24407_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/arkiv
24407
Små endringar i industrien
statistikk
2000-01-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industrien

Det har vore små endringar i samla industriproduksjon gjennom dei seks siste månadene. Produksjonen innanfor industrien viser ein sesongjustert auke på 0,3 prosent frå oktober til november. Auka utvinning av olje og gass trekkjer opp totalindeksen.

Dette heng saman med nye oljefelt som er komne i produksjon på slutten av 1999 og ein høg produksjon av naturgass. Samla olje- og gassproduksjon vil bli om lag den same som i 1998 eller noko mindre.

Utviklinga innanfor industrien

I dei elleve første månadene av 1999 var produksjonen i industrien 2,3 prosent lågare enn i den tilsvarande perioden i 1998. Svakare etterspurnad og aukande konkurranse har sendt delar av verkstadnæringane inn i ein situasjon med svakare produksjon. Omfanget av dette vil sannsynlegvis auke framover på grunn av ei svak utvikling i ordresituasjonen. Lågare samla investeringar i industrien gjennom 1999 har også verka inn på dette.

Vekst i delar av industrien

Kjemisk industri og metallindustri har hatt ei betre utvikling gjennom 2. halvår 1999 knytt til ein god eksportretta etterspurnad. Begge desse næringane har hatt ein sesongjustert auke på om lag 2 prosent gjennom dei tre siste månadene. Næringsmiddelindustrien har også hatt ei positiv utvikling gjennom den siste delen av 1999. Endringane i desse næringane har gjort at årsveksten i trenden for samla industriproduksjon er noko mindre negativ i siste halvdelen av 1999, til og med november, enn tidlegare på året.

Produksjonsindeksen for industrien. November 1999.
Prosentvis endring
  Ukekorrigert1 Sesongjustert
  November 1998-
november 1999
Januar-november 1998-
januar-november 1999
Oktober 1999-
november 1999
Forrige 3 md.
Totalindeksen 2,0 -1,0 3,0 -2,8
         
Olje- og gassutvinning 8,3 -0,5 6,3 0,9
Industri -3,5 -2,3 0,3 -0,4
Kraftforsyning 0,7 3,8 7,6 -14,4
         
Etter varetype        
Innsatsvarer -2,2 -2,6 0,2 0,3
Investeringsvarer -7,1 -1,0 0,5 -3,5
Konsumvarer -2,5 -3,0 1,9 0,0
Energivarer 6,5 0,2 4,4 -2,3
1  Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke.