24428_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24428
Nedgang i verkstadnæringane
statistikk
1999-11-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i verkstadnæringane

Industriproduksjonen har vore om lag uendra gjennom 3. kvartal viser sesongjusterte tal. Frå august til september i år har verkstadnæringane hatt ei negativ utvikling, medan kjemisk industri og metallindustri har hatt ein auke i produksjonen.

Vekekorrigerte tal viser at produksjonen innan industrien er om lag 3 prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor. Dersom ein samanliknar tal for perioden frå januar til september i år med same tidsrom i fjor er bildet om lag det same.

Nedgang i verkstadnæringane

Svakare etterspurnad og aukande konkurranse over tid har sendt delar av verkstadnæringane inn i ein situasjon med svakare produksjon. Omfanget av dette vil sannsynlegvis auke framover på grunn av ei svak utvikling i ordresituasjonen, spesielt for skipsverfta og plattformindustrien. Aktiviteten innan transportmiddelindustrien viser ein vekekorrigert nedgang på vel 9 prosent i september samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Plattformindustrien er inne i ein liknande fase, men her vil det venteleg gå noko lenger tid før aktiviteten blir vesentleg lågare. Produksjonsomfanget i september var om lag 3 prosent lågare enn på same tid i fjor. Enkelte aktørar har framleis full aktivitet, medan andre er komne inn i fasen med permitteringar og oppseiingar. Delar av maskinindustrien er også råka av den svake etterspurnaden frå selskap knytte til aktivitetane i Nordsjøen.

Positivt for kjemisk og metallurgisk industri

God eksportretta etterspurnad har sikra ei positiv utvikling i produksjonen innan kjemisk- og metallurgisk industri. Kjemisk industri har hatt ein moderat sesongjustert auke på 0,5 prosent, medan metallindustrien kan vise til ein auke på 2,0 prosent frå august til september.

Energivarer trekkjer ned totalindeksen

Sesongjustert nedgang i olje- og gassutvinninga og i kraftproduksjonen fører til at totalindeksen får ein klår nedgang frå august til september. Frå januar til september i år viser totalindeksen ein vekekorrigert nedgang på vel 1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Utviklinga i produksjonen av energivarer, innsatsvarer og konsumvarer har medverka til dette.

Produksjonsindeksen for industrien, september 1999. Prosentvis endring
  Ukekorrigert1 Sesongjustert
  Sep. 98-sep. 99 Jan.-sep. 98-jan.-sep. 99 Aug. 99-sep. 99 Forrige 3 md.
Totalindeksen -3,4 -1,2 -5,6 3,8
         
Olje- og gassutvinning -1,3 -1,7 -5,9 2,4
Industri -3,2 -2,1 0,1 0,1
Kraftforsyning -2,1 5,6 -14,6 6,8
         
Etter varetype        
  Innsatsvarer -1,9 -2,9 1,6 0,3
  Investeringsvarer -3,9 0,1 -5,0 0,1
  Konsumvarer -4,2 -3,1 -1,3 0,1
  Energivarer -1,2 -0,6 -7,9 3,1

1Omregnet til standardmåned og korrigert for ulike antall arbeidsdager per uke.

Frigitt 5. november 1999 (C) Statistisk sentralbyrå