25527_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
25527
Auka sal av autodiesel
statistikk
2001-03-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstofffebruar 2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av autodiesel

Til tross for nedgang i samla sal av petroleumsprodukt, var det ein auke i salet av autodiesel med 4,8 prosent i februar. Sal av bilbensin viste også ein svak auke på 0,3 prosent.

Samla sal av petroleumsprodukt vart redusert med 3,0 prosent i februar i år frå februar i fjor, og utgjorde 730 millionar liter. Sal av petroleumsprodukt utanom bilbensin og autodiesel viste nedgang på 6,9 prosent i februar. For dei siste 12 månadene vart samla sal redusert med 7,0 prosent. Både sal av autodiesel og bilbensin viste reduksjon dei siste 12 månadene med respektive 0,5 og 1,6 prosent.

Sal av lette fyringsoljer og fyringsparafin viste ein nedgang på 18,3 prosent dei siste 12 månadene. Fyringsparafin hadde nedgang i salet også i februar på 8,0 prosent. Samstundes var det auke i salet av lette fyringsoljer på 13,0 prosent.

Sal fordelt på kjøpargrupper: Stor nedgang til offentleg verksemd

For siste 12 månader var det nedgang i salet til dei fleste kjøpargrupper. Sal til industri, bergverk, kraftforsyning og olje- og gassutvinning gikk ned 13,4 prosent, medan sal til transport viste nedgang på 4,4 prosent. Av anna sal ser vi spesielt stor nedgang til offentleg verksemd. Dette salet gikk ned med 23,8 prosent.

Sal fordelt på fylke: Størst nedgang i Finnmark og Akershus

Samla sal av petroleumsprodukt viste størst nedgang i Finnmark og Akershus med respektive 21,1 og 20,7 prosent for siste 12-månadersperiode. Størst auke i salet vart registrert i Oslo med 14,2 prosent. Fordelt på produkt ser vi størst nedgang i bensinsalet i Finmark med 6,8 prosent, og størst nedgang i autodiesel i Nordland med 7,3 prosent. Størst auke viste salet av bilbensin i Telemark med 3,2 prosent og av autodiesel i Oslo med 10,4 prosent.

Det var 20 utkøyringsdagar i februar i år mot 21 i fjor.

Tabeller: