24419_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24419
Olja løfter totalproduksjonen
statistikk
1999-12-03T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Olja løfter totalproduksjonen

Produksjonen innanfor olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning viste ein sesongjustert auke på 1,5 prosent frå september til oktober. Energinæringane løfta totalproduksjonen. Svak etterspurnad frå heimemarknaden har virka inn på industriproduksjonen.

Ein auke i olje- og gassutvinninga trekkjer produksjonen av energivarer opp frå september til oktober. Dette heng saman med ein auke i produksjonen frå felt som er komne i drift i år og ein auka leiteaktivitet etter olje og gass. Utvinninga av olje og gass i oktober var 2 prosent høgare enn på same tid i fjor. For perioden januar til oktober 1999 var oljeproduksjonen framleis noko lågare enn i same tidsrom i fjor. Auken i leiteaktiviteten etter olje og gass skjer frå eit lågt nivå i september, og omfanget av leiteaktiviteten har variert gjennom 1999.

Utviklinga innanfor industrien

Svakare etterspurnad og aukande konkurranse gjennom dei siste åra har sendt delar av verkstadnæringane inn i ein situasjon med svakare produksjon. Omfanget av dette vil sannsynlegvis auke framover på grunn av ei svak utvikling i ordresituasjonen. Dersom vi ser på 3. kvartal i år var tilgangen av ordre frå den norske marknaden 13 prosent under nivået på same tid i fjor. Dette har til no gått spesielt utover metallvare- og transportmiddelindustrien. God eksportretta etterspurnad har auka produksjonen i industri knytt til oljeraffinering.

Produksjonsindeksen for industrien, oktober 1999. Prosentvis endring
  Ukekorrigert1 Sesongjustert
  Okt. 98-okt. 99 Jan.-okt. 98-jan.-okt.99 Sep. 99-okt. 99 Forrige 3 md.
Totalindeksen -1,5 -1,3 1,5 -1,1
         
Olje- og gassutvinning 2,0 -1,4 3,9 0,5
Industri -2,1 -2,1 -0,1 0,1
Kraftforsyning -8,0 4,1 -3,7 -8,7
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -0,7 -2,6 -1,0 0,9
Investeringsvarer -3,5 -0,4 0,1 -0,4
Konsumvarer -3,2 -3,1 0,2 -0,1
Energivarer 0,3 -0,5 3,9 -1,1
1  Omregnet til standardmåned og korrigert for ulike antall arbeidsdager per uke.