Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Investeringsvarer trekkjer ned
Produksjonen innanfor industrien var i februar i år 2,7 prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Ein klår nedgang i produksjonen av investeringsvarer knytt til aktiviteten i Nordsjøen har verka inn på dette.
Innanfor produksjon av investeringsvarer har metallvare- , maskin- og transportmiddelindustrien hatt den sterkaste nedgangen gjennom det siste året. Transportmiddelindustrien har likevel ein betre ordresituasjon no enn i siste halvdel av 1998 og første halvdel av 1999. Denne auken kjem i hovudsak frå marknaden innanlands, og ser ut til å vere fordelt på fleire aktørar i næringa. Produksjonen i verkstadnæringane utanom oljeplattformer var likevel rundt 10 prosent lågare enn i februar 1999.
Lågare investeringar til feltutbygging i Nordsjøen gjennom 1999 har redusert produksjonen av investeringsvarer. Innanfor oljeplattformer har den eksisterande aktiviteten blitt noko utvida. Den var om lag 2 prosent lågare enn i same periode i fjor. Tilgangen på nye ordrar for oljeplattformer har hatt ein auke frå botnnoteringa i 4. kvartal 1998. Dette har likevel ikkje vore nok for ein auke i ordrereservane. Ein vidare nedgang i investeringsaktiviteten for år 2000 knytt til feltutbygging vil også virke negativt inn på aktiviteten i næringa.
Vekst i delar av industrien
Ein auke i den tradisjonelle vareeksporten gjennom det siste halve året har sikra delar av industrien ei positiv utvikling. Produksjonen av aluminium har auka med om lag 2 prosent i denne perioden. I februar i år var produksjonen om lag 5 prosent høgare enn i tilsvarande periode i fjor. Det har elles vore ein sesongjustert auke i nærings- og nytelsesmiddelindustrien på 1,1 prosent frå januar til februar i år. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av kjøtt og fiskevarer i høve til same periode i fjor.
Produksjonsindeksen for industrien. Februar 2000. Prosentvis endring |
Vekekorrigert1 | Sesongjustert | ||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar 1999-
februar 2000 |
Desember 1998-februar 1999-
desember 1999-februar 2000 |
Januar 1999-
februar 2000 |
Forrige 3 md. | ||||||||||||||||
Totalindeksen | 2,5 | 4,4 | 0,3 | 3,6 | |||||||||||||||
Olje- og gassutvinning | 6,4 | 7,4 | 4,1 | 4,2 | |||||||||||||||
Industri | -2,7 | -1,6 | -0,7 | 0,3 | |||||||||||||||
Kraftforsyning | 11,0 | 12,7 | 1,8 | 12,7 | |||||||||||||||
Etter varetype | |||||||||||||||||||
Innsatsvarer | -2,8 | -0,2 | -2,4 | 0,7 | |||||||||||||||
Investeringsvarer | -5,8 | -6,0 | -0,8 | -1,4 | |||||||||||||||
Konsumvarer | 0,0 | 0,5 | 1,3 | 0,8 | |||||||||||||||
Energivarer | 5,9 | 7,2 | 3,9 | 4,6 | |||||||||||||||
1 | Omrekna til standardmånad og korrigert for ulike tal arbeidsdagar per veke. |
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no