Innhald
Publisert:
Oppdatert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Statistikken for årlig sal av petroleumsprodukt, som ble publisert 4. april, vart trekt tilbake på grunn av feil. Det samla salet av petroleumsprodukt er revidert opp, men syner framleis ein samla nedgang. Revisjonen påverka i hovudsak salet av autodiesel.
Liten reduksjon i samla sal av petroleumsprodukt
Det samla salet av petroleumsprodukt enda på om lag 8,7 milliardar liter, som er ein reduksjon på 152 millionar (1,7 prosent) liter samanlikna med 2014. Dette er femte året på rad at vi syner ein reduksjon i samla sal.
Produkt | 2015 | Endring frå sist år i prosent | 2014 | 2013 | 2012 | 2011 |
---|---|---|---|---|---|---|
1Andre produkt: Kondensert petroleumsgass (LPG), kondensert naturgass (NGL), flybensin og bitumen/veiolje, asfalt | ||||||
Rettet 12. april 2016. | ||||||
Samla sal | 8 734 718 | -1,7 | 8 886 519 | 9 279 405 | 9 635 521 | 9 675 121 |
Bilbensin | 1 177 111 | -5,5 | 1 245 866 | 1 307 255 | 1 394 801 | 1 489 193 |
Autodiesel | 2 993 494 | 3,2 | 2 901 274 | 2 796 794 | 2 729 695 | 2 621 627 |
Anleggsdiesel | 879 721 | 2,5 | 858 561 | 920 622 | 865 735 | 840 680 |
Marine gassolje | 1 476 506 | -2,4 | 1 512 646 | 1 745 412 | 1 897 385 | 1 856 179 |
Lett fyringsolje | 245 101 | -0,7 | 246 747 | 342 305 | 356 894 | 421 189 |
Fyringsparafin | 36 508 | -6,4 | 39 000 | 55 655 | 47 023 | 61 942 |
Jetparafin | 1 123 932 | -4,0 | 1 170 885 | 1 097 950 | 1 082 225 | 1 010 500 |
Tungdestillat og tungolje | 139 471 | -50,3 | 280 371 | 397 406 | 422 958 | 508 574 |
Smøremiddel | 49 065 | -16,8 | 58 943 | 70 951 | 67 840 | 70 082 |
Andre | 613 809 | 7,3 | 572 226 | 545 055 | 770 965 | 795 155 |
Samla sal av bensin og autodiesel enda på 4,17 milliardar liter i 2015, ein liten auke på 23 millionar liter samanlikna med året før. Samla stod dei to drivstoffa for om lag 48 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2015. Det er auka autodieselsal som gir den samla auken. Salet av nesten alle andre petroleumsprodukt vart redusert i 2015.
Fortsatt auka sal av autodiesel
I perioden 2010 til 2015 har salet av autodiesel auka jamt frå år til år. Det vart selt rett under 3 milliardar liter autodiesel i 2015, 92 millionar liter meir enn i 2014 (3,2 prosent). Samstundes vart prisen redusert. I 2015 kosta ein liter autodiesel i gjennomsnitt 12,23 kroner. Dette er 88 øre mindre enn gjennomsnittsprisen året før.
Nedgangen i bensinsalet held fram
Det vart selt om lag 1,18 milliardar liter bensin i 2015, ein reduksjon på 69 millionar (5,5 prosent) liter frå året før. Dei seks siste åra har det vært ein jamn reduksjon i bensinsalet frå år til år. Gjennomsnittsprisen på ein liter 95 oktan blyfri bensin vart redusert med 82 øre frå 2014 og var i gjennomsnitt 13,96 kroner per liter i 2015.
Andelen biodrivstoff auka
Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff, og i 2015 vart det tilsett 190 millionar liter. Dette ga ein samla innblanding av biodrivstoff på rett under 4,6 prosent, syner oppgåver innhenta om salet av biodrivstoff. I 2014 var andelen på 4,2 prosent. Ser ein bensin og autodiesel kvar for seg, vart bioandelen for autodiesel på 5,7 prosent og for bensin 1,7 prosent i 2015.
Mindre bruk av marine gassoljer, tungolje og tungdestillat
Marine gassoljer stod for om lag 17 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og det vart selt 1,5 milliardar liter i 2015. Dette er 36 millionar liter mindre enn i 2014.
I 2015 vart salet av tungdestillat og tungoljer over halvert samanlikna med året før. I 2014 vart det selt 280 millionar liter, i 2015 enda salet på 139 millionar liter. I industrien er tungolje og tungdestillat nesten fasa ut.
Tungolje og tungdestillat vert også nytta som drivstoff til skip, og det har vore politisk ynske om overgang til alternative type drivstoff med lågare svovelinnhald, som er meir miljøvenlege. Internasjonale lovverk som forbyr bruk av drivstoff med høgt svovelinnhald, vart gjeldande frå januar 2015 og er mye av årsaka til at salet vart kraftig redusert.
Stabilt sal fyringsolje og fyringsparafin dei to siste åra
I 2010 vart det selt 633 millionar liter fyringsolje og fyringsparafin. Fem år seinare er salet meir enn halvert og enda på 282 millionar liter. Samanliknar ein tal frå 2014 til 2015, vart salet berre redusert med om lag 4 millionar liter.
I klimaforliket frå 2012 vart det foreslått forbod mot bruk av fossil fyringsolje frå 2020. Målet er å få hushald og industrien til å skifte frå oljefyring til meir klimavenleg og fornybar energi.
47 millionar liter mindre jetparafin
Det vart selt om lag 1,1 milliardar liter jetparafin i 2015. Dette er ein reduksjon på 47 millionar liter frå 2014. Sal av jetparafin stod for litt under 13 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.
Reviderte tal 2009–2014Åpne og lesLukk
For perioden 2009–2014 er det gjort ein metodeendring i behandling av LNG og jetdrivstoff som har påverka innanlandsk sal av desse produkta. Samstundes har ein metodeendring knytt til plasseringar i næringar gitt meir sal til næringa Engroshandel med drivstoff og brensel. Total sal av petroleumsprodukt er i liten grad påverka av desse endringane. For 2014 er det tatt inn nye oppdaterte tal for import som har ført til endringar for fleire petroleumsprodukt dette året samanlikna med tala som vart publisert i mars 2014.
Kontakt
-
Sigrun Kristoffersen
E-post: sigrun.kristoffersen@ssb.no
tlf.: 48 00 21 92
-
Malin Bjelvert
E-post: malin.bjelvert@ssb.no
tlf.: 40 81 15 02