8934_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8934
Auka sal av petroleumsprodukt
statistikk
2005-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffaugust 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av petroleumsprodukt

Salet av petroleumsprodukt synte ein auke på 4,9 prosent i august, samanlikna med august i fjor. Samla sal av petroleumsprodukt var på 878 millionar liter, ein auke på 41 millionar liter frå same periode i 2004.

Salet av autodiesel auka med 7,4 prosent til 223 millionar liter i august, medan salet av bilbensin vart redusert med 3,2 prosent til 200 millionar liter. Det vart selt 81 millionar liter jetdrivstoff - opp heile 13,7 prosent frå august i fjor.

Sal av fyringsprodukt

Samla sal av fyringsprodukt var i august 43 millionar liter. Salet av fyringsparafin og lette fyringsoljer vart redusert med høvesvis 5,9 og 20,5 prosent. Det vart selt 12 millionar liter fyringsparafin og 31 millionar liter lette fyringsoljer. Tunge fyringsoljer auka salet med 26,5 prosent og utgjorde for august 61 millionar liter.

Det var 23 utkøyringsdagar i august i år, mot 22 i august i fjor.

Tabeller: