24448_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24448
Energinæringane løfta produksjonen
statistikk
1999-09-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Energinæringane løfta produksjonen

Produksjonen innafor olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning viste ein sesongjustert auke på 5,8 prosent frå juni til juli i år. Energinæringane løfta totalproduksjonen. Verkstadnæringane trekkjer ned produksjonen i industrien.

Kraftproduksjonen har hatt ein sesongjustert auke på 11,5 prosent frå juni til juli. Det har vore ein rekordhøg eksport av elektrisk kraft i juli. Dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal, var produksjonen om lag 26 prosent høgare enn i tilsvarande månad i fjor. Olje- og gassutvinninga viser ein sesongjustert auke på 1,4 prosent frå juni til juli, og i vekekorrigerte tal er produksjonen litt under 1 prosent høgare enn i tilsvarande periode i fjor. Fleire nye oljefelt har starta opp produksjonen gjennom 1999.

Produksjonsindeksen for industrien, juli 1999. Prosentvis endring
  Vekekorrigerte1 Sesongjustert
  Juli 98-juli 99 Jan.-juli 98-jan.-juli 99 Jun. 99-juli 99 Førre 3 md.
Totalindeksen 5,8 -1,7 5,8 2,5
         
Olje- og gassutvinning 0,7 -4,4 1,4 2,2
Industri -2,4 -1,5 -0,2 -2,0
Kraftforsyning 26,2 6,5 11,5 15,4
         
Etter varetype        
  Innsatsvarer -4,4 -2,1 -0,2 -2,4
  Investeringsvarer -0,9 1,0 -2,2 -0,2
  Konsumvarer -2,5 -2,9 -1,6 -1,8
  Energivarer 4,5 -2,7 2,7 3,7

1Omrekna til standardmånad og korrigert for ulikt tal arbeidsdagar per veke.

Nedgang i verkstadnæringane

Produksjonen i industrien viser ein sesongjustert nedgang på 0,2 prosent frå juni til juli i år. Nedgang i verkstadnæringane spelar inn her. Dersom vi samanliknar vekekorrigerte tal, var produksjonen 2,4 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor. Store delar av tradisjonell verkstadindustri har hatt ein nedgang frå juli i fjor til juli i år. Ein situasjon med lågare investeringar og dårlegare norsk konkurranseevne har virka inn på dette. Lågare vekst hos sentrale land for norsk eksport, og ein lågare ordretilgang og etterspørsel i norsk industri kjem i tillegg.

Frigitt 6. september 1999 (C) Statistisk sentralbyrå