8928_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/arkiv
8928
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2005-12-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffnovember 2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Salet av petroleumsprodukt synte ein nedgang på 0,8 prosent i november, samanlikna med november i fjor. Størst reduksjon synte salet av fyringsprodukt, i tillegg var det ein liten reduksjon i salet av bilbensin. Auken i dieselsalet held fram.

Det vart selt totalt 784 millionar liter av dei ulike petroleumsprodukta i november. Dette er 7 millionar liter mindre enn i november i fjor. Salet av jetdrivstoff synte ein kraftig auke samanlikna med november i fjor, tilsvarande 34,6 prosent. Den stabile auken i salet av diesel held fram med 5,2 prosent meir selt i november i år, dette tilsvarar ein auke på 11 millionar liter. Samstundes held reduksjonen i salet av bilbensin fram med ein reduksjon på 8 millionar liter, tilsvarande 4,2 prosent. Salet av fyringsprodukt vart redusert frå 80 til 55 millionar liter samanlikna med same periode i 2004, ein nedgang på 30,2 prosent

Det var 22 utkøyringsdagar i november, det same som i november 2004.

Tabeller: