal stasjonsyting) og fylke/eigargruppe. 2010
- Tabell 03 Produksjon, import, eksport og forbruk av elektrisk kraft. 1950, 1955 og 1960-2010. GWh
- Tabell 04 Produksjon av elektrisk kraft, etter art, fylke og eigargruppe. 2008-2010. GWh
- Tabell 05 Nettoforbruk av elektrisk kraft, etter type og forbrukargruppe. 2009 og 2010. GWh
- Tabell 06 Nettoforbruk av elektrisk kraft i alt, prioritert og uprioritert, etter forbrukargruppe og fylke. 2009 og 2010. GWh
- Tabell 07 Nettoforbruk i alt av elektrisk kraft i hushald pr. innbyggjar, etter fylke. 1994-2010. kWh
- Tabell 08 Prisar på kraft og nettleige av kraft utan avgifter, etter forbrukargruppe. 2010. øre/kWh
- Tabell 09 Prisar på elektrisk kraft og overføring av kraft til hushald, etter fylke. 2010. øre/kWh
- Tabell 10 Prisar på kraft i engrosmarknaden og konsesjonskraft. 1994-2010. øre/kWh
- Tabell 11 Talet på energiverk, sysselsette, utførte årsverk, etter verksemdsområde og type verk. 2009 og 2010
- Tabell 12 økonomiske hovudtal for kraftsektoren. 2000-2010. Mill. kr
- Tabell 13 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2009 og 2010. Millionar kroner
- Tabell 14 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter type verk. 2009 og 2010.
- Tabell 15 Resultatrekneskap for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe. Millionar kroner
- Tabell 16 Nøkkeltal for føretak i kraftsektoren, etter eigargruppe
- Tabell 17 Innkjøp og sal av varige driftsmiddel, etter art. 2010. Millioner kroner
- Tabell 18 Innkjøp av varige driftsmiddel, etter type anlegg, fylke og eigargruppe. 2010. Millioner kroner
Statistikken blir no publisert saman med Elektrisitet.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42