24473_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24473
Energinæringane løfta produksjonen
statistikk
1999-07-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Energinæringane løfta produksjonen

Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning viste ein sesongjustert auke på 0,9 prosent frå april til mai. Auka olje- og kraftproduksjon løfta totalindeksen. I industrien var det ein sesongjustert nedgang på 3,5 prosent. Dette kjem mellom anna frå ei svakare utvikling innan verkstadnæringane.

Olje- og gassutvinninga har hatt ein sesongjustert auke på 3,5 prosent frå april til mai. Den var då 0,7 prosent høgare enn i tilsvarande månad i fjor, dersom vi ser på vekekorrigerte tal. Etter ein periode med tekniske problem har produksjonen auka igjen på fleire felt. Det har elles vore ein sesongjustert auke i kraftproduksjonen på 6,8 prosent. Dersom vi samanliknar vekekorrigert statistikk var produksjonen om lag 11 prosent høgare enn i same månad i fjor.

Tabell 1    Produksjonsindeksen for industrien, mai 1999   
  Vekekorrigerte Sesongjustert
  Mai. 98-mai .99 Jan.-mai. 98-jan.-mai.99 Apr. 99- mai. 99 Førre 3 md.
Totalindeksen -2,0 -2,6 0,9 -1,2
         
Olje- og gassutvinning 0,7 -4,9 3,5 -3,4
Industri -6,4 -1,4 -3,5 -0,9
Kraftforsyning 11,4 2,8 6,8 1,5
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -7,5 -2,2 -5,6 -0,5
Investeringsvarer -2,9 1,0 -2,4 -1,5
Konsumvarer -6,8 -3,2 0,4 0,1
Energivarer 2,3 -3,7 4,4 -2,2

1Omrekna til standardmånad og korrigert for ulikt tal arbeidsdagar per veke.

Mer informasjon: Seksjon for økonomiske indikatorer.

Nedgang i verkstadnæringane

Dei tradisjonelle verkstadnæringane har hatt ein sesongjustert nedgang frå april til mai. Dette kjem etter ein periode med høg aktivitet. Dersom vi ser bort frå plattformindustri, har dei andre verkstad-næringane hatt ein klart lågare produksjon i mai 1999 samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Ein situasjon med aukande konkurranse og ein svakare ordretilgang og etterspørsel har virka inn på dette.

Nedgang i kjemisk industri og innanfor oljeraffinering

Driftsproblem for einskilde verksemder innanfor kjemisk industri har virka inn på den negative utviklinga frå april til mai for denne næringa. Det har elles vore ein planlagt revisjonsstans i mai for ein viktig aktør innan oljeraffinering. For gummi- og plastindustrien har store svingingar i ordre-situasjonen på kort sikt virka negativt inn på produksjonen.

1999 (C) Statistisk sentralbyrå